Gå til innhold
Arkivverket

[#37603] Trond Joranger (1858-1911), kyrkjesongar/lærar i Strusshavn, Askøy - borni hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Trond Einerson Joranger (1858-1911) og kona Britha Sjursdotter Lie (1860-1929) flytte kring 1895 til Follese på Askøy og sidan vidare(?) til Strusshavn på Askøy.Eg har dei opplysningane eg treng om Trond og Britha, men eg manglar ein del fakta om fleire av borni deira, m.a.:* Kari Trondsdotter Joranger, fødd i Hafslo 2.3.1891, døydde ugift i Bergen 28.3.1974. Kari skal ha vore kjøpmann på Strusshavn, og eg lurer på kva slag kjøpmann ho var (kva bransje)?* Johannes Trondson Joranger, fødd på Askøy 24.8.1897, døydde 13.6.1975, uvisst kvar. Eg veit ikkje noko om lagnaden til Johannes - yrke - bustad - eventuelt giftarmål?* Borghild Trondsdotter Joranger, fødd på Askøy 4.2.1900, veit eg ingenting om lagnaden til?* Adolf Andreas Trondson Joranger, fødd på Askøy i 1903, døydde på Follese på Askøy 11.11.1903. Eg manglar fødselsdatoen hans?Eg vonar at einkvan er lokalkjend eller har tilgjenge til lokale kjelder som kan bidra med fleire opplysningar om denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Her er vel Adolfs dødsfall i 1903 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=ASKOYDOD&gardpostnr=10058&merk=10058#ovre>Lenke. For å sjekke hans fødselsdato, gå til de skannede kirkebøkene i DA, ministerialbok for Askøy 1899-1905, levende fødte 1903, s. 53, barn nr. 33.Og her er vel farens dødsfall i 1911 LenkeHer er familien i 1900-tellingen Lenke Den ene sønnen, Sigurd, f. 1894 i Østre Aker, dør i 1918

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for ''eliminasjon'' av siste spørsmålet mitt. Eg var inn og kikka på oversiklten over skanna kyrkjebøker, men det var FØR eg vart merksam på Adolf Andreas. Han oppdaga eg først etterpå då eg sjekka ut databasen for dødsfalli... Min feil!So vonar eg framleis på hjelp til å løysa dei andre spørsmåli...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Signe Marie Solheim

Dette er ein litt 'gammal' tråd, så du har kan hende fått svar no. Viss ikkje, så kan eg sikkert finne dei svara du manglar. Kari (Kaja) dreiv landhandel i Strusshamn. Johannes døydde på Askøy i 1975. Meir om han kan eg sikkert finne ut. Borghild døydde på Askøy i 1987. Elles var det kanskje Trond og Brita sin son, Lars f 19.05 1896, som gjorde seg mest bemerka her ute. Han dreiv landhandel saman med søstra i Strusshamn. Han var lærar og bibliotekar. Kan som sagt finna meir ved å spørre folk dersom du treng det. Mvh Signe Marie Solheim

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Signe Marie for spennande innlegg. Nei, eg har ikkje fått noko meir respons på desse spørsmåli mine, so eg er svært interessert i fleire opplysningar! Særleg lurer eg på:* Johannes Joranger - død Askøy 1975 - kvar på Askøy døydde han?* Kvar på Askøy budde Johannes, og kva yrke hadde han?* Var Johannes Joranger gift? Namn m.m. på kona hans?* Borghild Joranger - død Askøy 1987 - kvar på Askøy døydde ho? - Nøyaktig dødsdato?* Kvar på Askøy budde Borghild, og kva yrke hadde ho?* Var Borghild Joranger gift? Namn m.m. på mann hennar?* Broren Einar Joranger skal ha vore kjøpmann på Laksevåg - kvar på Laksevåg budde han, og kva slag handel dreiv han?Eg takkar nok ein gong for innlegget ditt, Signe Marie, og vonar på det beste...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Her er gravstøtten til Johannes Joranger, men dessverre bare med årstall.[url="http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=88553>LenkeDet samme gjelder gravstøtten til Borghild og Kari.Lenke Her er gravstøtten til Einar, Petra og Per Egil Joranger på Nygård gravplass.Avskrift av kirkebok for Askøy viser at Adolf Andreas Joranger ble født på Follesø 23.05 og døpt 05.07.1903, hjemmedøpt 26.05.1903. Foreldrene var Trond Einarsen Joranger Follesø og hustru Brita Sjursdtr.Samme paret fikk også en datter Thea Bergitte født 26.08 og døpt 22.09.1901 på Follesø. Hun dør som butikkjomfru 09.07.1920 i Strudshavn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg ser nå at jeg glemte å legge inn lenken ril Einar Jorangers gravstøtte på Nygård gravplass. Her kommer den.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for spennande innlegg. Diverre er det mange som utelatar datoar både på gravstøtter og elles, men desse støttene synest stadfesta at både Borghild og Johannes var ugifte; so veit me i alle fall det!So får me vona at svari ogso på dei andre spørsmåli vil dukka opp etter kvart...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Signe Marie Solheim

Her kjem det eg har klart å finne ut:Johannes Joranger var ikkje gift. Veit ikkje sikkert kvar han budde, men det må ha vore sør på Askøy Strusshamn, Follese, Kleppestø sidan har er gravlagd i Strusshamn.Borghild Joranger budde saman med søstra Kaja (Kari) i andre etasje over butikken. Butikken låg sentralt i Strusshamn. Borghild var ikkje gift. Det var ho og Kaja som dreiv butikken i lag.Einar veit eg ikkje meir om enn det som står på gravstøtta.Lars Joranger var gift med Rebekka. Dei hadde to born: Torleif og Svanhild. Torleif var ikkje gift. Han døydde i 2005 (2004?). Svanhild lever, men eg veit ikkje kvar ho bur. Ho har barn.Olav Lerø på Follese kan kanskje hjelpe deg med resten. Han bur på Follese og driv med slektgransking. E-post: o-leroe@frisurf.no Dersom du tek kontakt med han, så får du helse frå meg :)Mvh Signe Marie Solheim

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.