Gå til innhold
Arkivverket

[#37611] Jorna Albrigtsdotter, enkje i Hafslo 1739 - kvar kan ho ha namni sine ifrå?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det vart i 1739 halde skifte etter ein Knud Lunde i Hafslo. Han let etter seg ei enkje:Jorna Albrigtsdotterog ei dotter Martha Knudsdotter, 22 år.Buet var fallitt, og ingen andre namn kjem fram i skiftet. Mannen Knud er heller ikkje identifisert, men dotteri vart gift i bygdi og vart buande her.Eg har aldri sett dette namnet JORNA før, og Albrigt er svært uvanleg i indre Sogn. Det finst vel berre i Norum sokn i Sogndal på den tidi!Jorna kan eventuelt vera ei forvansking av Gjørond, men so var det Albrigt då... Kan Jorna vera kommi over fjellet frå Valdres eller Hallingdal?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Jørna/Jorna er vel helst ei feminin form av mannsnamna Jørn og Jørgen, Lars. Før i tia var det fleire damer med dét namnet på mine kanter av landet.Og namnet Albrigt/Albrikt (av det tyske Albrecht) var (er?) nok kanskje ikkje like uvanleg i midtre og ytre deler av Hordaland som det visstnok var i indre Sogn. Utan at eg dermed seier noko som helst om kvar nett Denne Albrigt'n kom frå :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.