Gå til innhold
Arkivverket

[#36344] Johan Fredrik Wiig, gjestgjevar Marifjøra, Hafslo,Sogn 1775-1779 - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det vart i 1775 gjeve kongeleg løyve på gjestgjevarverksemd i Marifjøra i Hafslo, Sogn til:Johan Fredrik WIIGHan vart buande på plassen i fire år til han i 1779 glytte derifrå att. Me veit ikkje kven han var gift med, men dei fekk i alle fall ei dotter, medan dei budde her:* Olava Karine WIIG, døypt i Hafslo 29.3.1778Eg har søkt litt i Sogn og Fjordane og likeins i Bergen, men kan ikkje sjå nokon som høver med denne huslyden. Heller ikkje i FT1801 har eg funne nokon...Er det nokon i Brukarforum som dreg kjensel på desse namni og som kan fortelja meg både om opphav og lagnad?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Johan Fredrik Wiig var son av Nils Olsen Wiig, kremmar i Ulsteinvik og lensmann i Ulstein, og Gjertrud Johansdt Rødset. På skiftet etter faren i 1754 er Johan Fredrik oppgitt med alderen 5 år.I Herøy 1774 ekta Johan Fredrik Wiig Charlotte Abigael Iversdt Frøise (1748-1828). Han døydde i 1791. Wiig kjøpte bnr 1 av Moltu i Herøy 1779 av Otte Finde Reutz.Wiig og kona skal ha hatt 8 barn, m.a Olave Karine, f 1778. Paret har etterkommarar i familien Wiig i Bergen og Ålesund. Familien Schieldrop stammar fra sonen, skipskaptein Stevelin Schieldrop. Meir om Wiig i Rabben: Herøyboka, Gardar og folk III, s 231-238.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Bjørn for svært godt svar! Eg lyt nok lesa dei sidene i Herøy-boki for å få litt oversikt over denne huslyden og særleg borni til Johan Fredrik Wiig!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

På FamilySearch IGI finner jeg følgende barn.1. Giertrud Helene døpt på Herøy 28.10.1774 - død 22.01.17752. Nils Nicolai døpt 02.10.17823. Charlotte Abigael døpt 15.03.1788-død 05.10.17884. Johan Frederich døpt 11.01.1790Faren er oppført som Joan Moltu, Johan Wiig og Johan Fredrich Wiig og Johan Nilsen/Charlotte Iversen.Det er sikkert mulig å finne flere barn med litt leting på FamilySearch. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Heile barneflokken er gjengitt i Herøyboka, der det også er opplysningar om kor dei som levde opp fann vegen. Soga om denne Wiig- og Schieldropætta er svært interessant i sunnmørs- og ålesundssamanheng, men i sognasamanheng fortener ætta vel snautt meir enn ein fotnote, t.d: Johan Fredrik Wiig (c1749-92), gastgjevar i Marifjøra 1775-79, sjå Rabben: Herøyboka osv.Det interessante spørsmålet er sjølvsagt korfor den sunnmørske borgarsonen ei tid var gjestgivar i Sogn, korfor han kom og korfor han for (så snart)... Hadde han t.d samband med Melchior Falch på Amla?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Bjørn for nye spennande innlegg.Til Bjørn: Me har eit vedtak i Luster på at alle huslydane som har butt i kommunen i minst tre år, skal omtalast ''fullt ut'' i bygdebøkene våre. Difor er det òg turvande å samla inn ein del opplysningar om Johan Fredrik Wiig, kona hans og borni deira, med ektemakar.Elles er spørsmålet om kvifor Johan Fredrik Wiig kom til Hafslo og Marifjøra, svært so interessant! Melchior Wilhelmson Schjeldrup frå Norddalen budde på Rønnei i Luster på denne tidi, og det er berre ''eit steinkast'' unna. Men det kan òg ha samanhang med den føregåande gjestgjevaren i Marifjøra, Arent Storch, som eg fånyttes har etterlyst her i Brukarforum (sjå tema #33335). Arent Storch kan ha tilknytting til Storch-ætti i Nesna i Nordland, men forsvinn i 1775 utan å etterlata seg spor. Kan det ha vore eit til no ukjent samband mellom Arent Storch og Johan Fredrik Wiig?Ligg det forresten føre nøyaktige datoar for fødsel/dåp og dødsfall/gravferd for Johan Fredrik Wiig og kona Charlotte? Og fulle namn på foreldri til Charlotte?Nok ein ging ein stor takk for hjelpi so langt! Og er det nokon som ser samband mellom Johan Wiig og Arent Storch, ville det vera svært so interessant!!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Dahlstrøm

