Gå til innhold
Arkivverket

[#38175] Johannes Andersson & Endre Eiriksson, f. Hafslo – Gift to ggr i Solund – Opphav?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

JOHANNES ANDERSSON:Johannes Andersson, f. 1769 Hillestad, Solvorn, d. 2.1.1807 Eide, Solund (omkom på sjøen, saman med drengen Sjur Eiriksson, f. 1780 Eide; [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=guledo79&gardpostnr=2837&merk=2837#ovre>Lenke): LenkeEtter mill. rulle skulle han vere komen hertil (Eide, Solund) lenge før han vart konf. (###når vart han konf.?##)Han var først gift [i 1798?] med Anne Ivarsdtr Furenes (det må vel vere denne oppføringa som det då er snakk om sjølv om namnet er snudd litt på: Lenke), skifte etter Anne i 1799 der kun to systre er nemnde (Lenke).Johannes Andersson vart så gift med enka Inger Monsdtr. i 1800: Lenke. Inger d. 1827, 73 år (d.v.s. f. ca. 1754).Det finnes ikkje born etter Johannes, men eit skifte i 1807 (Lenke).== Etter opplysningane i skiftet kan vel dette vere hans dåpsdato, i 1775? Lenke******************ENDRE EIRIKSSON:Enka Inger Monsdtr gifta seg oppatt i 1808 (Lenke) m. enkemann Endre Eiriksson, skifte etter Endre i 1825 (ingen nemnde der, underbalanse).Denne Endre hadde vore gift før, i 1801: Lenke, og det står då han var frå Vinje (eller Vinge?), Hafslo. Og det er nok han vi finn under Hop ved FT1801, 23 år.== Kanskje det er denne Endre døypt i 1777 i Hafslo? Lenke.******************== Så til Inger Monsdotter Vaulen: Kven var hennar foreldre? Kan ho t.d. vere frå Frønningen i Leikanger og vere f. 1749 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Kan kanskje legge til at Johannes og Endre ikkje hadde born i nokon av sine ekteskap så langt eg har klart å finne ut.Inger derimot hadde born i sitt første (som eg har laga debatt om her: Lenke), nemleg Marthe (dp. 1784), Alis (dp.???), Ola (dp. ???) og Rasmus (dp. 1788).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Her var det jamen mykje spennande!! Gardane Hillestad og Venjum høyrer til den ''ytre'' delen av Hafslo (mot Sogndal), som eg enno ikkje er ferdig med, men eg ser at du Gisle har identifisert dei rette personane:* Johannes Andersson vart døypt frå Hillestad i Hafslo 3.3.1775. Mori var Anna Olsdotter frå Lillesætre under Hillestad, medan faren Anders Larssn visstnok var frå plassen Bjørgen under Ølnes i Sogndal (det siste med forbehold!).* Endre Erikson vart døypt frå plassen Plassen under Venjum i Hafslo 26.10.1777. Foreldri var husmann Erik Olson som sidan busette seg på Bakkagjerde under Venjum og første kona Ingeborg Olsdotter frå plassen Grøt under Beim i Hafslo.I tillegg til dei opplysningane som kjem fram i innlegget ditt, Gisle, har eg greve fram nokre fleire detaljar:* Anna Nilsdotter Raake(?) gifte seg første gongen i Gulen 24.8.1788 med Rasmus Anfindson frå Krakken i Askvoll, døpt der 14.2.1740 som son av Anfind (...son) Krakken og Synneva Hansdotter. Eitt barn er nemnt under Skarnagelnes i Solund, men dei hadde sikkert fleire...* Endre Erikson Eide døydde som husmann og skysskaffar på Eide i Solund 27.3.1825.* Inger (er føretrekk å kalla ho Inga) Monsdotter er ein interessant person. Eg er i augneblinken ikkje i stand til å hugsa kvar eg har det ifrå, men eg meiner at den Mons som i 1740-åri og ogso seinare budde på Buene eller Frønningen i Leikanger, hadde opphavet sitt frå Luster!Her slepp me å følgja born etter Johannes Andersson og Endre Erikson, men det hadde vore kjekt, i alle fall for meg, og fått litt fleire detaljar om konene deira og tidlegare ektemakar...PS: Den eine halvbroren til Johannes Andersson, Ole Jensson, døypt i Hafslo 2.5.1784, fekk born i Hafslo både i 1805 og i 1812, men vert sidan borte herifrå. Kanskje han òg fór ut fjorden?