Gå til innhold
Arkivverket

[#36272] Peder Bendikson Vangsnes, Balestrand (1785-1862) - kvar vart det av borni hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Peder Bendikson (1785-1862) og kona Anna Kirstine Hansdotter Bremer (1788-1840) var gardbrukarpar på Vangsnes i dåverande Balestrand.Eg saknar opplysningar om lagnadane til fleire av borni deira, særleg desse:* Amalia Pedersdotter, fødd i Balestrand 13.11.1817* Hans Pederson, fødd i Balestrand 20.2.1819* Jørgen (Georg) Fredrik Pederson, fødd i Balestrand 17.7.1824Er det nokon med lokal kunnskap som kjenner denne huslyden og som kan fortelja meg om desse tre søskeni? Eg vil tru dei er nemnde i den gamle utgåva av bygdeboki for Balestrand. Eg har berre den nye, og der er Vangsnes sokn teke bort etter at sokni vart lagd til Vik!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav J Ellingsen

Det står litt i Jon Laberg si bok om Balestrand: Per og Anna hadde borna: Amalie kom til Jordal i Fjærland, Tomas fekk garden etter faren, Fredrik vart gift med Brita Hansd. Mundal. Dei reiste til Amerika. Hans vart gift med Ingeborg Helged. Torsnes. Dei fekk plass under Torsnes. Bendik kjøpte bruk i Vetlestølen (Farnes). Johan døydde ugift i Bergen. Mvh Olav J Ellingsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Under husmenn på Jordal står det: 'Eirik Hansson var fødd på Vangsnes 1842.Mor hans var Amalie Persdtr Vangsnes, dotter til Per Pendikson (!) og Anna Bremer'.Han står her [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap&gardpostnr=73069&merk=73069#ovre>Lenkeog er gift her LenkeEirik overtok plassen på Jordal etter svigerfaren, og er allereie på plass der i 1865

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Litt om Hans (men Balestrandsboka må etast med litt meir salt enn vanleg) under plassen Nygjerdet, Torsnes:'Hans Vangsnes var fødd umlag 1819 og gifte seg med Ingeborg Helgedtr Kråkenes i 1843. Dei budde ei kort tid i Rauboten og kom so til Torsnes. Hans og kona fekk 3 born: Markus som reiste til Amerika, og Anna d.e. og Anna d.y. som båe kom til Vik',

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Aase for talrike og kjempegode innlegg! Dette var mykje meir enn eg hadde forestilt meg! Eg har jo fått svar på nesten alt som mangla. Og på toppen av det heile ser eg no korleis den tidlegare visepresidenten Walter Mondale ættar herifrå (Fredrik var vel oldebesten hans)!Det einaste som eg manglar no (i tillegg til nokre datoar frå Amerika), er følgjande to detaljar:* Dato og stad for dødsfallet til Ingeborg Helgesdotter (fødd 1816), ho som var gift med Hans Pederson på Torsnes?* Dato og stad for dødsfallet til Christi Lassesdotter (fødd 1819), ho som var gift med Thomas Pederson på Vangsnes (dette spørsmålet var ikkje teke med i børjingi...)?Eg takkar nok ein gong for storveges hjelp so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.