Gå til innhold
Arkivverket

[#36108] Johannes Ingebrigtson Suphammar, Leikanger - kvar frå?


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Tip-tip-oldemora mi, Turi Ambjørnsdtr Suphammar, sit som enkje på ein husmannsplass på Suphammar i 1801 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11419&gardpostnr=1&personpostnr=23&merk=23#ovre>Lenke.Eg går ut frå at det er mannen hennar eg finn skifte etter her Lenke men eg finn ikkje dødsfallet.Ved vigsla blir det hevda at han er frå Bøtun. (Fødselsåret her kan vi sjå vekk frå, fordi opplysninga ikkje finst i originalen - alle brudgommane er definerte til 30 år,og alle brurene til 20) LenkePå Familysearch finn eg tre interessante dåpsinnførsler for Johannes Ingebrigtson, men to av dei, ein i Leikanger og ein i Sogndal, finn eg i live i 1801. Den tredje, i Hafslo 1744, kan eg ikkje finne i fyrste omgang. Denne dåpen finn eg også på DA

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Brede

I Leikanger bygdebok (II) under Suphammer finner jeg følgende på side 3:Johannes Ingebriktson Bøtun g. 1772 m. Turid Arnbjørnsdtr. Verken, Grinde 130e (1745-1829)Barn:Ingebrikt 1771- d. ungArnbjørn 1775 - til Njøs 720Peder 1779-1855 ugiftJohannes 1784-1784Anna 1786 til Leikanger prestegard 70Plassfolk i Suphammerviki.Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes Ingebrigtson i Hafslo (1744-1794) var husmann i Øy under Marheim i Hafslo til han kring 1780 flytte til Bergen. Han var gift to gongar, men ikkje med noki Turi Ambjørnsdotter... Eg syner elles til tema #17930.So, diverre, det er ikkje denne Johannes heller som dukkar opp på Leikanger!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
  • 1 måned senere...
Gjest Aase R Sæther

Inspirert av framgangen i leitinga etter Lasse Ivarson Lenke tek eg opp att denne tråden også - det er no lagt ut eit sjeleregister for Leikanger 1760 på skanna kyrkjebøker, men der finn eg ikkje nokon Johannes Ingebrigtson. Han burde vere der, sidan han ikkje gifter seg før i november 1771 - viss han då er frå Leikanger. Gode idear vert mottekne med takk! Der er vel Bøtun i Fresvik også?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Suphellen ligg i Fjærland, forholdsvis langt unna Suphamar, så eg vil vel ikkje utan vidare knyte dei to namna saman. Men ein kan sjølvsagt aldri vite.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Aase R Sæther

Eg hentar dette temaet opp på nytt, fordi eg har studert sjeleregisterert for Leikanger litt nærare og funne ein Johannes IngeMOHRsen Njøs, 20 år. Femte linje nedanfrå, høgre side: LenkeSkrivefeil, samanblanding, same eller to ulike menn - ? Eg får leite litt rundt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Brede

Hei igjen!Et skudd i blinde:Under Bøtun i Leikanger bygdebok II side 498 finner jeg:230. Mari Johannesdatter Bøtun m. 'en Fremmed reisende Person' a. Johannes 1772-riktignok står det med spørsmålstegn at han finnes igjen som person nr 144 på Holum (Fresvik)Som person nr 144 under Holum (i samme bygdebok) side 460 finner jeg:Johannes Ivarson Sagi, ? Bøtun 230 a 1772 - gift 1796 med Brita Olsdatter Høgheim 7 barnHuslyden hadde plass på Sagi under Holum. Johannes konf. 1788.Ved sjekk i kirkebok kan en trolig finne ut om denne Johannes fra Bøtun (nr 230 a) er den samme som den som finnes under Holum (nr 144)Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg har no funne dåpen til Ingebrigt, eldste son til Johannes, i 1771 [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11567&idx_id=11567&uid=ny&idx_side=-4>Lenke Her står det at begge foreldra er frå Borlaug i Rinde sokn, utan at det fører meg så mykje lenger - for Turid sin del veit eg at dette berre er ei mellombels adresse, rett nok den same som ho er registrert under i Sjeleregisteret 1760

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Aase R Sæther

Ei innføring i 1766 KAN vere det tidlegaste sporet eg har etter Johannes Ingebrigtson - LenkeHer står ikkje noko bustadsadressenamn på han, men det er i alle fall i Rinde sokn. Eg har ikkje funne nokon annan med denne namnekombinasjonen der.Johannes ergrar meg - han er den som fører til at eg har 2 ukjende personar, altså foreldra hans, i 6. generasjon i anetreet mitt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Hoppet er inntil vidare utsett pga av denne mannen, Johannes Ingebrigtsson Stølen, død 61 år gammal 1811. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Sukk. Tilbake til start. Folketellinga 1801 Lenke viser at Johannes Ingebrigtson frå skiftet i 1785 lever i 1801, ugift, i teneste hos systera Brite på Bjørnetun.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Aase, no skal eg vera svært varsam med å påpeika det opplagte, men i tillegg til Bårlaug i Feios sokn, tidl. Leikanger, no Vik kommune), så har vi sjølvsagt Borlaug i Borgund sokn i Lærdal kommune. Så kanskje du skal retta blikket inst inn i indre Sogn? Garden Borlaug i Borgund ligg der ein køyrer av til Hemsedal gjennom Mørkedalen.Eg kan elles ikkje la vera å nemna ein kar som ætta frå Borlaug i Feios (Vik), nemleg den vidgjetne norsk-amerikanske planteforskaren/ plantefysiologen Norman Ernest Borlaug (f. 25.mars 1914 i Iowa - d. 12.september 2009 i Texas). Han fekk Nobels fredspris i 1970 for arbeidet sitt med å utvikla mais- og kornsortar som mangedobla avkastninga, og som dermed var til uvurderleg nytte i mange u-land.Norman Borlaug vart kjend som 'den grøne revolusjonens far' og det vert sagt at arbeidet hans med nye kornsortar hindra millionar av folk frå å svelta i hel. Men professor Norman Borlaug har vel kan hende ingenting med di ætt å gjera?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Til (19):Me kan vel uansett vera samde i at Norman E. Borlaug definitivt er den mest kjende agronomen som ættar frå Feios i Sogn :-))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Terje, takk for innspel, men i ei tid med adressenamn trur eg nok at Johannes Ingebrigtson Borlaug som er fadder på Borlaug i dåverande Leikanger ikkje har med seg dette namnet frå nokon annan stad. Og eg er nokså sikker på at denne mannen som er fadder i 1764 er 'min' mann, fordi Johannes Ingebrigtson Stølåsen på den tida knapt er konfirmert og dermed ikkje ville vere oppført som den fyrste kara-fadderen. Men så var det å finne han FØR det!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.