Gå til innhold
Arkivverket

[#38333] Appolonius Lijedal. Kvar kom slekta hans frå?


Gjest Aage Skalde
 Del

Recommended Posts

Gjest Aage Skalde

Appolonius Liljedal var klokkar, kyrkjesomgar og dreiv gartnarskule i Vik i Sogn på siste halvdel av 1700 talet. Eg veit at han kom til Vik i Sogn frå Bergen kring 1750 - 55, og før det veit eg og at han kom frå Danmark.Men lenger kjem eg ikkje.Det som gjer dette interessant for meg er at dette er vegen bakover frå min far si slekt på morssida.Skulle gjerne vore lenger attende i tid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aage Skalde

Eg ser at du har gitt opp Johan, Johannes eller Hans. Eg er ikkje sikker på om desse namna er rette. Etter opplysningar eg har hadde han ein son som heitte Jens. Jens (1) overtok stillinga som klokkar og kyrkjesongar etter Appolonius Liljedahl, men eg ikkje sikker på om han var bestefar eller oldefar til Edvard Liljedal som var min oldefar: Far til min oldefar heitte Jens, men der var ein Edvard og Jens (1) før min tippoldefar. Viser til ditt innlagg frå 28.08.04

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Her er fleire generasjonar Apollonius her. Han som kom frå Bergen eller Danmark hadde også ein soneson Apollonius, og han igjen hadde fleire barneborn Apollonius. Det var vel ein av desse som hadde sonen Jens?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

No lagar eg visst meir rot enn godt er, og prøver ein gong til.Apollonius senior hadde to born, Catharina Dorothea, gift Daae og stammor til ei stor etterslekt, og Johan Benjamin. Han vart med tida klokkar i Vik etter faren, og hadde 6 born. Den eldste av dei heitte Edvard, og fyrst nr 2 vart oppkalla etter bestefar Apollonius. Grunnen til det er nok at faren ikkje var fornøgd med Johan sitt val av kone, men det ordna seg visst seinare.Edvard var fødd i 1803, og vart gift med Anna Skjerven i Leikanger - det er vel dei du stammar frå? Eldste barnet deira var (Gjertrud) Johanne, f.1831. Ho vart gift med Jens Hauglum, og dei hadde ein son Edvard f.1853, som fekk Liljedahl som mellomnamn og seinare brukte det som etternamn. Dersom det er denne Edvard som er oldefar din, var faren Jens altså svigerson og ikkje son i Liljedahls-familien.Blei det noko klårare ;-?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.