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk skal du ha opplysningane Lars.Eg har ikkje fullstendige opplysningar om desse familiane, men eg skal sjå meir på dette etter kvart.Johannes Andersson vart gift (eller var dei kun trulova, sidan det ikkje står noko dato for vigsla?) 1798 (Lenke – NB! Brudgom er skreven Anders Johannesson Eide, men det må vel vere Johannes Andersen som er det rette ???) med Anne Ivarsdtr Furenes (?-ca. 1799). Hennar foreldre Ivar Olsson Risøy (f. Byrknes?) og Katrina Hansdtr Furenes (1727-?).Deretter med Inga / Inger Monsdtr.**************Endre Eriksson vart g. 15.11.1801 m. Anna Nilsdtr Råke / Skarnagel (?-1802). Hennar opphav ???? Kvar er ho ved FT1801?Anna hadde vore gift med Rasmus A. Krakken, son av Andfinn Rasmusson Krakken (1711-1748) g. 5.7.1739 m. Synnøve Hansdtr Sellevoll (ca. 1715-1795). Synnøve gifte seg oppatt i 1748 med ein Jørgen Antoniusson. Anna hadde (minst) to born i dette giftet.Endre gifte seg oppatt i 1808 med Inga / Inger Monsdtr.*****************Du treng kanskje noko meir enn dette Lars ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg takkar Gisle for tilleggsopplysningar om opphavet til Rasmus Anfindson. Veit du forrersten kvar faren Anfind Rasmusson hadde opphavet sitt ifrå? Var han frå Krakken?Det er vel ingen tvil om at det er Johannes Andersson som var brudgom i 1798 med Anna Iversdotter.Elles ser det ut til at me sit med dei same hòli i desse ættene, men kanskje andre lesarar av Brukarforum har nokre tankar kring dei opne spørsmåli?* Fødsels-/Dåpsdato for Anna Iversdotter Furnes?* Døds-/Gravferdsdato for Anna Iversdotter? Er det kanskje ho den Anna Iversdotter Ytterøe som vart gravlagd i Gulen 25.7.1799, 42 3/4 år?* Opphav og foreldri til Inga Monsdotter?* Sikker fødsels-/dåpsdato for Inga Monsdotter?* Opphav og foreldri til Johannes Olson Hersvik/Eide?* Sikker fødsels-/dåpsdato for Johannes Olson (1729?)?* Nøyaktig dato og stad for dødsfallet til Inga Monsdotter (1827)?* Opphav og foreldri til Anna Nilsdotter (Råke)?* Sikker fødsels-/dåpsdato for Anna Nilsdotter?Eg vonar på nye innspel og takkar igjen for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Har lite å bidra med no.Far til Andfinn var tald i Krakken i 1701 og gifte seg 1707. Det er opplyst i Bygdeboka at Rasmus Olsson og kona Guri Olsdtr hadde første barnedåpen innført i 1713, men at dei nok hadde hatt born før den tid (deriblant Andfinn, f. 1711).* Sikker fødsels-/dåpsdato for Anna Nilsdotter?Kva med denne oppføringa frå Kjellby, Gulen - Lenke - hennar lagnad er ikkje nemnd i Gulen-boka (Kjellby, 35-2,34b). Hadde vi berre hatt ein dødsdato med oppgjeven alder på Anna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
  • 5 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg har jobba litt med denne huslyden i ettermiddag og fann dåpen til Anna Iversdotter Furnes, 11.10.1756 i Gulen (Lenke). Presten har rett nok utelete namnet, men det må vera ho, fødd imellom Magdeli (1753) og Ingeborg (1759). Alle tre jentene er nemnde i sjelemanntalet for Furnes i 1760!Spørsmåli kring opphavi til Johannes Olson Hersvik/Eide og Inga Monsdotter er drøfta i eit anna tema (#38176).Når det gjeld Anna Nilsdotter, kona til Rasmus Anfindson, og opphavet hennar, so tek eg den problemstillingi opp under tema #58900.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.