Gå til innhold
Arkivverket

[#37370] Tyding av latinsk i krk.bok frå Hosanger 1750-1793(døpte) og 1750-1815(vigde)


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Takkar så mykje!!Eg forsøkte meg på Dage igår kveld, det forstod eg dårleg(er sannsynlegvis tregare enn dei fleste men slik vart det.... :-), Bauer var enklare synst eg.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Er det nokon som veit kva dette tyder? Fest Asc osv..Har sett på Bauer, men finn ikkje noko som liknar eingong, Dage har eg lasta ned, men eg skjønar meg ikkje på det.LenkeVenleg helsing Mariann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (5): Spørs kva du meiner med 'Bauer'. Det er ei bok med fire delar. Dersom du hadde sett i den delen med ordforklaringar (og visst at 'Xti' er ei vanleg forkorting for 'Kristi'), ville du funne svaret der.I 'Dage' kan du skrive inn 'Asc' i det øvste feltet, så får du ei liste over dagnamn som byrjar med desse bokstavane - mellom andre 'Ascensio Christi'. Klikk på dette, og du får forklaringa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk til dykk begge! Til Geirr for direkte hjelp, og til Ivar for god forklaring på korleis eg kan forstå desse hjelpemidla :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg prøver meg med eit nytt spørsmål: er det nokon som klarar å lesa kva som står i krk. bok for Hosanger, Hord (1793-1811). dette gjeld begravede 1804, det er på venstre side til venstre, (eller rubrikk nr.3 om du vil) nr.22.Personen er Brita Knudstr. Strømme, men kva er begravelsesdagen? Dom....Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

'Dom. Vta a Paschate', 5. sundag e. påske.Innførsla før er 'Dom 4to a Pascate' og den etter er 'Ascentionix' (himmelfart).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Temaet i denne tråden endrar seg stadig :-)Kva dato er det som står før namnet Anna (nr.16) ...Augusti, enten 7.-14.-21.? Dette gjeld døypte i Hosanger Hordaland (1793-1811) i år 1808.Venleg helsing

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk igjen, du er trofast :-))Eg og tenkte på 1ste, men då eg såg i kalenderen så er det ingen søndag 1ste...difor skreiv eg desse datoane som er søndagane. Døypte dei andre dagar enn søndagar?Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Ja, dei døypte andre dagar enn sundag. Hovudregelen var dåp ved/etter gudstenesta; men kom det eit dåpsfølgje på måndagen (som her), kunne presten ta dei med i kyrkja og utføre handlinga -eller evt. gjere det i prestegarden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.