Gå til innhold
Arkivverket

[#37983] Gullik Larsson, fødd 25.12.1844 - til Amerika kring 1857 - kvar kom han ifrå?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Gullik Larsson, fødd i ''Noreg'' 25.12.1844, skal ha utvandra til Amerika med foreldri sine kring 1857 og budde i Walsh Co., ND, men døydde i Mountrail Co., ND 14.4.1931.Det er mogeleg at Larsson var faren sitt patronymikon, men dette veit eg ikkje!Er det nokon som dreg kjensel på denne personen og som kan fortelja meg kvar i Noreg han kom ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Kan dette være Gullik. Census 1880 Gullick Larson 38 år, farmer, f. Nor. Susie Larson 45 år, kone, f. Nor. David J. Larson 11 år, sønn, f. Il, Betsey Larson 6 år, dt., f. Il, Gilbert G. Larson 3 år, f. Il. Manchester, Boone, Illinois. Fam.hist.lib.film 1254176, NA film nr. T9-0176, page 432c.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solås

Det er vel til liten hjelp, men om det var denne Gullik som var gift med en Johanne, så er hans immigrasjonsår oppgitt til 1869 i 1900, 1910 og 1920. 1930-tellingen er uten immigrasjonsår.Mvh. Arne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase, Berit og Arne for innlegg!Utvandringsåret til Gullik Larsson har eg frå nekrologen hans, som i tillegg til å seia at Gullik kom frå ''nær Oslo'', sa at han ''utvandra i tolv års alder med foreldri sine'', men opplysningane som Arne har funne, synest overtydande om at han må vera faren mykje seinare, i 1869! Kona Johanna Hermanson utvandra frå Hafslo i Sogn i 1857! Dei gifte seg i Grafton, ND i 1887, og dette var Gullik's første ekteskap.Dersom Gullik utvandra so seint som i 1869, kan det kanskje vera denne:* Gullik Larsson, 26 år, utvandra over Christiania frå Hurdal i 1869 med foreldre Lars Thoreson og Anna Dorthea Jensdotter og fleire yngre søsken? Eg finn søskeni på FamilySearch, men ikkje Gullik! Derimot finn eg heile huslyden i 1865 som plassfolk i Rustadeige i Hurdal, og dette synest vera den EINASTE Gullik Larsson i høveleg alder!!Er det nokon med lokal kunnskap i Hurdal som eventuelt kan sjekka fødselsdatoen til denne Gullik Larsson Rustadeige?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tor for nytt innlegg.Jau, eg har ogso sett på den posten som du nemner, og eg trur òg det er feilskrift for Gullik...? Men berre kyrkjeboki kan gje oss eit endeleg svar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

No har eg, via omveger, fått sjekka ut kyrkjebøkene for Hurdal, og det syner seg følgjande:* Lars Thoreson og Anna Dorthea Jensdotter Rustadeie døyper i 1845 sonen LARS med fødselsdato 3.12.1844.* Lars Thoreson og Anna Dorthea Jensdotter Rustadeie konfimerer i 1860 sonen GULLIK med fødselsdato 3.12.1844.* Lars Thoreson's son GULLIK vart vaksinert i 1846, 1 1/2 år gamal.Etter dette kan det vel ikkje vera mykje tvil om at presten ved dåpen har skrive feil namn i Kyrkjeboki, og at dette er den Gullik Larsson som eg leiter etter.Dermed er endå eit problem løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.