Gå til innhold
Arkivverket

[#38286] Christiana Margrethe Ørbech g Bergen 1778 m Ole Rasmusson Helland - kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Dagarbeidar Ole Rasmusson Helland og Christiana Margrethe Ørbech gifte seg i Domkyrkja i Bergen 8.3.1778 og fekk, etter det eg kan sjå, to born i Bergen:* Anna Marie, fødd Domkyrkja 28.4.1777* Christiana Margrethe, fødd Domkyrkja 2.10.1779Ole Rasmusson's kone Christiane Margrethe Ørbech vart gravlagd i Bergen 12.6.1782 og vart då sagd vera 34 år gamal.Ole Rasmusson Helland gifte seg att i Domkyrkja i Bergen 23.5.1784 med ei Birtha Nilsdotter, enkja etter ein Lærdal.Eg har ein teori om denne Christiana Margrethe: at ho vart døypt i Hafslo i Sogn 4.4.1745 under namnet Kirstina Ørbech, yngste dotter av Peder Klokkar (Peder Sørenson Grinde) i Hafslo og andre kona Margrethe Larsdotter Walter....Eg kan elles leggja til at Kirstina Ørbech frå Hafslo hadde ei kusine i Bergen med eit liknande namn, men ho kan det ikkje vera, og ætti hennar vil eg ta opp i neste tema!Er det nokon som har synspunkt på denne teorien om opphavet til Christiana Margrethe Ørbech? Eller kva med opphavet og lagnaden til Ole Rasmusson Helland og dei to døtrene deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter litt meir graving har eg oppdaga at Ole Rasmusson Helland døydde i Bergen 12.2.1807, og spørsmål om ervingane hans er stilt i Arkivforum.Undersøkelseskommisjonen 1804/1805 syner at Ole var 54 år og fødd i Nykyrkjesokni. Då må han vera identisk med den Ole Rasmusson som vart døypt i Nykyrkja 1.11.1750 som son av Rasmus Monsson og Anna Olsdotter. Men kven desse kan ha vore, veit eg ikkje...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Rindedal

Har notert hovedtrekkene fra et skufte juni 1779 etter Valentin Vedel x Marie Elisabet Krog, arving er hans søskenbarn avd.Massi Rønnes barn, nemlig Jørgen Rønne Ørbech myndig i Lofoten + Hans Caspar Ørbech, også myndig i Lofoten + Anna Dorte Ørbech, hos Brundahl på Fanøe + Maria Elisabet Ørbech + Evaltine 30 år på Helgeland. Slektskapet betyr vel at Marie=Massi Rønnes mor Maria Casparsdtr Helvig og Valentin Vedels mor Dorte Casparsdtr var søstre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Svein for svært interessante opplysningar som vel eigentleg høyrer til under tema #38287. Eg har tillete meg å referera opplysningane der og vonar du ikkje har noko imot det...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for innlegg!Eg har òg observert denne dotteri til Jørgen Ørbech, men kom til at avviket i alder var litt i største laget...? Kanskje ikkje?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det er no kome svar på spørsmålet mitt i Arkivforum om ervingane etter Jens J. Ørbech frå 1796, og der går det fram at han var bror av Christiana Margrethe Ørbech gift med Ole Rasmusson Helland. Dei hadde òg ei søster Sara.Med vonbrot kan eg då berre slå fast at denne Christiana Margrethe likevel var, som Elin gjorde framlegg om, dotter av Jørgen Ørbech og fødd i 1739 (med mindre Jørgen hadde ei dotter med same namn fødd seinare...)!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.