Gå til innhold
Arkivverket

[#38280] Gulen: Tolleif Monsson g.m. Berte Jakobsdtr. – Kven var dei? Han frå Luster?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

BERTE JAKOBSDTR.:Skal vi tru Gulen Bygdebok vart ei Berte Jakobsdtr Nerdal (### har ikkje funne noko om ho i bygdeboka under Nerdal ###) gift to gonger;I) 13.7.1744 m. Ivar Torkjellsson Kjellevoll (dp. 5.3.1712, d. ca. 1778). Minst 3 born.II) 20.10.1778 m. Tolleif Monsson (gravlagd 14.1.1790; [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=guledo79&gardpostnr=890&merk=890#ovre>Lenke). 5 born funne. Det står i bygdeboka at Tolleif gifta seg med ei enke på Kjellevoll.Men om det er den same Berte står for begge desse giftarmåla får ho born frå 1747-1790. Men eg tviler på dette for det er vel ho som d. i 1794 - Lenke – som var kona til Tolleif Monsson, og f. mellom 1744 og 1754.Den som var kona til Ivar Torkjellsson kan vere denne som d. 1790 i Kjellevoll;

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heisan, her var eit nytt spennande tema!Mons Torstenson frå Lomheim i Hafslo (1723-1814) og kona Kari Tollefsdotter frå Nes i Luster (1718-176?) var ei tid husmannsfolk i Dulsviki under Lingjerde i Luster, men flytte kring 1760 til Vikøyri i Vik. Kari døydde, og Mons gifte seg i 1771 att i Vik med enkja Britha Pedersdotter Vollevik, opphavleg frå Sørebø i Hyllestad. Mons og Britha vart snart gardbrukarar på Sørebø og er noko ufullstendeg omskrivne i BB Hyllestad band I, side 299.Mons og Kari hadde fire born som voks opp:* Anna Monsdotter, døypt i Luster 27.3.1744* Tollef Monsson, døypt i Luster 21.9.1749* Synneva Monsdotter, døypt i Luster 16.6.1753* Lucia Monsdotter, døypt i Luster 5.3.1756Desse borni flytte alle med foreldri til Vikøyri i Vik, men vert sidan borte...Tollef Monsson kan GODT vera han som gifte seg i Gulen og budde der, og Synneva KAN vera ho som gifte seg i Gulen 14.3.1773 med ein Jacob Olson? Men Synneva KAN òg vera ho som me finn i FT1801 som gift med Elling Sjurson, jordlaus husmann på Vollevik i Vik(?). Sistnemnde hadde ein søsterson Johannes Olson buande hjå seg i 1801. Kanskje var denne Johannes fødd på Frøysland i Førde av Ole Larsson og Lucia.....?Om du Gisle har fleire detaljar om Tollef og kona/borni hans, tek eg gjerne imot, og skulle du identifisera nokre av søstrene hans, ville jo det vera storveges!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Brithe Jakobsdtr Kjellevold og Tolleif Monsson Tjuvik er jeg og interessert i da jeg hjelper en venninde med hennes aner. Jeg har funnet en Brithe Jakobsdtr f. i Gulen i 1740 (döpt: 6/1 - 1740). Foreldre var Jakob Nyhammer og Birthe.Dattera Kari - som jeg er interessert - ble f. ca 1785. Det er jo ikke umulig at moren var 45 år ved födselen.[url="http://www.familysearch.org/Eng/search/IGI/individual_record.asp?recid=100155784336&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&frompage=99>LenkeNå kan det jo være at denne Brithe/Berthe Jakobsdtr. ble gift et helt annet sted. men alderen kan passe for da hun döde i Tjuvik stçr det mellom 40 og 50 år.Den eneste Tollef jeg fant var og den Lars nevner over:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Glemte å si at jeg fant en Joen Jakobson på Kjellevold i 1701 og det kan jo tenkes at han har fått en sönn ved navn Jakob f. etter ft 1701? LenkeDette er jo bare hypoteser ettersom jeg ikke har bygdebökene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk til Lars og Kjellaug for bidrag!Her er forresten dei borna eg meiner Tolleif Monsson og kona står bak (ref. FS IGI, samt Gulen Bygdebok):1) Henrik, dp. 21.12.17782) Jakob, dp. 29.9.17823) Kari, f. 17854) Janikke, dp. 28.11.17875) Anna, dp. 15.4.1790Så om Berte var f. 1740 var ho 50 år ved siste barnedåpen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det er jo ikke umulig, som jeg sa. Min yngste faster var födt da farmor var 49!Men kanskje du finner henne under Nyhammer i Gulenboka?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei!Skal sjekke i Gulen-boka (Nyhamar og kjellevoll) i kveld!Men kva for ei Berte Jakobsdtr. (Nerdal?) var gift med Ivar Torkjellsson Kjellevoll ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det er ihvertfall ikke noen fra Gulen på FS, men det spörs om de har fått alle med. Tenker du på Jölster, så kan det være to kandidater å sjekke der: Berethe Jakobsdtr Vedeberg f. 1710Berethe Jakobsdtr Skrede f. 1709.Finner ikke noen andre som ikke bor for langt vekke. Kan jo og være fra Lindås? Der fant jeg og en i passe alder, mener jeg å huske.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Nyhamar:Jakob Olsson N g. 1733 m. Berte Pedersdtr Morup. Berre dottera Gulaug g. 1766 m. Ivar Andersson Nyhamar er nemnd der.Kjellevoll:Lite interessant funne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Den lenken Lenke var jo kopi fra kirkeboka, så da kan ikke alle barna ha kommet med i kirkeboka. Du må vel da sjekke der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Den lenken Lenke var jo kopi fra kirkeboka, så da kan ikke alle barna ha kommet med i bygdeboka. Du må vel da sjekke der? Håper jeg fikk rettet dette för det var for seint!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Det er nok ei dotter for Jacob og Berte på Nyhamar, men skal vi tru forfattaren er ikkje born som dø unge, eller ikkje nådde konf.alder, tatt med over alt. Men det finnes jo fleire tilfeller der born er gløymde eller ikkje tatt med sjølv om dei vaks opp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Her er det komme fleire nye interessante innlegg, som eg takkar Kjellaug og Gisle for!Eg er svak for oppkallingar, og eg tykkjer det verker noko underleg at Britha Jacobsdotter, kona til Tollef, ikkje kalla opp mor si, samstundes som eldste sonen til Tollef og Britha vart døypt Henrik! Ein skulle nesten tru at Britha var enkja etter ein Henrik, og kanskje hadde ho ei dotter Britha med første mann sin? Men kanskje er eg på heilt ''ville vegar''...?Med omsyn til alderen på Britha Jacobsdotter, er det sjølvsagt godt mogeleg at ho kan ha vorte mor i ein alder av 50 år. ''Luster-rekord'' har ei kvinne som i 1794 fekk siste barnet sitt i ein alder av 54 år, men då hadde det gått ni år sidan det føregåande... Og eg kjenner personleg ei kvinne som i ein alder av 55 år framleis ventar på ''overgongsalderen''...MEN, for å gå attende til utgangspunktet: Kvifor er de so sikre på at det var Bertha Marie Jacobsdotter frå Nyhammar, fødd 1740, som var ho som i 1778 gifte seg med Tollef Monsson? Dersom Ivar Kleiva fann opplysningar, t.d. i eit skifte, som syner at jenta ikkje voks opp, har han heller ikkje teke ho med. Derimot ser eg fleire Britha Jacobsdotter døypte i Gulen etter 1740:* 18.6.1747* 31.1.1750* 24.10.1750Nett då eg skulle henta fram detaljane om desse, so gjekk FamilySearch Website'n ned, men eg observerte òg fleire Britha Jacobsdotter frå distriktet ikring... Og kven veit; kanskje hadde Tollef denne jenta med seg frå Vik eller Hyllestad?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Du har nok rett Lars, det er jo ikke sikkert i det hele tatt. Jeg fant kun henne i Gulen på FS, men nå som du sier at det er flere, så er det nok stor sannsynlighet for at den jeg fant var gal-:(mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Skal ikkje uttale med 100% her, men dei 3 kanidatane i innlegg (13).1) dp. 18.6.1747 Tungodden, Solund: Ho har eg notert som d. 1778 (sikkert henta frå Solund Bygdebok). Har ikkje notert at ho vart gift.2) dp. 31.1.1750 Kråkevåg, Solund: Gifta seg 1782, til Hatlem, Hyllestad.3) dp. 24.10.1750 Aslob = Avløyp, Solund: Ho er vel dotter til Jakob Sjursson Avløyp og andre kona hans (f. 1748) Johanne Nilsdtr Tangenes. Ho hadde eg ikkje registrert i det fantastiske slektsprogrammet mitt så hennar lagnad kjenner eg ikkje (kanskje ho dø ung, men la meg sjekke bygdeboka om det står noko om ho der).== Så vi får vel søke litt vidare, t.d. Vik og Hyllestad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Terje Sande

