Gå til innhold
Arkivverket

[#36971] Oppslag i bygdebok for Mo sokn(Modalen) Hordaland.


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Olav J. Ellingsen

I gards- og ættesoga for Modalen står det under Klubben, plass under bruk 3 Otterstad: Knut Andersson Sekkenes f. 1855, g. 1878 m. Inga Olavsdtr. Farestveit, br. 1, f. 1848. To born på Otterstad: a) Marta f. 1880, b) Anders f. 1882. Knut var smed.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk skal du ha!! Så det står ingen ting om kva som skjedde i Amerika, kanskje det ikkje var kontakt med dei etter dei for?Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg prøver igjen, den historien eg har høyrt frå Amerika er så spesiell(og forferdeleg) at det er merkeleg at den ikkje har blitt registrert her.Men kanskje det vart _for_ 'tøtsji' å nemna i ei bygdebok.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marit Rambjør

Hei Mariann!Eg ser at datera Marie/ Marte 1878 er født i Valsvik, Vik i Sogn. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap&gardpostnr=37646&merk=37646#ovre>LenkeKan ikkje sjå at familien er omtalt i ”Gards og Ættesoga, hefte 4”. Så dei har nok budd der relativt kort tid. Men kanskje dei står om talt i boka ” Ein stad skal ein vera” av Rasmus Sunde,som omhandlar utflyttarane frå Vik til Amerika. Eller att det er mulig å finna dei gjennom søster til Knut, Inga f. 1857,som flytta til Vik i 1874 og vidare til USA i 1883. I følgje Modalsboka. Det kan vera ho som reiser her

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk for respons :-)Jaha, så det var ei dotter til! Det er ei til med dei iflg. utreiste frå Bergen(sjå lenke i fyrste innlegget).Men i scanna krk. bok s.97 over utflytta frå Mo(Hosanger)1882, er det berre Marta f.1880 som er nemnd..dette var merkeleg!Eg har funne at dei brukte Moe i USA, men på utreisa står det Helleland(sannsynlegvis Helland)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marit Rambjør

Den Marte som med fødselsår 1879 og født i Vik i lekkja i innlegg 1.Er nok den same jenta som ved fødselen i Vik heiter Marie og f. 23/11-1878. Det er det einaste barne eg finn av dette paret i Vik. Og dei flytta til Otterstad ca 2 år etter fødselen i Vik. Kansje dei har budde på N. Helland ei tid også. Dei får festesedel på plassen “Klubben” under Otterstad i 1880 Og då til Knut Andersen NEDRE HELLAND og kona Inga Olavsdtr., dato ikkje oppgitt.Det står også i Modalsboka at i 1875 budde Knut på Vossevangen og var smed. Men han var “tilreisande søn” i Snekkenest., ved teljinga i 1875.MVH Marit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takkar så mykje!!Det bekreftar familiehistorien at det er enno ei jente, og det var kjempeflott å få det bevist.Men det var no litt merkeleg at ho ikkje er med i presten sine noteringar. Eg trudde faktisk at det var den som skreiv ned namn og rykte til dei som reiste 'over dammen' som hadde gjort ein feil, og registrert den fyrste Martha saman med Knut og Inga.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.