Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#38453] Mathilda Marie Madsd. i N. Dakota =? Martha Marie Madsd. frå Borgund, Sunnmøre?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

I Richland Co., ND dukkar det ved ei vigsle i 1893 opp ei Mathilda Marie Madsdotter som vert oppgjevi fødd i ''Noreg'' 23.8.1846. Foreldri hennar heitte Mads og Maria.På FamilySearch finn eg ei Martha Marie Madsdotter, fødd 20.7.1849 og døypt i Borgund på Sunnmøre 4.11.1849. Foreldri var Mads Knutson og Maria Halvorsdotter.Eg finn att denne Martha Marie Madsdotter i Databasen over fødde i Borgund, og der går det fram at faren var smed og budde i Ålesund!Martha Marie Madsdotter er ikkje i basen over vigde i Borgund!FT1900 opplyser at Mathilda Marie utvandra i 1870, medan FT1910 oppgjev 1874. Ho døydde i Fergus Falls, MN 21.2.1917.Er det nokon med lokal kunnskap til dømes i Borgund eller Ålesund som er i stand til å identifisera denne Mathilda Marie/Martha Marie Madsdotter? Kan det vera same jenta? Eller ei heilt onnor?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • 7 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg ønskjer i kveld å blåsa liv i dette spørsmålet mitt frå april, som enno står utan svar. Eg har ingen nye opplysningar å komma med, men vonar at det ein eller anna stad i Noreg finst ei Mathilda Marie Madsdotter med ''rett'' fødselsdato?Alle tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.