Gå til innhold
Arkivverket

[#37447] Kven var Hrr Peter i Edøy


Gjest Leiv Magne Apelseth
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Til Karin, innlegg 72.I ein artikkel av Henning Sollid i NST II (trur eg); Ænesætten og Galtungerne, nemner Sollid også litt om Hatteberg. Garden kom etter kvart i hendene på den ikkje heilt ukjende Magdalena Olavsdotter (Bagge). Ho var etterkomar etter Sigrid Gunnardotter Kane som fekk garden av morbror sin i 1412. I følgje Sollid, så hadde Sigrid Gunnarsdotter Kane og mannen, Her Svale Jonsson Smør, ei dotter som heitte Bothilda gift med Her Peder Karlsson, ridder og riksråd. Det var Bothilda som fekk Hatteberg. Dei to sistnemnde hadde dotra Anna g.m. Olav Bagge. Dette var foreldra til til 'den steinrike' Magdalena Olavsdotter Bagge (d.1547). Etter sistnemnde vart det som kjend eit langdrygt arveskifte.I tillegg til Bothilda hadde Svale Jonsson og Sigrid Gannarsdotter Kane også sonen Jon Svalesson Smør (døydde utan born), samt dotra Inga Svalesdotter. Sistnemnde var gift med Her Guttorm Eyvindsson til Hananger, ridder og riksråd nemnd mellom 1420 og 1450. Inga og Guttorm hadde sonen, Olav Guttormsson til Hananger. Han gifte seg med Ingegerd Erlendsdotter av Losna som vi har vorte kjend med frå før. Det var ho som i ekteskap nr. 2 vart gift med Arald Nicolasson Kane (sjå m.a. innlegg 58 i denne tråden). Olav Guttormsson døydde utan born i 1485 og vart arva av morsøstra Bothilda Svalesdotter som levde endå. Ho fekk då m.a. Hananger på Lister. Imidlertid fekk Ingegerd behalda godset til sin død, da det fall attende til Bothildas arvingar.Så attende til Hatteberg. Framleis i følgje Sollid, så hadde Magdalena Olavdotter Bagge disposisjonsrett over både Hananger og Hattestad. Hananger gav ho bort til si 'kjære frenke Adelus Trondsdotter Benkestok (1540), medan ho alt i 1535 hadde gjeve bort Hatteberg til ein fjern slektning, nemleg Anne Vincentsdotter Lunge. Nils Henriksson (Gyldenløve) var morfar til Anne og Nils var igjen son til Eline Nilsdotter Kane (søster til Gaute Nilsson til Strøm på Nordmøre og Arald Nilsson som vart ihelslege av Sunnmøringane).Etter dette går eg ut frå at samnhengen er heilt klårt for alle lesarane av denne tråden!!! Elles må det understrekast at heile innhaldet i innlegget er henta frå artikkelen til Sollid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Are S. Gustavsen

Finn:Tror nok ikke at Arild Kane skal være noen Nilsson/Nikulasson. :-) Prøv heller å plassere ham som sønn av Otte Kane.mvh Are

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Are (77)Otte Kane er vel rekna som son til Toralde Gunnarsson om eg ikkje har misforstått. Kva er då kjelda som seier at Arild var son til Otte.Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Are S. Gustavsen

Finn:Ta en titt på kildene som nevner Anne og Otilie Ottesdøtre (og/eller deres ektemenn)på slutten av 1490-tallet. Men som Lars Løberg har nevnt, Kane-ætten trenger sårt en artikkel, og disse spørsmålene kunne vi jo ha diskutert i samle-tråden jeg startet i går morges. Are

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Det er vel ingen kilde som i klartekst sier at Arald eller Arild var Ottes sønn. Men Ottes to døtre Anne og Ottilie var de nærmeste arvinger etter Arild Kane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til Are (79)Ja, det var da også meininga mi å drøfta Kane-spørsmål under samletråden din, skjønt den verka jo både litt tidsmessig og geografisk avgrensa. Arild Kane var da også berre ein biperson i innlegget mitt, som først og fremst skulle gje Karin eit svar på korleis Hatteberg gjennom arv og gåver hamna hos Anne Vincentdotter Lunge. Eg er då heller ikkje nokon ekspert på Kaneslekta og må få det meste frå grunnen slik i starten. Saknar i grunnen ein kort oversikt over kjent kunnskap, samt dei viktigaste kjeldene i førsteinnlegget.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Are S. Gustavsen

Tore har rett! Det er ingen kilde som i klartekst sier at Arild Kane var sønn av Otte, og som de fleste andre middelaldergenealogiske spørsmål, må også dette drøftes, da helst i artikkelsform.Til Finn (81): Kort oversikt over kjent kunnskap er kanskje verre å få til. Vi kan fortsette i den andre tråden.mvh Are

