Gå til innhold
Arkivverket

[#36901] Sanatorium i Lærdal i Sogn? - eller i Vang i Valdres?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes ''John'' Henrikson Sviggum, fødd i Hafslo i Sogn 3.3.1879, utvandra til Amerika i 1909 og arbeidde som kòllempar i Brookings, SD til han, truleg p.g.a. sjuksom, kom attende til Noreg kring 1921. Kona var frå Lillehammer, og parfolket busette seg der, men Johannes vart, ifølgje etterkomarar, sjuk (TB?) og skal ha vorte send til ''eit sanatorium i Lærdal'' der han døydde sommaren 1926!Dødsfallet hans er ikkje innført i kyrkjebøker korkje i Lærdal/Borgund eller på Lillehammer/Fåberg.Kva med pasientlister frå dette sanatoriet i Lærdal?Eller kan det tenkjast at sanatoriet låg i Vang i Valdres, sidan den staden sokna til same distrikt som Lillehammer??Eg vonar på ei avklaring av dette problemet...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Jarl Runde

Kva med Tonsåsen i Valdres? Veit ikkje akkurat kvar det er i Valdres men i 1926 brann storparten av anlegget ned og berre to bygningar sto att. Eigedomen vart då teken i bruk som barnesanatorium.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Harald Jarl for eit godt tips! Dette skal eg følgja opp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.