Gå til innhold
Arkivverket

[#39322] Ole Larsson og Anna Johannesd 1832 frå Leikanger til Hersvik og Nesøya i Solund?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Larsson, fødd på Meland i Balestrand 1796, gifte seg i Leikanger 10.1.1825 med Anna Johannesdotter, fødd på Njøs i Leikanger 1792. Parfolket budde nokre år på Hanehaug under Henjum i Leikanger, men flytte i 1832 til Hersvik i Solund. Seinare budde dei på Nesøya i Solund. Eg veit om tre born fødde i Leikanger to born fødde på Hersvik i Solund.Men, er det nokon med lokal kunnskap i Solund, som kan fortelja meg:* Dato og stad for dødsfallet til Ole Larsson?* Dato og stad for dødsfallet til Anna Johannesdotter?* Kor mange born fekk Ole og Anna etter dei flytte til Solund?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Eg har diverre ikkje så mykje nytt å komme med, men det er vel denne - Lenke - Ola Larsson det er snakk om?Eg har notert meg same antal born som du (Anne i 1825, Anne i 1826, Randi i 1829, Johanne i 1834 og Ole i 1837) og at både Ola og kona dø i 1864, på Nesøya. Datoane har eg ikkje.M.v.h. Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Inger Leirvåg

Ola og Anna fekk 2 born etter at dei kom til Solund, Johanne og Ola. Anne, fødd i 1826, er tippoldemor mi.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Ola Larsson og Anna Johannesdtr. fekk desse to borna i Solund: Johanna f. 2/10 1834 og Ola f. 9/10 1837. Kårmann Ola Larsson døydde i Nesøy 12/5 1864, 67 år. Kårkone Anna Johannesdtr. døydde i Nesøy 25/10 1864, 74 år.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle, Inger og Alf for interessante innlegg. Med opplysningane om talet på born og dei nøyaktige dødsdatoane har eg fått greie på det som eg mangla om denne huslyden, og eg er soleis vel nøgd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.