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg viser til mine eigne innlegg nr. 48 og 66 m.fl. vedrørande dei gardane i Surnadal som eg meiner stammar frå Ingeborg Petersdotter på Hustad. Dette godset må vera det same som også dette brevet gjeld Lenke Erik Rosenkrantz m.fl. åtte vel også ei tid Kanegodset (før Peder Griis?). Men korleis kunne dei ha rett til dette godset som, etter det eg kan forstå, var ein del av arven etter Junker Hans Sigurdsson og som Ingegerd Erlendsdotter fekk ved dette arveskiftet.Eg lurar på nokon kan forklara korleis dette gjekk til. At Erik Rosenkrantz fekk hand om godset ser ut til å vera rett, då alle (dei fleste) dei aktuelle gardane låg til Kanestrøm i 1626.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Lars for den avklaringa.Eg har ein mistanke om at eg har gått meg litt vill i adelen og adelsnamn knytt til Kanestrøm utover 15- og 1600-talet. Eg blanda vel saman Erik Gyllenhorn og Erik Rosenkrantz, og den siste var vel aldri eigar av Kanestrøm og Kanegodset på Nordmøre. Riktignok var det ein Rosenkrantz som åtte Kanestrøm ein kort periode, men det var sist på 1600-talet i følgje Roaldset (1993).Roaldset hevdar også at Kanestrøm og Kanegodset kom frå riksråd og riddar Gaute Eriksson (Galtung) til Kaneætta. Han hevdar at Gaute åtte Kanestrøm i åra 1401-1404. Er det nokon som kjenner kjelda til denne påstanden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Korleis kom arveluten til Ingeborg Petersdotter (1380-åra?) på Husstad til Rantzowerane (1626)?Eg skal i dette innlegget prøve å gje svar på korleis det som truleg var farsarven til Ingeborg på Hustad, i 1626 var i eiga til Rantzowerane. Ingegerd Erlendsdotter som er omtala fleire gonger i denne tråden, var av Losna-ætta og dotter til Hr. Erlend Eindridesson og kona Gudrun Olavsdotter. Den siste skal vera dotter til riddar og riksråd, Olav Håkonsson og kone Ingeborg Jonsdotter. Sistnemnde var syster til drottsen Sigurd Jonsson og slik av Giskeætt. På den måten vart Gudrun søskenborn til junker Hans Sigurdsson. Slik var det at Ingegerd og systra, Sigrid Erlendsdøtre fekk hand om noko av arven etter Hans. Ervingane til Ingeborg Petersdotter hadde seld jordegodset etter henne til Giskeherrane som vi hugsar.Mellom alt det godset som Ingegerd Erlendsdotter arva etter junker Hans, var også jordegodset etter Ingeborg, som i hovudsak låg i Surnadal på Nordmøre. Ingegerd døydde utan born i 1526, og etterkomarar etter systra hennar, Sigrid Erlendsdotter vart sitjande med arven etter Ingegerd etter langvarige strid.Sigrid Erlendsdotter (av Losna) vart gift med Bo Flemming til Nesøya i Asker og lensherre på Akershus. Sigrid hadde ei dotter, Margrethe som vart gift med den danske adelsmannen Holger Eriksson Rosenkrantz. Denne Holger hadde sonen, Otto som igjen var far til den tidlegare omtala Erik Rosenkrantz m.fl. Det var denne Erik som gjorde krav på prebendegodset etter Ingegerd (nordmørsgodset etter Ingeborg på Husstad). Elles var det også den same Erik som bygde Rosenkrantztårnet på Bergenhus.Erik Rosenkrantz hadde ei dotter, Sophie som vart gift med Brede Rantzeau (Rantzow) og det var arvingane etter desse to som står som eigarar av heile Kanestrømgodset, inkludert godset etter Ingeborg Petersdotter i 1626. Korleis det har seg at arvingane etter Brede Rantzow og Sophie Rosenkrantz eig Surnadalsgodset skulle dermed vera avklara, men korleis dei også har fått tak i det opphavlege Kanestrømsgodset i 1625 veit eg ikkje.Det meste av dette innlegget er tufta på framstillingar i; Losnegård, G. et al 2003. Riddarane av Losna. Innlegget er ikkje tenkt å tilføra noko nytt, berre klårleggja samanhengar. Om nokon av desse opplysningane er omstridde, så kom gjerne med tilsvar og korrigeringar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Bjørn Jonson Dale

Sverige. Sjekk kilda til diplomet i Regesta Norvegica.Bjarne Erlingson d.y, son til Erling Vidkunson, skal ellers ha fått Edö i len av svenskekongen kring 1340.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Bjørn 87, ja det har du rett i. Eg gjorde ei kortsluttning der. Eg var vel innom det same i Erlend Serksson debatten, trur eg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Finn Oldervik

