Gå til innhold
Arkivverket

[#38234] Oppslag Årdal/Lærdal kyrkjebok 1791.


Gjest Terje Hagen
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hagen

12 april 1791 blir det døypt ein gut utafor ekteskap Anders Helgeson, foreldre er Helge Toreson og Brita Tomasdotter (ukjent opphav). Kan ikkje finne mor og son i lag på FT-1801. Ser ei Brita Tomasdotter som tenestejente i Øvstetun. Er det nokon som kan slå opp i KB for Årdal og sjekke opp faddrane, kanskje det kan gje ein peikar til kven denne Brita Tomasdotter er.Anders blir seinare gift 1837 med enka Agate Olsdotter Moen.Mvh.Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Fadrane var: Ole Wee, Jørgen Hanssen, Jørgen Thomassen, Ingeborg Thoresdatter og Ingeborg Knudsdatter.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

Takkar for svaret! Veit ikkje om eg blei noko klokare av dette?Barnet: Anders Helgeson (1791-1863)Mor: Britha Tomasdotter (omkring 1770- )Far: Helge Toreson- Identisk med Helge Toreson Hestetun (1772-1851)Faddrar:1. Ole We- Identisk med Ole Tomasson Ve (1741-1821) morbror til faren og nr. 4. Ingeborg Toresd.2. Jørgen Hansson- Dette må være læraren og lensmannen Jørgen Hansson Hovland (1732-1816)3. Jørgen Tomasson- Identisk med Jøgen Tomasson Hola Lægreid (1755-1832) søkensbarn til far til faren.4. Ingeborg Toresd.- Syster til faren kjend som Ingeborg Toresd. Hestetun (1762- )5. Ingeborg Knutsd.- Den einaste som eg ser er Ingeborg Knutsd. Lægreid (1769-1818) gift i Nundalen med Kristen Andersson.Her er det mykje Hestetun-slekt utanom faddrane 2 og 5. Har ein mistanke om at Brita Tomasd. kan være ei syster til fadderen Jørgen Tomasson, men då blir Helge og Brita i nær slekt.Det er ikkje lista opp nokon Brita Tomasd. som dotter i denne familien under LægreidMvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

No ser det ut til at problemet Brita Tomasd er løyst.Den 7 april 1771 døyper Tomas Sjurson Neset Seim og Jørand Jørgensd. Øyri ei dotter Brita Tomasd.Tomas Sjurson og Jørand Jørgensd er nemnd i BB for Årdal med 4 barn, det var Sjur, Jørgen, Ole og Anders. Brita har sikkert berre vorte vekke, da er det bror Jørgen her som er fadder.Det merkelege er at mori Jørand Øyri er også vekke som barn i sin søskenflokk i BB?Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.