Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#43922] Britha/Berit Andersdotter, f. Hafslo 1795 - til Bolsøy og so til Veøy? - lagnad?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Britha Andersdotter Lunde, døypt i Hafslo 4.1.1795, gifte seg i Hafslo 31.5.1831 med enkjemannen Anders Nilsson (Mjelva), døypt i Hafslo 30.10.1788, og dei flytte i 1831 til Kleive sokn i Bolsøy. Dei skal sidan ha vore plassfolk på Mjelvahaug under Mjelva i Bolsøy, men Anders døydde som legdelem på Røbek i Bolsøy 19.3.1858.Kvar vart det so av Britha/Berit Andersdotter? Ho hadde berre ein son, Anders Endreson (1826-1918), som i 1857 gifte seg i Veøy med Anna Knutsdotter frå Straume i Veøy og tok over som gardbrukarar på heimebruket hennar på Straume i Veøy.Dødsfallet til Britha/Berit er ikkje å sjå i Bolsøy! Kan det tenkjast ho flytte til son sin på Straume i Veøy og døydde der? Er det nokon som har tilgjenge til kyrkjebøkene for Veøy?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • 1 år senere...
Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Et snart to år gammelt tema som du kanskje har fått svar på i mellomtiden. Men jeg løfter det opp:Her er vel sønnen Anders i 1865 [url="http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1541&kenr=004&bnr=0032&lnr=000>Lenke. Hans barn var Anton, f. 1859 og Beretanna, f. 1863, Veøy. Sønnen Anton Edvards dåp - Møre og Romsdal fylke, Veøy, Ministerialbok nr. 547A05 (1846-1877), Fødte og døpte 1859, side 45. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeBeretannas dåp - Møre og Romsdal fylke, Veøy, Ministerialbok nr. 547A05 (1846-1877), Fødte og døpte 1863, side 67. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for å ta opp att dette temaet. Nei, eg har ikkje enno funne ut av lagnaden til Britha/Berit Andersdotter og er svært so open for alle gode forslag!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.