Gå til innhold
Arkivverket

[#38208] S&F: Find Tollevsen, f. 1727 i Hafslo – Seinare til Solund (Hjønnevåg/Utvær) ?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Find/Finn Tolleivsson er ein kar som har komen til Solund (Eivindvik) og hadde tilhald ulike stader.Etter FT1801 skulle han vere f. ca. 1732. Eg har ikkje unne ut kva tid eller kvar han dø.Han vart gift i 23.9.1759 med Anne Karsldtr Hjønnevåg N., dp. 4.5.1726 av fld. Karl Klausson Øyjord (1702-1737) g. 29.7.1725 m. Brite Isaksdtr Hjønnevåg N. (1703-?).Dette er borna eg har klart å lokalisere (FS IGI):1) df Findsdtr (Strømmen), f. 16.12.17592) Karl Findson (Norevåg = Hjønnevåg N), dp. 24.2.1762, [gift], d. 28.3.1826 (Utvær) (meir om han og hans - foreløpige – ”ukjende” kone kan finnes her: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=31985&sok=tyri&startnr=&antall=&spraak=&nr=2&antinnlegg=3#anker>Lenke) (sk. Lenke)3) Christen Findson (Sørevig = Hjønnevåg S.), dp. 5.10.1764, d. ##?##4) Kristi Findsdtr (Utvær), dp. 22.9.1767, [gift], d. ##?## (Utvær) (sk. Lenke)== Eg er sjølvsagt interessert i dødsdatoane til Christen og Kristi, men først og fremst i opphavet til Finn Tollevsen samt når/kvar han døde (eg finn han ikkje blant døde i Gulen her på DA).Einaste kandidaten er har klart å finne er ein frå Hafslo, dp. 16.6.1727 (Lenke) med far Tollev Findsen. Går vi videre med søk blant vigde i Hafslo dukker det opp eit giftarmål 8.10.1724 mellom Tollev Findsen og Christen Olsdtr. (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heisan, her er du inne på ein ny spennande huslyd, Gisle! Tollef Findson og huslyden hans skulle ha vore omskriven under husmannsplassen i Dversdalen under garden Nes i Luster, men vart utegløymd derifrå då den boki (band III) kom ut i 1987.Her er kva eg i korte trekk veit om desse folki:Tollef Findson, frå Gjellene under Hillestad i Hafslo, var fødd i Hafslo kring 1698 og døydde som husmann i Dversdalen kring 1732. Han gifte seg i Hafslo 8.10.1724 med ei Kirsti Olsdotter, som eg trur var fødd kring 1700, men opphavet hennar er førebels ukjent. Som enkje gifte ho seg att i Luster 20.11.1740 med enkjemannen Arne Pederson på Opheim i Hafslo (1677-1750). Me ser ikkje noko meir til Kirsti Olsdotter etter at ho vart enkje andre gongen, so truleg flytte ho òg til Solund(?) - eller til Bergen(?). Kirsti fekk berre to born, og dei var båe frå første ekteskapet med Tollef Findson:* Find Tollefson, døypt i Hafslo 16.6.1727, var i 1763 busett på Utvær i Solund.* Ole Tollefson, døypt i Hafslo 27.8.1730, var i 1763 busett i Bergen.Eg fann ikkje ut noko meir om denne huslyden den gongen for 19 år sidan, men no er jo kjeldetilfanget eit heilt anna...Eg er interessert i fullstendige opplysningar om Find Tollefson, kona hans og alle borni/svigerborni deira. Tilsvarande opplysningar ønskjer eg sjølvsagt òg for Ole Tollefson, om han kan sporast opp... Og er mor deira å finna, dvs. dødsfallet hennar, ville det òg vore storarta!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk for opplysningar Lars,Eg har ikkje alle detaljar omkring desse folka, men her er i alle fall noko av det eg har.Anne Karsldtr Hjønnevåg N., dp. 4.5.1726 av fld. Karl Klausson Øyjord (dp. 9.7.1702, d. 1737) g. 29.7.1725 m. Brite Isaksdtr Hjønnevåg N. (1703-?). Karl var son til Klaus Janson Gadder.2) Karl Findsson g.m. Tyri Einarsdtr (frå Valdres). Hennar opphav er eg på jakt etter her: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=31985&sok=gisle+tyri&startnr=&antall=&spraak=&nr=1&antinnlegg=3#anker>LenkeBorn:i) Anne, dp. 8.3.1795, gravlagt 20.6.1795ii) Oline, dp. 10.4.1796, d. 29.5.1876 i Bergen, gravlagt frå KK 2.6.1876, gift to gonger. Første gong 24.6.1816 i Gulen med Johannes Monsson Nautøy (1781-1828) (5 born – Mons, Kari, Tyri, Einar, Johanne - fødde mellom 1816 og 1828; sjekk t.d.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Takk til Gisle for tilleggsopplysningar om huslyden til Find Tollefson!Eg har no oppdatert paperi mine og sit att med følgjande spørsmål om huslyden til Find:* Dato og stad for dødsfallet/gravferdi til Anna Carlsdotter (før 1801)?* Dato og stad for dødsfallet/gravferdi til Find Tollefson (etter 1801)?* Fleire opplysningar om NN Findsdotter (f. 1759)? Kanskje finst ho konfirmert i Gulen/Solund?* Dato og stad for fødsli/dåpen til Tyri Einersdotter?* Dato og stad for dødsfallet til Tyri Einersdotter?* Fleire opplysningar om Christen Findson (f. 1764)?* Dato og stad for dødsfallet til Christi/Kirsti Findsdotter (e. 1825?)* Lasse Iverson er vel han som vart døypt i Gulen 9.3.1758?* Eg forstår det slik at Lasse i alt fekk ni born; av dei var fem frå siste ekteskapet med Christi/Kirsti Findsdotter??Elles sit me òg att med spørsmåli om lagnadane til mori Kirsti Olsdotter (fødd kring 1700/1705) og hin sonen Ole Tollefson (fødd 1730), som i 1763 budde i Bergen...Kanskje nokon dreg kjensel på desse namni - i Gulen/Solund eller Bergen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Litt info, men får håpe nokon andre kan bidra med resten.* Kona til Find, Anna Carlsdotter, vart gravlagt frå Utvær 15.2.1795.* NN Findsdotter: Ho var nok døfødd (df) – fødd 16.12.1759 - og difor ikkje gitt noko namn.* ”Lasse Iverson er vel han som vart døypt i Gulen 9.3.1758?” Eg ville tru det, men det står Botnen (i Brekke) - Lenke - men eg kan ikkje sjå at denne Lasse er blant borna til den Iver som var brukar i Botnen på den tida (hans siste nemnde born, frå andre ekteskap, er f. 1755), så dermed kan han godt høyre til Iver Sande sine. Far til Lasse var jo frå Brekke (Hjartholm).* Eg har så langt funne totalt 12 born for Lasse Ivarsson; 5 i første, 1 i andre og 6 i siste ekteskapet med Kristi Findsdtr. MEN, han kan godt ha hatt fleire born i første giftet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.