Johan Fr. Wiigs hustru Charlotte Abigael Iversdt Frøise (1748-1828) er tråden. På Rønne i indre Sogn bodde (halv)morbroren, proptieren Melchior Schielderup, f. 1718 d. 1801.Melchior var sønn av klokkeren Willum Mentzen Schielderup og hans 1. hustru Anne Helene Melciorsdatter Falch.Charlotte Abigael iversdtr. Frøise, f. 1748 var datter til Olave Willumsdatter Schielderup, som igjen var datter til klokkeren Willum M. Schielderup og hans 2. hustru Serina Helena Floberg.Slektskapet til godseieren på Ambla er litt fjernere. Olava Schielderup, mor til Charlotte Abigael Iversdtr. var (halv)tremening med Melchior Falch på Ambla.Mvh Kurt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Ja, eg kan ikkje hjelpe for at Luster kommune har vedtatt nær nevrotiske reglar for kor mykje folk som skal nemnast i bygdebøkene, men dette er i alle fall visst: Melchior Willumson Schielderup (1718-1801)var slett ikkje fra Norddal på Sunnmøre, men derimot son av klokkaren i Herøy (på Sunnmøre), Willum Mentzen Schielderup (1694-1745, eigentlig Darre), som budde på Flåvær, og, i ekteskap fra 1717, Anne Helene Falch (23 år gammal i 1716), datter av soknepresten i Herøy, Melchior Michelsen Falch, og kona Birgitte Steensdt Meldal. I 1720 ekta enkemannen Willum Schielderup Serine Helene Olsdt Floberg (-1778), heilt ukjent opphav, og førstebarnet deira, Olave Karine, kom til verda samme året; ho døydde i året 1800, så vidt eg har sett, og ho var vel mormora til Olave Karine, fødd 1778...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Dahlstrøm

Nokon nøyaktig dåpsdato får du hverken på Johan Fr. Wiig eller kona hans Charlotte Abigael Iversdatter. Då kirkeboka for Ulstein sokn brann opp og innføringa i kirkeboka for Herøy i denne perioden har store manglar.Charlotte Abigael Iversdatter Frøse var født omkr. 1752 (ikke 1748 som tidl. nevnt). I skiftet etter faren klokkaren Iver Jonsen Frøse på Fugleholmen, Herøy i 1766 er alderen oppgitt til 14 år. (Jmf. 1801 tellinga). Ho hadde bla. ei eldre søster, Ane Dorthe som var født 1749. Døpt i Rovde kyrkje 16 november 1749. Denne døde før 1766.'Sharlotta Fugleholm' vart konfirmert 23 oktober 1768 i Herøy kirke.1 juli 1774 vart 'Jomfrue Abigael Wiig' forlova med 'Monsr. Johan Friderich Wiig'. Dei vart vigde dagen etter, 2. juli 1774 i Herøy kirke.Mvh Kurt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Kurt og Bjørn for nye fine opplysningar.Eg må be om orsaking med omsyn til opphavet til Melchior Wilhelmson Schjeldrup på Rønnei i Luster (1718-1801), som forøvrig òg er mellom mine eigne forfedrar... Han var sjølvsagt frå Herøy. Det var dotteri Metta Marie Melchiorsdotter Schjeldrup som i ekteskap med Iver Høgh Krohn flytte til Norddalen! Eg må tilstå eg er dårleg kjend på Sunnmøre; berre ein einaste gong har eg køyrt frå Åheim til Molde..., via bygrensa(?) til Ålesund, og det må vel vera 15 år sidan! Det er kanskje på tide å ta ein tur att...?Forresten, når det gjeld Iver Johnson Frøise, far til Charlotte, so forstår eg det slik at han var barnefødd på Frøise i Sunnylven, men kva yrke og bustad hadde han i Herøy?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heisan, siste innlegget frå Kurt kom, medan eg skreiv mitt, so då fekk eg svar på spørsmålet mitt om yrke og bustad for Iver Frøise. Elles forstår eg av siste innlegg at kyrkjebøkene frå Herøy frå tidi kring 1750 må mangla...!Takk igjen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Var det forresten på Fugleholmen i Herøy at ogso klokkar Wilhelm Schjeldrup budde?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg ser av kyrkjeboki for Hafslo at ein ''Johannes Leirholen'' våren 1776 fekk ein son Ole. Eg har ikkje vore i stand til å plassera korkje Johannes eller Ole, men sidan gjestgjevariet i Marifjøra låg i Leirhola på den tidi, mistenkjer eg denne Johannes for å vera Johan Fredrik Wiig!? Hadde Johan ein son Ole fødd kring 1776 (som eventuelt vart konfirmert i Herøy)?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Dahlstrøm

Du misforstod meg, vi har kirkebok for Herøy frå denne tida. Men i åra 1751 og 1752 har presten nesten ikkje brukt pennen i boka.Der er ingen Ole av dette folket som vart konfirmert i Herøy.Har du sett tema nr: 34251Mvh Kurt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegg!Nei, eg var ikkje merksam på det andre tema om denne personen, men no har eg sjølv skrive meg inn der...Elles takkar eg for presiseringi om ein eventuell Ole. Då høyrer ikkje han til denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Per Nermo

(9/Dale:) Du skriver at Serine Helene Olsdatter Floberg (-1778) har 'heilt ukjent opphav'. Jeg har notert meg at hun skal være kusine av 'æhrdydige madamselle Rebecca Clausdatter Urbye' f.1690, g. 21 Jan 1716 i Trondheim Domkirke med hytteskriver på Svorkmo, Jens Jenssen Kielstrup (1670-1736). Han var muligens også hyttemester på Røros. Og Floberg er vel et Røros-navn ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Jarl Runde

Og kanskje enda nokre fleire skifte som er interessante i denne samanhengen. Har ikkje høve til å studere på det akkurat no. Helsing HJR

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

(18:) I skiftet i 1792 er nevnt flg. 6 barn: 1. Niels Nicolai, 10 år, 2. Stevelin Schielderup, 7 år , 3. Johan Frederik, 3 år, 4. Giertrud Hellena, 17 år , 5. Olava Carine, 14 år, 6. Nille Iverine, 13 år.Hvilke to barn er det som dermed ikke er nevnt, dvs. som da vel er døde (og barnløse) før 12 Sep 1792 ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.