Kanegodset på Møre:I debatten om Herr Peter i Edøy hadde Tore Vigerust følgjande innlegg;”Her er en inførsel, som med ulik ortografi finnes i flere forskjellige norske våpenbøker i København: Gude Kane Ridder Norges Riges Raad 1450 Hvitfeld pag 1316. Hans Sön var Hr. Niels Kane Ridder 1444 eyede Strömstadgaard paa Normöer, hvorunder hörte Schedswold og Sandvig, med Horn (?) Saugmölle og Magnildberg Laxefang, i alt 8½ Spand og böndergods 15 Spand, om ham see Hvitfeld pag. 834. Hans Sönner 1, Gude Kane Norriges Riges Raad 1483. Hvitfeld pag 965. 2, Arved Kanne Norriges Riges Raad 1489 Hvitfeld pag 999. Kirsten Kane * Peder Griis til Hyvisholm, Lehnsmand paa Bradsberg. Karen Kane til Kambow, förte det lidet ovenstaaende Vaaben * Oluf Galde til Tomb [yngre hånd:] Danmark Riges Raad. Strømstadgård må være = Kanestrøm”Etter dette var Kanegodset den gongen på 23 ½ spann, mao. ikkje noko kjempegods akkurat, men greitt nok for ein sætesgard.I 1647 hadde vi desse tilhøva; Det var då Jens Ågesson Bjelke som styrte Kanegodset på Møre. Han rådde over følgjande gardar der:I Romsdals åtting 5 gardar, Nes, Marstein, Slettli og Slette, 1 gard i Sunds åtting, nemleg Brunvoll, samt 1 gard i Rødven åtting, nemleg Ytre Siem. Både Rosenkrantzene og Giske hadde eigedomar i dei same områda.På Nordmøre hadde Kanslaren (til Strøm el. Canastrøm som det stod) desse gardane:Bjerkestrand på Frei; 1 sp.Grimstad i Tingvoll 2 sp (oppsitjarane åtte 1 sp. til saman)Strømsvåg I Tingvoll 1 ½ sp.Liabø i Tingvoll ½ sp.Høvik i Aure ½ sp.Til saman er ikkje dette meir enn 5 ½ sp, men kanskje var Romsdalsgodset med også? I alle tilfelle var ikkje dette gardar som låg direkte under Kanestrøm og slik var skattefrie. Kanane åtte også 3 laksevorper på Nordmøre, ganske verdfulle eigedomar på den tida.No hadde det seg slik at det er mange gardar som ikkje er med i denne oversikta fordi dei var rekna å høyre til sjølve sætesgarden, Strøm eller Kanestrøm og dermed var skattefrie og ikkje nemnd i skattematrikkelen for 1647. Dei gardane dette galdt var;Mørkedal ca 2 øre (stipulert)Magnhildberget ca 1 øre (stipulert)Li ca 2 øre (stipulert)Hals ca 1 sp. (stipulert)Hønsvik 1 sp. 1 øre 16 m.l.Rakstong ca 1 sp. (stipulert)RingenYtre Jordal ca ½ øre (stipulert)Biren (Indre Jordal) ca ½ øre (stipulert)Fløystad ca 1 ½ sp (stipulert)Kamsvågen ca 2 øre (stipulert)Vatn ca 1 ½ øre (stipulert)Kanestrøm ca 5 sp (stipulert)Det siste vert ca 12 ½ sp.Det er altså dette her som er det eigentlege Kanegodset på Nordmøre, ikkje Rantzow-godset som eg feilaktig kom til å tru.For å illustrera litt storleiken på den siste garden, så kan ein melda at ved eit skifte i 1688, vart det nemnd 10 hestar, 71 storfe, 63 småfe og 7 svin. Dette var noko heilt anna enn ein gjennomsnittleg Nordmørsgard på den tida. I 1723 vert Kanestrøm omtala saman med Sandvig og Skeidsvoll, og dette stemmer som ein ser med sitatet til Tore (sjå først i innlegget!).Jens Ågesson Bjelke var gift med Sofie Henriksdotter Brochenhuus og det var ho som hadde med seg Kanegodset inn i buet til Bjelke. Henrik Brochenhuus skulle vera bror til Erik Brochenhus som visstnok skreiv seg til Strøm i 1578. Mor til dei to brørne var Kirsten Eriksdotter Gyldenhorn, som igjen var dotter til Peder Griis. Den siste var gift med Kirsten Kane, alt i følgje Ottar Roaldset i B II av Gards- og ættesoge for Straumsnes (1993).Ein kan jo også nemna at ein Børge Rosenkrantz lyste odelsretten sin til Kanegodset i 1711.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.