Siden dette temaet var aktivt sist, har vi fått de digitaliserte kirkebøkene, og der finner vi vielsen mellom Tolleif og Brite 20.10.1788 LenkeDer står Olderkalv som gård, og i Solundboka I s.449 er dette paret nevnt. Men de er begge ukjente for forfatteren, så Brite kommer trolig fra et annet sted enn Eivindvik prgj. (Du har sikkert funnet det ut Gisle, men 'for the record' så omkom hun fra Avløp døpt 24.10.1750 på sjøen i 1769.)I Solundboka står det dessuten at Henrik er født på Oddekalv i 1778. Hvis hypotesen til Lars er rett, bør vi kanskje leite etter en Henrik som døde i denne delen av Solund rundt 1777.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Finner ingen Henrik död i de kirkebökene som er skanna, den eneste er en Henrik Tveiten i 1777 og det er vel ikke i Solund?Dette parets opphav blir det nok ikke lett å finne.Vil det si at Henrik var födt 9 år för de gifta seg? Var det ikke i 1778 at de gifta seg? Det leser jeg det som.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Mange takk til Terje og Kjellaug!Eg har dessverre ikkje funne ut noko meir på eiga hand heller og det verar som det vert vanskelig å finne noko meir (om det då ikkje skulle dukke opp eit skifte med opplysningar).MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.