Gå til innhold
Arkivverket

[#36974] Hr. Jonas Lind - kontrafei i Dorothea Audunsdtr 1679


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

I eit skifte etter Dorothea Audunsdatter i 1679 fekk enkemannen Johan Ben et kontrafei av Hr. Jonas Lind.Dorothea Audunsdatter er eldste kjente datter av Audun Aagesen på Reknes i hans første ekteskap, med andre ord av Aspa-slekt.Men kven er Hr. Jonas Lind?Også i eit anna arveskifte i Romsdal kan ein finne namnet Lind nemnt.I skiftet etter Hr. Erik Pedersen Leganger til Veøy 18/10 1740 er det registrert ei sølvkanne inskr. Laurent Samuelsen Lind og Margaret Joh. Datt. vegt 78 Lod og verdsett til 39 Rdlr.I likhet med Jonas Lind, finn eg heller ikkje kven Laurent og Margaret er. Kan nokon hjelpe?Eg ser jo at det i prestehistoria til NST står ein biografi om Hr. Mogens Lauridsen Lind sogneprest til Holt, ca. 1633-1695.LenkeMen om det kan vere noko samband veit eg ikkje. Margrete kan etter prestehistoria på NST sine heimesider ikkje vere mor til Mogens - det skal vere Barbara Hansdatter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Ved en tilfeldighet ser jeg i Romerike ættehistorielags Årbok I s 55 at Gjøding i Hurdal blir solgt ved skjøte 18.3.1778 tingl 17.juli s.å. til hr. Erik Leganger, uten at det kanskje har noen oppklaringsverdi til selve spørsmålet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Takk for opplysningen Osvald!Alle opplysningar om denne familien er av interesse - mange bekker små .... :=) Skal tru kva for Hr. Erik Leganger dette er - Hr. Erik Pedersen Leganger til Veø døde jo 1740.?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Jonas Lind (deponerte 7. juni 1655 fra Fredriksberg) var residerande kapellan i Vanylven på Sunnmøre 1664-68 (døydde 1668); før den tid hadde han vore kapellan i Tingvoll og sidan hos Hans Hellekande, sokneprest i Herøy. Han var son av Oluf Jonson Lind, prest i Vanylven til 1664. Etter Lampe si preste- og bispesoge var Jonas Lind 'gift med en Kvinde fra Romsdalen, der overlevede ham'. Ikkje spør kva kona heitte, for det veit eg ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Hvis det er så at Jonas Lind var gift med ei romsdalskvinne er det kanskje naturleg at han var gift med nokon i kretsen rundt Dorothea Audunsdatter [Widerøe]sidan ho hadde eit portrett av ham. Det kan ikkje vere nokon av halvsøstrane hennar, dei er for unge.Ei annan tilknyting kan jo vere at Dorotheas morslektbur på Tingvoll, og der var visstnok Jonas også.Namnet Jonas kan ein finne blandt Elisabeth Audunsdatter og Jacob Ravns etterkommarar. Det er fleire ved namn Lind som er knytt til området rundt Reknes i Molde.Trondhjem 19/4 1719: Hans Henriksen Lind selger til til Msr. Jacob Johansen Schultz sin Part i Laugespladsen som paa Skiftet efter sal. Mette Laugesdttr. blev vurderet for 120 Rdlr. - en Part var udlagt for Gjeld til Cammerassessor Peter Høyer, som 2/10 1720 sælger den til Jacob Johansen Schultz og en 3. Part udlagt udj Arv til Mons. Mathias Lorentzen, som sælger den til Raadmann Lorentz Hansen Holst, der sælger til samme Schultz.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.