Gå til innhold
Arkivverket

[#38386] Thora Larsd., f. Hafslo 1740, flytte 1808 som enkje til Hegdal i Aukra - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Thora Larsdotter, fødd i Hafslo kring 1740, var gift med husmann Mons Asbjørnson på Mosengi i Hafslo (1746-1805). I 1808 flytte einaste dotteri deira, Anna Monsdotter (1783-1870), med mann sin Nils Ellingson (1777-1815) til Aukra i Romsdalen der dei vart gardbrukarar på Hegdal søndre.Thora Larsdotter vart med på flyttelasset og må vera avlidi i Aukra ein eller annan gong mellom 1808 og 1830/1840?Er det nokon med lokal kunnskap i Aukra eller med tilgjenge til kyrkjebøkene frå Aukra som kan hjelpa meg finna dødsfallet til Thora?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut R Sande

Eg finn familien du nemner på bruksnr 2 Bakken under Nordre Heggdal, side 254 i bygdebok for Midsund I. Thora er ikkje nemnd. Folketeljinga for 1815 er teken med i boka, og ho er ikkje der i lag med familien. Dersom det var slik at ho kom hit, må ho vere avliden mellom 1808 og 1815. Det er ikkje kyrkjebøker i periden 1808-1816 for Aukra.Helsing Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Knut for kjapt svar!Etter kva eg forstår, er det ikkje mogeleg å finna dødsfallet til Thora der oppe, og noko skifte finst nok heller ikkje, so eg får berre skriva at ho truleg d. kring 1812...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.