Gå til innhold
Arkivverket

[#37876] Manntalet 1701 for Sogn - kor påliteleg er denne kjelda?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg er i den seinare tid vorten merksam på fleire feil i manntalet frå 1701, både til dels store avvik i aldrar og i namn.So vidt eg har forstått, skal originalen av dette manntalet vera varveitsla på Riksarkivet, medan Statsarkivet i Bergen har ein avskriftskopi som eg sjølv har nytta for mange år sidan.Spørsmål: Kva for eit eksemplar ligg til grunn for databasen her i Digitalarkivet?Er det mogeleg at det kjem føre forskyvningar i linjene? Eit døme frå Hafslo:Denne rekkefølgja finst på gardane Eikjaberg og Røym:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eicheberg: Anders Aamundsen 40 år oppsitjarEicheberg: Olle Jonsen 39 år oppsitjarRaaum: Sifver Olsen 64 år oppsitjarRaaum: Anders Olsen 19 år sonRaaum: Laris Olsen 10 år sonRaaum: Niels Ellingsen 43 år oppsitjarRaaum: Lase Hermundsen 15 år sonRaaum: Niels Hermundsen 9 år son~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Andre kjelder syner at Anders Aamundson på Eikjaberg berre hadde døtrer. Derimot ser det ut til at Ole Johnson på Eikjaberg hadde ein son Anders, som i 1701 hadde vore kring 16 år gamal. Han er mellom anna nemnd i ei militærliste frå 1718 som Anders Olson Egeberget, 30 år.So er det Sjur Olson på Røym. Det har ikkje vore mogeleg å syna at han var gift meir enn ein gong, og Sjur hadde truleg berre ei dotter, Synneva, som tok over heimebruket etter faren Sjur. Hin brukaren på Røym, Nils Ellingson, hadde påviseleg gift seg nokre år før 1701-teljingi med enkja etter ein Hermund, so her stemmer det at borni høyrte heime her som born (eller rettare 'steborn').Korleis ser desse huslydane ut i originalkjelda?Eg takkar so mykje på førehand for alle opplysnigar som kan bidra til å løysa denne floki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.