Gå til innhold
Arkivverket

[#37317] Iver Larsson Lie, f. 1850, fiskar og bakar i Adamsviki i Vågan - lagnaden hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Iver Larsson Lie, fødd i Hafslo (Luster) i Sogn 12.10.1850, flytte først til Rørdal i Gulen og so til Risholmen i Brønnløy, der han visstnok gjekk i bakarlære. So gifte han seg i Vågan 26.10.1896 med enkja Gurine Dorthea Martinussen, fødd på Bø i Steigen kring 1850 som dotter av ein Martinus Hansson. Ho hadde før vore gift med ein Jørgen A. Jacobson frå Vågan og hadde butt på Nøtøya, Hatvik i Vågan. Iver Lie var fiskar og bakar og er nemnd huseigar på Skråven i Vågan, men budde ved hundreårsskiftet under Adamsviken i Vågan. Gurine hadde minst tre born frå første ekteskapet, medan Iver og ho nok var barnlause.Eg har vore på leiting etter fleire detaljar om desse folki, men har ikkje lukkast, so no vonar eg at det finst lokalkjende personar i Brukarforum som kan hjelpa meg?Eg er særskild interessert i følgjande:* Dato og stad for dødsfalli til Iver Lie og kona Gurine i Vågan?* Fødselsdato for Gurine i Steigen (1850) og fulle namn på foreldri hennar?Eg vonar på det beste og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg seier meg lei for prentefeilen. Det skal sjølvsagt vera Brønnøy.Eg vonar framleis at einkvan dreg kjensel på denne huslyden...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Mathisen

HeiRisholmen lå under gården Stein på Sømna, og jeg ser losjerende 'Bagersvend' Iver Larsen der i 1875. Han nevnes å være f. 1850 'Havrslo Sogn Havrslo Pr'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.