Gå til innhold
Arkivverket

[#37949] Synneva Askildsdotter (1718-1798) - frå Kinn eller Førde til Hafslo kring 1740?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

I 1743 finn me i Hafslo ei brur med namn:Synneva Askildsdotter. Ho gifte seg med Lars Andersson (1716-1790), og dei vart husmannsfolk på Vinda under garden Josvanger i Hafslo.Eg tenkte først at Askildsdotter var feil for Asbjørnsdotter, for eldste son deira heitte Asbjørn, men Synneva er nemnd fleire gongar i tingbøkene for indre Sogn, og der kjem Askildsdotter att som namnet hennar!Synneva må vera fødd kring 1718, men namnet Askild finst so vidt eg veit ikkje i Sogn på 1700-talet, og dei einaste Askild'ane eg finn i manntalet 1701 for Sogn og Fjordane, hadde tilhald i Sunnfjord!* Askild Olson, 7 år, på Fimmeland i Naustdal, Førde* Askild Hansson, 20 år, marinesoldat, på Svardal i Bru sokn, KinnKan ein av desse ha vore far til Synneva i Hafslo, eller har ho namnet sitt frå Hordaland der det skal vera Askild fleire stadar...?Eg vonar at einkvan dreg kjensel på dette namnet og at det er mogeleg å finna opphavet hennar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.