Gå til innhold
Arkivverket

[#42929] Hans Teiste til Fet (1555-1591)og Brynhild Thorsdotter Benkestok (1565-) - ætti?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Har sett litt på det som er skrive i denne tråden lenger oppe, og det kan sjå ut som om det er ei Guri Tordsdotter som er kona til Johan Kruckow og mor til dei nemnde 7 søskena. Om eg da ikkje har misforstått noko som står i Norske Herredags-Dombøger frå 1599 s. 100 ff. Der uttalar nemleg Anders Nilsson til Kroken (da gift med Anne Kruckow) at Indre Kroken var Annas mor sin rette odel. I tilfelle det er rett at Guri Tordsdotter er mor til Anna (Anne) Kruckow, så kan det kanskje vera til hjelp med å finna fram til Guri sine foreldre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Skjerve

Fra min Hjemmeside vedrørende Jens Lesemester I Bergen nevner jeg:Jens Lesemester hadde retten til St Anna-prebendet, og kom i den forbindelse opp i en sak med Jon Teiste, som vilde ha to laup smør i Indre Kroken i Lyster, som i 1561 vart dømt under prebendet av Erik Rosenkrants.Saken ble pådømt av Herredagen i Bergen i 1604. Dommen fra 1561 blev stadfestet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Leif (53)Dette stemmer sikkert, men det er også snakk om eit makeskifte. Kanskje hadde far til Guri Tordsdotter seld eller makeskifta bort Indre Kroken til Erik Rosenkrantz og at Anders Nilsson og kona mangla papir nettopp på dette. Dei kunne jo visa fram skjøte og papir som prova at garden hadde høyrd til morsslekta til Anna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Eller at gården var gitt i gave til prebenden i katolsk tid, og Erik Rosenkrantz dømte at gården fortsatt skulle være eid av prebendet, og ikke av arvingene til den opprinnelige donatoren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Det kan jo vera freistande å minna om dette diplomet; LenkeEr Krok som nemnd i dette diplomet den same garden som Kroken i Luster/Hafslo?Eg har jo tidlegare lansert Margrethe Ivarsdotter på Fit som dotra til Ivar Trondsson i Aspa som igjen var soneson til Adalis Erlingsdotter, der den sistnemnde truleg er dotter til den Erling Einarsson som er nemnd i brevet det er vist til ovanfor.Om dette skulle visa seg å vera rett, så bør også forfedrane til Johan Kruckow si kone vera å finna blant etterslekta til Trond (Ivarsson) i Aspa. Vi veit jo at Kruckow-slekta er knytt til Kroken alt frå tidleg på 1500-talet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg gløymde i førre innlegget mitt at Benkestokkane helst også nedstammar frå Erling Einarsson. Dette opnar sjølvsagt for at Guri Tordsdotter også kan nedstamma frå Benkestokkane. Den Galleslekta som ophavleg nedstamma frå Erling Einarsson ser derimot ut å ha døydd ut.I Benkestokslekta var som kjend ikkje Tord eit uvanleg namn...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Guri (Gudrun) Thordsdotter var altså dotter til Thord (Trondsson) Benkestok til Haraldseid (etter Wilhelmine Brandt) og Anne Boesdotter Flemming ??, og syster til Trond (Tordsson) Benkestok til Melø (Rødøy prestegjeld). som var gift med Anna Jonsdotter Hård (ifølge Wilhelmine Brandt)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Jo, for så vidt, Dessutan lurte eg litt på kva ein kunne hevda utan at nokon protesterte. ;-))..Når det er sagt,- kva for andre hypotesar finst om Guri sitt opphav, og kva er grunngjevinga?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Løberg

