Gå til innhold
Arkivverket

[#38287] Skrivarkarl Jens Walter Ørbech g. Bergen 1727 m. Maren Rønne - huslyden deira?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Jens Ørbech Larsson Walter, sidan kjend som Jens Walter Ørbech, son av proprietær Lars Walter til Lomheim i Hafslo, var truleg fødd i Bergen kring 1696 og gifte seg i Bergen 18.7.1727 med Maren Jørgensdotter Rønne, som eg ikkje veit noko meir om. Jens var skrivarkarl, og parfolket vart visstnok buande i Bergen levetidi ut. Kanksje var dette den Jens Ørbech som vart gravlagd i Bergen 8.6.1748, men eg er langtifrå sikker på det! Eg har funne ni born etter Jens og Maren, men ser lite til desse borni:a. Lars Walter Jensson Ørbech, døypt i Bergen 27.7.1727, gifte seg som skipstømmermann i Bergen 12.10.1750 med ei Else Margrethe Lucas, eller ukjende.b. Anna Dorthea Jensdotter Ørbech, døypt i Bergen 5.12.1728, ukjend.c. Christina Margrethe Jensdotter Ørbech, døypt i Bergen 4.1.1732, vart gravlagd i Bergen 16.7.1774, ugift.d. Jørgen Rønne Jensson Ørbech, døypt i Bergen 2.8.1734, ukjend.e. Marie Elisabeth Jensdotter Ørbech, døypt i Bergen 26.2.1736, ukjend.f. Eva Jensdotter Ørbech, døypt i Bergen 20.4.1738, ukjend.g. Johan Edvalt Jensson Ørbech, tvilling, døypt i Bergen 14.9.1739, ukjend.h. Hans Casper Jensson Ørbech, likeins tvilling og døypt i Bergen 14.9.1739, ukjend.i. Evaltine Jensdotter Ørbech, døypt i Bergen 30.8.1743, ukjend.Problemet er at det finst fleire Ørbech'ar i Bergen med svært like namn, og eg kjenner meg ikkje trygg på nokon av dei, bortsett ifrå to av dei...No vonar eg at det finst einkvan som har kunnskap om dei ulike Ørbech-ættene og som kan hjelpa meg greia ut denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter litt meir søking ser eg at Marie Elisabeth må vera identisk med ei Marie Ørbech som døydde ugift og vart gravlagd i Bergen 31.7.1794. Det finst nemleg eit skifte etter ho, og der er ho kalla Marie Elisabeth Ørbech!Eg har stilt spørsmål i Arkivforum om opplysningar frå skiftet hennar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Kan Maren Jørgensdatter Rønne ha blitt kalt for Massi? I så fall er det vel hun som begraves på St. Jørgens hospitals kirkegård 14. juli 1752 ( [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=bedo1668&gardpostnr=10700&merk=10700#ovre>Lenke ). En ting som kan tyde på dette, er at sønnen Lars døpte en datter med dette navnet i 1755 ( Lenke ). Hun døde forøvrig som spebarn (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Knut og Gisle for innlegg, og likeins ein ny takk til Svein som under tema #38286 har lagt inn følgjande bidrag:''Har notert hovedtrekkene fra et skufte juni 1779 etter Valentin Vedel x Marie Elisabet Krog, arving er hans søskenbarn avd.Massi Rønnes barn, nemlig Jørgen Rønne Ørbech myndig i Lofoten + Hans Caspar Ørbech, også myndig i Lofoten + Anna Dorte Ørbech, hos Brundahl på Fanøe + Maria Elisabet Ørbech + Evaltine 30 år på Helgeland.Slektskapet betyr vel at Marie=Massi Rønnes mor Maria Casparsdtr Helvig og Valentin Vedels mor Dorte Casparsdtr var søstre.''Her vert fleire av borni etter Jens Ørbech og Maren ''Massi'' Rønne ''plasserte'':a. Lars Walter Jensson Ørbech (1727) må vera avliden barnlaus.b. Anna Dorthea Jensdotter Ørbech (1728) busett hjå Brundahl i Fana, ugift.d. Jørgen Rønne Jensson Ørbech (1734) busett i Lofoten.e. Marie Elisabeth Jensdotter Ørbech (1736) budde på Helgeland, men kom sidan attende til Bergen, ugift.f. Eva Jensdotter Ørbech (1738) døydde sikkert ung(?)g. Johan Edvalt Jensson Ørbech (1739) døydde barnlaus.h. Hans Casper Jensson Ørbech (1739) budde i Lofoten.i. Evaltine Jensdotter Ørbech (1743) budde på Helgeland.Då byrjar me få ei god oversikt oiver denne ætti ogso, men eg vonar at skiftet etter Marie Elisabeth vil syta for fleire detaljar...Nok ein gong takk, Svein, for flotte opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein amerikanar ville ha sagt: ''You amaze me, Rune!'' Dette er verkeleg bra og hjarteleg takk skal du ha for desse opplysningane. Ingen tvil om at dette er ''folki mine''! No kjem denne barneflokken skikkeleg godt på plass!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for nok ein spennande detalj. Det ser ikkje ut til å vera so mange etterkomarar etter denne ætti. Dersom Evaldine var den einaste attlevande i 1794, og dersom ho òg var ugift, so...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Michael Moum

Jørgen Svendsen Rønne, f. Rønne, Danmark? d. 1727 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=95&filnamn=bedo1668&gardpostnr=42676&merk=42676#ovre>Lenke i Bergen. Auctions Directeurs fuldmægtig i 1714 Lenke Nevnt som fogdens tjener i tingbok for Hardanger, Voss og Lysekloster http://digitalarkivet.no/da/tb12241704voly.htm Gift med Marie Casparsdtr Helvig f. 1683 Lenke i Bergen. Datter til Caspar Helvig, d.1690 Lenke og Anna Nielsdatter.Maren dpt 1/11 1706 i Nykirken LenkeHans Caspar dpt. 25/3 1708 NK LenkeCille Margrete dpt. 19/1 1710 NK Lenkeet barn død 1712 LenkePeder Jørgensen Rønne. Studios. Gift i Vår Frue kirke Trondheim den 15/12 1733

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.