Gå til innhold
Arkivverket

[#38145] Kristine og Anna Iversd. Kvale - fra Lyster til Tollås i Romsdal

Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Eg er på jakt etter slekta til to søstre Kristine f. 1844 og Anna Iversd. f. ca. 1841.Her er det eg har funne:Kristine er født 1/3 (1/5?) 1844 i Lyster, Sogn. Ho gifta seg 24/7 1880 med Erik Olsen Staurset. Då ser det ut til at dei bur på Sølsnes i Romsdal. Dagen etter døypte dei sitt eldste barn, Anna Severine. Eg kjenner til to andre barn, nemleg Trine Sofie og Olaf Ingvald Staurset/Tollås f 1886, reiste til USA i ung alder.I kirkeboka ved giftarmålet i 1880 får vi vite at far hennar Kristine skriv seg for Iver Kvale. Det er einaste gongen eg kan finne han nemnt.Kristine og Erik overtok eit av gardsbruka på Tollås, der dei bur etter folketeljing for 1900 Bolsøy, Romsdal. Den einaste gongen eg kan finne søstra Anna nemnt, er i folketeljinga for 1900. Ho budda da hos Kristine og Erik på Tollås. Ho står oppført som Anna Iversen, ug., fv. syerske offentlig understøttelse fra Kristians f. 1841 i Lyster Sogn NB.Der ser altså ut som om har vore syerske i Kristiansund før ho flytte til Tollås. Men i Kristiansund finn eg ingen spor etter henne.Det kan også vere henne vi finn i FT 1865 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61426&gardpostnr=79&personpostnr=437&merk=437#ovre>Lenke på Opthun i Lyster.På FamilySearch

bilete0632.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det stemmer at desse to søstrene var fødde i Luster i Sogn, Anna 16.1.1841 og Christina 9.3.1843. Dei hadde òg ei søster Olina fødd i Luster 5.2.1847. Dessutan var det fleire born fødde i LOM, både før 1841 og etter 1847, og der er det løysingi på dette problemet finst.Foreldri heitte Iver Hansson og Synneva Nilsdotter; dei vart gifte i Lom 28.11.1830, og Iver var frå Maurøygarden under Runningen, medan Synneva var frå Vågesar! Då dei kring 1848 flytte attende til Lom, busette dei seg i Kvalehagen i Lom, derav namnet Kvale. Iver døydde i Kvalehagen 6.4.1866. Medan dei budde i Luster, var dei m.a. husmannsfolk under garden Yttri, truleg på plassen Ekrene, der eg har skrive om dei i Gards- og Ættesoga for Luster, band I (1984).Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Hei Lars!Takk skal du ha! Dette var eit stort framsteg for meg.Eg ville aldri ha kome på å leite etter dei i Lom. No vert det fleire bygdebøker eg kan gle meg til å lese i.med venleg helsingJohn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.