Litteraturen vil knytte henne til Tjerne i Ringsaker, en gård som senere blir setegård for en gren av Kruckow'ene. Men noen virkelig god og kritisk artikkel på denne slektskretsen kjenner jeg ikke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I denne debatten, innlegg (13) Lenke gir Tore Vigerust følgende oversikt;Fra Ole Bang (1710-1783): En gammel fortegnelse på den norske adel (DRA, Håndskriftsamlingen XIII, Genealogisk-Heraldisk Selskab, Generalia 2o, nr. 3): Thora Thorgundsen Dette er Anna Krucows Möderne og Thore Thorgundsen paa Hedemarken förte dette, denne Thore var föd i Wiegen, hans Hustrue var Hustrue Berta Kiettelsdatter til Tierne, med hende fik hand Tierne og Tiernegods deres börn var 1. Hustru Thore som fik Östen Bratt. 2. Kield Thoresen, Som var K. Christiani 3tii Överste for Carlsborg i Wiegen og havde Österdalen i forlening, hans Hustrue Agatha, Asguth Qumpes datter, og södster til Hustrue Karen som var Hans Krukows Hustrue. 3. Hustrue Guren Thorsdatter som fick Johan Krucow. Det virker som Lars tviler på at dette er riktig?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Guri Tordsdotters slekt er utførlig drøftet i tidligere debattråder, søk f eks på 'Kruckow', 'Tjerne' med videre. Lars har rett i at en grundig artikkel mangler.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Tore (63)Ja, som du ser av førre innlegget mitt, så har eg alt funne ymse om Tjerneætta i tidlegare trådar og innlegg. Dette har vore ukjend stoff for meg, men det kan sjå ut som dei fleste stormannslektene i Noreg er meir eller mindre samanvevde med kvarandre, så di meir ein arbeider med dette, di fleire slekter lyt ein inkludera i influensområdet, for å nytta eit uttrykk frå mitt eige fag.Når det er sagt, så har eg vanskar med å sjå at den Guri Tordsdotter, eventuelt far eller mor hennar kunne ha noko slags eigedomsrett til Kroken i Sogn? Skal tru om det er uttrykt feil i Herredags-domboka, slik at det er son til Anna og Anders, Jon som uttrykkjer at det er mora si slekt som hadde vore eigar av dei to markebola?Ei anna løysing kan vera at Johan har vore gift to gonger, og at nokre av borna hans har ei anna mor enn Guri Tordsdotter, blant dei, Anna.I innlegg (50) og (51) nemnde eg ei hending på Hof i Toten, der ein Olav Teiste oppsøkte frenden sin, mester Torbjørn Olsson (Skaktavle) og oppførte seg på ein svært så provoserande måte (i fylla). Resultatet vart at Olav vart drepen i basketaket som oppstod. Den Hans Kruckow som er der litt seinare og tek opp vitneprov om det som hende er kanskje bror til den Johan Kruckow som vi nettopp har drøfta her. Han representerer også arvingane til Olav Teiste. Helst var det slektskap også mellom dei to. Hans opplyser dessutan at arvingane til Olav bur langt borte (truleg nordafjeldsk, eventuelt i Nord-Noreg). Men kven er så Olav Sjurdsson?Etter det eg forstår, så er det enno ikkje gjort nokon endeleg konklusjon kva gjeld identiteten til den Torbjørn Olson som er nemnd på Aspatavla, Bratt eller Skaktavle?Som vi veit er det mange av etterkomarane til Ivar Trondsson i Aspa som nyttar etternamnet Teist el. Teiste og blant mannskapet og dei næraste medarbeidarane til Erkebiskop Olav Engelbregtsson er det da også minst ein Olav Teiste.Så kan ein jo undrast på kvifor denne Olav var så ilter i huset til frenden sin på Toten. No gjorde vel heller ikkje Torbjørn saka betre ved skulda Olav for ikkje å ville drikke skåla tom til ære for til husbonden sin, Peder Hansson. Denne hendinga gjekk jo føre seg rett etter reformasjonen, så kanskje det hadde vorte noko vondt blod mellom frendar på grunn av dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Det enkleste blir å godta at Ytrekroken var eid av hustru Anne Kruckows mor (Anne gm. Anders Nilsson til Kroken) og at Annes mor het Guri Tordsdotter. Jeg har ingen forklaring på at Guri eide vestlandsgods, men gitt de foreliggende kildeopplysningene, ser det ut til at hun faktisk gjorde det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Guri Tordsdotter må forøvrig ha vært i live da hennes bror, riksråden Kjell Tordsson, døde 1532. Guri arvet da sin bror Kjell, med samtykke av sine brødre (i flertall, dvs minst to ikke-navngitte brødre) - etter press, selvsagt, fra Guris mann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.