Gå til innhold
Arkivverket

[#37804] Kven adopterte to foreldrelause born f. i Norge utv. 1882 saman med foreldra?


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

I 1882 reiser Knut og Inga og tre små born frå Modalen (Hordaland). I 1884 døyr både Knut og Inga, den eldste jenta Marie f.23.11.1878 Martha(ho har eg med god hjelp her funne ut av) og Anders f.16.02.1882 vert både mor og farlause med få dagars mellomrom.Familien budde i Grand Forks, Nord Dakota.Martha er 'funnen' som sagt, men er det mogeleg å finna ut kvar det vart av Maria(Mary?) og Anders(Andrew?)Emma(barnebarn av Martha) i Ohio skulle gjerne visst kvar det vart av broren og systera til bestemora!Venleg helsing Mariann.PS: eg har funne fleire sysken av Knut som også reiste, men ingen av dei eg har funne til no har teke seg av dei to små.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg tenkte nok at dette ville verta vanskeleg(avdi eg har forsøkt diverse løysingar) men veit jo at det finst 'glupare' folk enn meg her :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Knut hadde fire sysken som reiste til USA, eg har som sagt ikkje funne at nokon av syskena tok seg av dei to andre borna, men eg har heller ikkje funne alle, Inga er ei av dei. Inga reiser: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=0113EMIG&gardpostnr=183&merk=183#ovre>LenkeMartines reiser: Lenke Han(og den han seinare gifta seg med) har eg funne att.Ole reiser: Lenke Dei finn eg ikkje, dette er den yngste av 'Ole-brødrene'(der var to) til Knut.Anders reiser:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei Mariann!Ser av eit anna inlegg at familien også kalla seg Helland (Helleland), var det mora sitt jentenamn ? Kan det ha vore slekt på morsida som tok seg av dei søskena du etterlyser og at etternamnet deira dermed vart Helland i USA?Har du sett at census 1885 for store deler av ND er søkbare? Eit skudd i blinde her Lenkemvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Beklager dette var eit villspor, finn Marie (Mary) Helland utvandra saman med foreldra Erik og Berit. Men søkesida til census 1885 for ND kan kanskje nyttast til vidare leiting?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei Helga :-)Takk for respons! Eg hadde 'gløymt' desse sidene, eg fann dei då eg dreiv med storstilt leit etter Emma si bestemor(Martha). Det er nokre interessanne personar der, som eg skal prøva å sjekka nærare.Det var (iflg. bygdeboka)kun ein bror av Inga som reiste, han døydde tidleg.Helland namnet kom frå mor til Knut, ho var frå Helleland/Helland garden i Modalen.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Eg har eit lite spørsmål. Eg har fått info om at det var svært mange frå Modalen som kjøpte fråflytta gardar i Vik i Sogn i samband med den store utvandringa der i frå. Kjem dette namnet Hedleland eller Hedland frå Modalen eller er det eit eige gardsnamn i Vik. Håpar ikke at eg blander saman noko for Dykk?Det har seg nemlig slik at det var fleire som bar dette etternamnet som utvandra frå Vik til USA. Eg har funne nokon av dei som vart deira etterkomarar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei Terje.Det er to gardar i Modalen som heiter Helland, Øvre og Nedre Helland. Om det finst Helland også i Vik, det veit eg ikkje.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei. Det er nokon 'Bartness' i FT1885 som har ei Maria Knutson buande hos seg, her: LenkeEr det nokon som har ein ide til korleis eg kan søkja etter dette Bartness(eg trur at dei heitte noko anna enn Bartness, men det vart Bartness frå skrivaren) i Census 1900Eg finn ingen børjar på Kn busett på gardsnamn børjar på B, (Bartnes Bjertnes osv..)i 1865.Takk igjen til Helga som tipsa om denne sida(Census 1885)!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Jasåmenn!! Det ser ut til å vera rett familie! Eg er ganske overbevist rettare sagt :-) Takk for det!Eg hadde eit lite håp om at Maria frå 1885 teljinga skulle vera å finna saman med dei, men det var nok for mykje for langt....Så då er eg altså like langt, hadde det endå vore litt nærare i tid, så hadde det kanskje vore nokon i familien som hugsa, men det er nok altfor lang tid sidan.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

No har sett endå meir på dei forskjellige opplysningane eg har fått, og det ser jammen ut som dei kallar dottera for 'servant' i 1885!Det ser slik ut når eg samanliknar opplysningane Arne kom med, og dei eg fann i 1885...Det var no litt spesielt å kalla ei sju år gammal dotter for tenar!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Kåre Solberg

Tja, ikke så veldig spesielt. Barn ble betraktet på en annen måte, og mulighetene var små for barn i fattige familier. I FT 65 er 206 barn i sitt 5. til 8. år ført opp som tjenetsepige/dreng eller lignende.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Eide

