Gå til innhold
Arkivverket

[#37952] Gunnhild Nilsdotter Granum, fødd 1842 - frå Etnedal, Valdres til Wisconsin 1868?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Gunnhild Nilsdotter Granum, fødd på plassen Granstølen under Granum i Etnedal, Sør-Aurdal 5.3.1842, var dotter av husmann Nils Sørenson Granumseie og kona Guri Jensdotter frå Solbergseie.Frå Amerika får eg opplyst at Gunnhild utvandra dit i 1868 (oppgjeve både i 1900 og 1910), men ho skal òg ha hatt eitt barn som kan vera født i Etnedal kring 1866 og som utvandra med mori til Amerika?Er det nokon med lokal kunnskap i Etnedal som kan stadfesta desse opplysningane som eg har, særleg om utvandringi til Gunnhild og om barnet hennar? Kanskje finst det ei bygdebok som kan gje svar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Robert Bjerke

For det første kan jeg si at bygdeboken for Etnedal (Gard og bygd i Etnedal, av Harald Hvattum, 1989-1990) ikke nevner datteren Gunhild, selv om foreldrene blir nevnt på side 156 av bind B og side 160 av bind C. Som De kanskje vet, er kirkeboken for Bruflat 1849-1876 borte, men klokkerboken med bare fødte og døde existerer for 1866-1893. Jeg kan se etter om Gunhilds barns fødsel forekommer der. Jeg har ikke søkt i politiets utflyttningsprotokoller for disse menneskene.Jeg kan videre si at Gunhild er født på Solbergseie, kanskje plassen som hette Solbergsveen. Og Granstølen er en plass under Hestekind, ikke under Granum. Gunhilds far er født på Granumseie.Disse menneskene er i slekt med meg, men langt ute. Og jeg har flere opplysninger om slekten. Gunhilds foreldre var husmannsfolk på Granstølen i folketellingen 1865. Jeg ville gjerne vite om foreldrene også reiste til Amerika.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Robert og Arne for briljante innlegg!For å ta opplysningane til Arne først, so er det rette folki du har funne, og det er særleg spennande å sjå at Gunnhild alt i Noreg var gift med Erik Andersson. Dei tente i lag i 1865 på Tobakshuset, Hestekind nedre i Sør-Aurdal, der det går fram at Erik var fødd i 1844. Dei må ha gift seg i 1866, for FamilySearch syner at dei fekk ein son:* Johan, fødd 9.9.1866 og døypt i Bruflat 21.10.1866Passasjerlista syner to andre born, Gunnhild Marie og Christina; kan dei ha vore tvillingar og fødde kring november 1867? Kanskje Johan døydde innan året var omme?Huslyden utvandra til Vernon Co., WI der me finn Nils Sørenson og kona hans i FT1870 i Sterling township. I nabolaget finn me òg fleire andre emigrantar frå Bruflat, men IKKJE Erik Andersson og Gunnhild!? Endå veit me at Erik og Gunnhild fekk to born i Vernon Co., WI:* Karen Marie, fødd 5.12.1870* Anton, fødd 29.8.1872Om Erik Andersson døydde, eller dei vart skilde, veit eg ikkje, men i desember 1875 fekk Gunnhild tvillingar med Christopher Larsson Foss frå Hafslo, som etter han hadde skilt seg frå første kona si, gifte seg med Gunnhild i 1877!Spørsmål:* Er det mogeleg å finna opphavet til Erik Andersson i Sør-Aurdal?* Er det nokon med betre auge enn eg som kan ''spotta'' Erik og Gunnhild i FT1870? (Det budde ein annan Erik Anderson i Sterling township, Vernon Co., WI i 1870, men han var frå Luster!)Nokre av desse opplysningane svarar òg på spørsmåli til Robert som elles har oppklart ein del detaljar om bakgrunnen til denne huslyden i Bruflat, Valdres. Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg ser av FamilySearch at ein Erik Andersson var fødd 3.11.1843 og døypt i Sør-Aurdal 10.12.1843. Han var son av Anders Bjørnson og Siri Olsdotter. Dei gifte seg i Sør-Aurdal 22.10.1829, men eg finn dei ikkje i 1865...Kan dette vera ''vår'' Erik Andersson?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Robert Bjerke

Det er fint at ha disse opplysningene. Jeg skal se etter at finne Erik Andersen and de andre barna i Sær-Aurdals og Bruflats kirkebøker, men ikke før helgen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Robert Bjerke

Anders Bjornsen brukte Flatodegaarden (bygdebok, bd.B, s.148) og dode 1847. Sonnen Erik staar i barnelisten, men uten videre opplysninger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Robert Bjerke

Ja, det er visst det. Hun giftet seg med Hans Syversen etter mannens dod. Anders Bjornsen var bruker av Solberg, ikke Flatodegaarden, som jeg skrev sist.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arne og Robert for nye interessante innlegg!Då ser det ut til at eg har funne rette Erik Andersson, og følgjande spørsmål kjem opp:* Kan de stadfesta at Anders Bjørnson var gardbrukar på Solberg (og ikkje husmann i Solbergseie?)* Kva gard/plass hadde Anders Bjørnson opphavet sitt ifrå?* Kvar gard/plass hadde Siri Olsdotter opphavet sitt ifrå?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Robert Bjerke

Anders Bjornsen eide og brukte gaarden Solberg. Hans far var bruker av Flatodegaarden. Siri Olsdatters far var bruker av Lunde. Alt dette kommer fra bygdeboken Gard og bygd i Etnedal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk Robert for nye gode opplysningar!No manglar eg berre namn og datoar på borni til Erik Andersson og Gunnhild Nilsdotter...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ja, og so manglar sjølvsagt ogso plassering av huslyden i FT1870...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Robert Bjerke

Jeg leste gjennom døpte i klokkerboken for Bruflat sogn for aarene 1866-1868, og fant følgende:født 9. sept 1866, Johan, foreldrene inderst Erik Anersen og Gunild Nilsdatter Lundeeiefødt 9. okt 1867, Gunil Maria, foreldrene husmann Erik Andersen Brurud af Lunde og Gunnil Nilsdatter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.