Gå til innhold
Arkivverket

[#36203] Lars Eriksen (Soge/Wenjum), f. 1757 smed - g.m. Synneva -Hafslo til Bergen 1796?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Lars Eriksen, døypt i Hafslo 9.1.1757, gifte seg i Hafslo 27.10.1781 med Synneva Larsdotter, døypt i Hafslo 27.12.1751. Lars og Synneva budde mellom anna på plassen Soge under garden Lad og på Venjeplassen under garden Venjum i Hafslo, men flytte kring 1796 til Bergen der me i 1801 finn dei busette i 23. rode nr. 94. Eg veit ikkje noko meir om lagnaden deira!?Men dei hadde i alle fall tre born som voks opp:* Lars Larsen, døypt i Hafslo 24.9.1784, var i 1804 i smedlære i Bergen! - ein smedsvein Lars Larsen gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 28.6.1812 med ei Karen Endresdotter og fekk ei dotter Severine Lorense, fødd i 23. rode nr. 75 i Krosskyrkjesokni i Bergen 14.12.1812. Truleg er denne Lars Larsen sonen til Lars og Synneva...?* Guri Larsdotter, døypt i Hafslo 16.4.1787, ukjend lagnad.* Anna Larsdotter, døypt i Hafslo 20.12.1789, ukjend lagnad.Eg er i første rekke på leiting etter dødsfalli til Lars og Synneva og fleire opplysningar om dei tre borni deira; eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Kan dette være dødsfallet til Lars? Han kaller seg riktignok Eriksen Hoxstad, men er tømmermand, død før 1824 og født 1756.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for interessante innlegg.Eg har studert innleggi, og eg er nokso sikker på at du har funne rette folki. Eg stussa på ættenamnet til Lars Eriksen, men bustaden stemmer jo ogso, så det må vera han!Men er det mogeleg å spora borni??Nok ein gong ein stor takk for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Kanskje der er en dødsmelding etter Lars eller kona som kan fortelle noe om etterkommerne. Anne og Guri er jo ganske så vanlige navn. Forøvrig registrerer jeg at Guri ikke bor med familien i 1801. Enten er hun død, eller hun er tjenestejente et sted i Bergen 14/15 år gammel. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Ein alt for sein, men like hjarteleg takk til Rune for desse gamle innleggi frå 2006 som eg ikkje har oppdaga før no då eg skal gjera ferdig denne huslyden.Problemet med Lars Larsen og kona Karen Endresdotter ser ut til å vera løyst, bortsett frå at opphavet til denne Karen Endresdotter framleis er ukjent. Men ho er huseigar i 1815, so kanskje pantebøkene for Bergen kan hjelpa oss, eller eit skifte... Eg vil leggja inn spørsmål om dette i arkivforum.Fødsli til Severine Lorense frå 1812 (Lenke) er skikkeleg spennande.. Mellom fadrane her er både Lars Erichsen, Gurine ERICHSDOTTER og Anna ERICHSDOTTER. Eg trur det er søstrene/døtrene Anna og Guri som her er nemnde, men som har feil farsnamn. Eg finn ikkje noki Guri(ne) Larsdotter gift i Bergen på denne tidi, og Anna Larsdotter er det altfor mange av.. Men ogso her vil eg freista eit spørsmål i arkivforum, for ogso Lars Erichsen var huseigar i 1815...Eller kanskje nokon har andre forslag til korleis me kan spora opp dei to døtrene Guri(ne) og Anna? Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.