Her er Bartness/Burtness familien i US census 1880 Grand Forks Co, Dakota Territory:LenkeDet er, desverre, ikke den Maria du søker etter, Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Til Leif Kåre :-) Eg har visst at dei vart 'sett bort' og kalla tenarar som 5-6 år gamle, men at foreldre kalla sine eigne (heimebuande) tenarar har eg ikkje 'fått med meg', men det var nok sikkert tilfelle.Til Geir :-) Takk for den!! Så slepp Emma prøva å finna meir ut om _den_ jenta, det var no makelaust òg kor ho har gøymt seg vekk!! Eg har prøvt utruleg mange utvegar for å finna ho!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Eide

Det er en viss sannsynlighet for at foreldrene til Martha og Maria/Mary bodde i Grand Forks Co, Dakota Territory da foreldrene døde.Grand Forks County grenser (1895) i øst til Polk County i Minnesota. En bør ikke se bort fra at Maria/ Mary forsvant over til Minnesota.En må også huske på at Dakota var 'nytt land' på denne tiden. Jeg tviler på om alle er kommet med i 1885 tellingen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solås

Jeg vil nå gjerne få med at jeg tviler på at denne tjenestejenta Maria Knutson i 1885-indeksen er en datter av Knut Bartnes. Man skulle jo tro at hun da, i likhet med de andre, også ble innført med etternavnet Bartnes.Mvh. Arne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei :-) og takk for respons!Geir: eg skjønar ikkje heilt, '...viss sannsynlighet for at foreldrene til Martha og Maria/Mary bodde i Grand Forks Co' det er ingen viss sannsynlighet, det er utan tvil at dei gjorde det :-) Knut og Inga Moe døydde i Grand Forks Co. i månadsskiftet august/september 1884. Men godt mogeleg at ikkje alle er med i 1885.Arne: Det er fleire ting her som er merkeleg...Maria/Mary Moe vart f. 23.11.1878, denne andre 05.01.1878 iflg. lenka frå Rootsweb som Arne har lagt inn.Kan dei ha mista si fyrste Maria, og teke til seg Maria nr.2 og berre funne ein fødselsdag til ho(eller kanskje så gale at dottera deira faktisk var fødd 05.01)??Skulle gjerne visst om det var noko system /oversikt over dei som vart 'sett bort' der borte(i Amerika)... Her i landet hadde det vel ikkje vore umogeleg å funne ut av vil eg tru?? (no er eg kanskje på tynn is, for dette har eg lite greie på).Venleg helsing Mariann. PS: er det nokon som har kjennskap til kyrkjer i dette området? eg har tidlegare vore i kontakt med svært hjelpsame folk frå div. kyrkjer i Michigan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solås

Datteren Maria/Mary (Burtness) finner jeg i 1910 bosatt i Sherman Twp., Bottineau Co., ND. Hun har da vært gift i 13 år med en John Dokken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Ja, eg har også funne dei i både 1900 og 1910 (dette pga. den sida du fann på Rootsweb), men korleis klara å finna ut av det mellom 1880-1900...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solås

Ja, si det! :) Om det var så at de ble adoptert, så er det vel også mulig at de benyttet adoptivforeldrenes etternavn, eller? Jeg tror nesten at du må finne en i Grand Forks som kan hjelpe deg. Eller, som du jo kjenner til, legge inn spørsmål på noen av de mange fora som finnes. Her har du ett: http://www.cousinconnect.com/p/a/101742Mvh. Arne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Kan det vera slektningar i Modalen som veit noko meir, eller drog alle til Amerika? Eg ser av ditt første innlegg at Inga kom fra garden Farestveit. Det er nokre år sidan eg las Modalen-boka, så eg hugsar ikkje så mykje. Eg har eit søskenbarn i Modalen som er gift med ei Farestveit. Dessutan har eg ein kollega som ættar derfrå. Men eg veit ikkje om desse er i slekt med Inga, for der var vel fleire bruk på Farestveit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Ja, eg har også tenkt på det med hjelp frå ein eller annan der borte, men dei sidene med spørsmål om hjelp har eg lite tru på.Men det kjem seg vel av at det ikkje var nokon respons på mine henvendingar på fleire forskjellige sider, då eg leita etter bror til oldefar for fire-fem år sidan. Men takk allikevel :-)Eg har prøvt diverse slekt(både morssida og farssida) frå Modalen, men ingen av dei eg har vore i kontakt med visste noko.Takk til dykk begge for respons!!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Eide

Beklager Mariann, jeg hadde ikke fått med meg (glemt ) at foreldrene til 'Martha Moe' bodde i Grand Forks Co. 1884.Mary Bartness/Burtness er registrert i 1880 tellingen i Grand Forks Co og hun er nevnt f. i Dakota 1878. Martha Moe med søster Maria/Mary og foreldre kom ikke til Dakota Territory før i 1882.Jeg mener det er litt for mye som ikke stemmer til at en kan koble Mary Bartness/Burtness f 5.1.1878 i Dakota Territory til 'Mary Moe ' f 23.11.1878 i Vik, SF, Norge.I så fall må Mary Bartness f 5.1.1878 i Dakota være død før 1885 tellingen i Dakota.Dersom du skal prøve etterlysing i USA er det mange hjelpsomme og flinke folk å treffe på Norway-List :LenkeDette er en e-post liste der du sender din forespørsel pr e-post.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.