Gå til innhold
Arkivverket

[#36205] Hans Ellefsen (f. Hafslo 1766), til Bergen 1776, levde myndig i 1795, men kvar?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hans Ellefson, døypt i Hafslo 2.8.1766 som eldste son av Ellef Pederson og Synneva Hansdotter. Huslyden flytte til Bergen kring 1776, og mori døydde der i 1788.I samband med eit skifte frå Hafslo frå 1795 får me vita at sonen Hans Ellefson var ''myndig'' og altso framleis levde, men eg har so langt ikkje greidd å finna han i FT1801.Ein Hans Ellefson gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 26.12.1792 med ei Anna Sophie Kaland. Hans er matros då dei får ei dotter Anna Marie, fødd i Krosskyrkja i Bergen 22.3.1793. Ymse kan tyda på at dette er mannen eg leiter etter, men kvar vart det i so fall av dei??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Rindedal

Hvordan passer etternavnet Ryberg ? Hans Ellingsen Ryberg, tømmermann og Anna Sofia Kaland døper en datter Synneve Oline i Nykirken i 1798, og disse 2 døtrene bor vel i 6.rode 67/68 hos besteforeldre i 1801 ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase og Svein for nye gode innlegg!Eg er ganske so overraska over at denne Hans Ellefson har kalla seg Ryberg, for etter å ha sett namnet på andre dotteri hans, Synneve Oline, er eg so å seia overtydd om at me her har å gjera med rett mann! Mor hans heitte jo Synneva!! Ryberg må vera eit ''teke'' namn!Men framleis er det eit mysterium kvar det vart av Hans og Anna Sophie? Kvifor er dei ikkje med borni deira i 1801? Og kva med dødsfalli deira?Elles må det vera Anna Sophie Olsdotter Kaland som vart døypt i Domkyrkja i Bergen 6.5.1774. Foreldri var møllarsvein Ole Pederson Kaland og kona Anna Marie Frick.Nok ein gong ein stor takk for framifrå hjelp so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase for kjempefine opplysningar! Eller for å seia det med folket der Hans døydde: ''nouvelles époustoufflantes''! Eg er rett og slett imponert!Då er problemet mitt på det næraste løyst. Det er vel i grunnen berre dødsfallet til Anna Sophie som manglar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Det er vel kanskje LITT sterkt å slå fast at matrosen i innlegg 10 er den rette, men veldig mykje stemmer. Korleis passar STRAND inn i biletet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nok ein gong ein stor takk til deg, Aase, for framifrå opplysningar! No har eg det eg treng om denne huslyden.Når det gjeld Hans Ellefsen og dei mange namni hans, har eg ingi forklaring på dei. Korkje Ryberg eller Strand er namn eg kjenner til, men stovehuset på den garden der dei budde før dei flytte til Bergen, låg ved strondi utanfor Marifjøra... Og eg føler det er so mange samanfallande opplysningar om han, at det knapt kan vera nokon annan!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.