Gå til innhold
Arkivverket

[#38281] Ukjend lærarstudent i Volda?


Gjest Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

Gjest Arnfinn Kjelland

Kjenner nokon denne karen? Bildet fanst etter farfar min, som var lærarutdanna i Levanger først på 1900-talet. Dette er sikkert ein kar han hadde kontakt med, kanskje gjennom mållag eller fråhaldslag, og som truleg gjekk lærarskulen i Volda. Bildet er neppe nyare enn frå kring 1910, for fotograf Nerbøvik gjekk på den tida over til å skrive 'Volda'.Viss nokon kjenner att personen og/eller er i slekt, kan vedkomande få originalbildet.

bilete0641.gif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Peter Wiborg

Hmmm... ligna han ikke på en ung Olav Duun...? :-)Duun gikk lærerskolen i Levanger fra 1901-1904

bilete0642.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Dersom du tek med deg biletet til Volda lærarskule kan du sikkert finne denne studenten på eit av dei mange klassebileta som heng på veggen der, dersom denne karen var lærarstudent, då.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Til 3): tanken har streifa meg ja (eg har arbeidsplass på Høgskulen), men med mange tusen studentbilde å velje mellom og stort sett berre etternamn 'P. Dal', 'J. Haug' osv - trur eg ikkje det er umaken verd :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Skjerve

Min mor, dengang Gunda Larsen, var bosatt i Levanger og har 'Læreprøve fra Levanger Læreskole' fra 1912, med etterfølgende 5 år som lærerinne i Innherred.Hun har sin morsslekt fra Volda.Hun etterlot seg to album med ca 150 fotografier fra ca 1910 til 1915, de fleste uten navn.Jeg tror ikke jeg kan hjelpe i denne sak men etterlyser et råd for hvordan jeg skal forholde meg til disse to album, som neste generajon sikkert vil kvitte seg med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Til 2) Jan Petter Wiborg: poenget er at bildet eg la inn sannsynlegvis viser ein som studerte i Volda (pga. at det er teke av fotograf J. Nerbøvik her i bygda), ikkje Levanger, sjølv om farfar min gjekk der. Lærarar og kanskje til og med studentar treftes i ymse samanhengar den gongen òg.Til 5) Leiv Skjerve: tja, dette med fotobevaring er ikkje enkelt. Det vil etter mitt skjøn vere for galt å kaste slike album, sjølv om ein ikkje har namna på alle personane. Det er truleg eit museum i ditt fylke som har eit overordna ansvar for fotobevaring, og dei bør i alle fall vere interessert i å avfotografere alle sidene i albuma digitalt og notere seg all informasjon du har om dei og mor di, for framtidig forsking på det som er kalla 'tidleg visuell kultur'. (Dei hugsar sikkert òg på å ta bilda ut og sjekke om det står noko på baksida.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Eg er òg i den situasjonen at eg har ein heil del bilete frå lærarskulen i Volda 1916-17 som eg kunne ha tenkt meg å gjeve bort. Det er enkeltbilete av elevar som eg finn att på det store klassebiletet.Eg har ikkje klassebiletet her no, men så vidt eg hugsar er det ikkje meir enn omlag 40 elevar på biletet frå 1917, så eg ville ikkje tru at det skulle vere så lenge gjort å sjå gjennom bileta frå 1905 til 1920. Elles er det som Kjelland skriv at det er namn som J. Haug og A. Dahl etc., men vil ein vidare etter å ha funne personen kan jo elevprotokollen gje ein peikepinn vidare.Lukke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.