Gå til innhold
Arkivverket

[#38068] Lucris von Krogh (1694-1741) og den første ukjende ektemann hennar Ole ?Eidsnæs?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg er vorten presentert for ein teori kring eit gamalt legendarisk problem i indre Sogn:Oberst Georg von Krogh på Flahammar i Luster hadde m.a. ei dotter Lucris, fødd kring 1694. Ho vart gift i Hafslo 25.6.1724 med enkjemannen Jens Nilsson på Beim i Hafslo, men skiftet hennar frå 1741 avslører at ho hadde vore gift før med ein Ole og hadde to døtrer med han, Cecilia og Kirsti.Den nye teorien går ut på at denne ukjende Ole budde på garden Eidsnæs ''ved kysten'', og at dei fekk i alt seks born i lag, Jens, Nils, Rakel, Christen, Cecilia og Kirsti. Om dette er rett, må dei fire første borni vera avlidne før 1741 utan å etterlata seg livservingar.Eidsnæs finst som gardsnamn i Borgund nær Ålesund, men meir truleg knyter dette Eidsnæs-namnet seg til Eidsnæs i gamle Hamre (Lindås?) eller Eidsnæs i gamle Hosanger, båe i Nordhordland.Eg finn ikkje noko haldepunkt om dette ut ifrå dei kjeldene som ligg føre på Digitalarkivet, men kanskje einkvan med lokal kunnskap i t.d. gamle Hamre eller gamle Hosanger dreg kjensel på desse namni og er i stand til å identifisera den rette Ole Eidsnæs?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eidsneset var ingen gard i Borgund på dette tidspunktet, så dette kan du sjå heilt vekk fra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Inge Fagerheim

Jeg er selv interessert i mer informasjon om denne familien. Ifølge kilder jeg aldri har fått skikkelig oppgitt, ble Lucretia von Krogh født i 1794. Hennes far, oberst George Friederich von Krogh, var i alle fall i perioder bosatt i Bergen. Han ble også begravet i Bergen 30. oktober 1721. I tingbøker fra Nordhordaland finner man opplysninger som tyder på at han og familien var bosatt på Skjold sør for Bergen (Fana bydel). Han er nevnt i Nordhordaland tingbok nr. 33c for 1714, hvor det står:'Oberste Georg Friderich Von Kroghs udgivne Skiøde til Carl Mikkels/øn Valle paa 1 pund 7 1/2 mark Smør udi Gaarden Schiold, i Skiolds Skibbrede beliggende, dat/erit Bergen d/en 8 Septembr/is 1714. 'Ditoes udgivne Skiøde til Lars Olsøn paa 1 1/4 pund 1 1/2 mark Smør udi Gaarden *Schiolds i Skiolds Skibberde beliggende daterit Bergen d/en 8 Septembr/is 1714'Lucretia var på dette tidspunkt kommet i gifteklar alder. Så mitt heteste tips er derfor å søke i bergensområdet etter hennes første ektemann, Ole.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kariann Helland Johannessen

1701 Søndre Bg.hus har en Olle Nilsen Eidnæs, 14, ops søn hiemme, selv eier for en Deel, Ullensvang sogn. Fant Eidsnes i Ullensvang på kartet mellom Kinsarvik og Lofthus. Mvh Kariann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Inge Fagerheim

Det bodde også en Ole Sifuersen, 25 år, odelsbondesønn på gården Indre Eidtznes i Hammers prestegjeld.Lenke- Men det å lete etter en Ole på denne måten er jo egentlig ganske håpløst. Han må nevnes i en eller annen kilde sammen med Lucretia von Krogh skal det være noe hold i en slik teori.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Eli Randmo

To av brørene til Lucretia von Krogh døydde tidleg. Det kan sjå ut som om begge var ugifte. Har skifta etter dei vore undersøkte ?Berent 1682-1716 militær, døyr i RusslandWilken 1691-1719 militær, døyr ugift i Moss

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.