Gå til innhold
Arkivverket

[#46812] Ole Larsson (1742) og Ragnhild Johannesd. (1748) - frå Hafslo til Bergen og so?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg er på leiting etter eit ektepar frå Hafslo som vert bort borte for meg i Bergen:Ole Larsson, fødd i Hafslo kring 1742, gifte seg i Hafslo 12.1.1781 med:Ragnhild Johannesdotter, døypt i Hafslo 2.6.1748.Parfolket flytte til Bergen i 1783 og fekk tre born døypte i Krosskyrkja:* Lars (Olsen), fødd 19.12.1783* Johannes (Olsen), fødd 28.7.1786* Gjertrud (Olsen), fødd 8.11.1789Ole Larsson er nemnd vera vektar i Bergen, og i FT1801 finn eg dei som leigebuarar i 22. rode nr. 87:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~14563 Erick Marcussen Huusfader 42 Begge i 1. ægteskab Fiske vrager F14564 Anne Larsdtr Hans kone 41 Begge i 1. ægteskab M14565 Ole Larsen Huusbonde leyer 58 Begge i 1. ægteskab Daglønner F14566 Rangele Johannesdtr Hans kone 56 Begge i 1. ægteskab M~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ingen av borni er nemnde i 1801, so kanskje dei var avlidne før??Eg har søkt i databasane for Bergen, og den einaste Ragnhild som eg kan finna som høver, er ei Ragnhild Johannesdotter som døydde på enkjehuset St. Jørgen 25.3.1827, 83 år gamal.Men om dette er ''rette'' Ragnhild, kvar vart det i so fall av mannen Ole Larsson og dei tre borni deira?Eg vonar at einkvan med ''falkeblikk'' er i stand til å ''oppdaga'' denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Litta for kjempefine innlegg! Eg er overvelda! Men eg lurer på: Den Ragnhild Johannesdotter som du syner til i innlegg #4, er det den same som eg nemner i innleiingi; ''linken'' din fungerer ikkje...?Elles kan det verta vanskelegh å finna att dei tre borni med so vanlege namn; den lettaste vert truleg Gjertrud, men likevel...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Litta for siste innlegg.Eg har kikka på ''kandidaten'' din til Ragnhild Johannesdotter, men trur ikkje det kan vera ho. Det er nok ektemannen sitt namn som er oppgjeve, og dessutan var ho enkje, og det stemmer jo ikkje, for Ole Larsen (Kalhagen) døydde seinare!Då har eg meir tru på ho som eg har nemnt i innleiingi, og som døydde i 1827...Elles vonar eg at einkvan kan greia finna nokon av dei tre borni...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Litta Olsen

Du har helt rett, Lars. Eg blingsa litt der med dødsårene.Jeg ser også at jeg på en eller annen måte har rotet med linkene igjen, slik at Ole ikke sto på listen. Så for ordens skyld:Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få blåsa lite vetta støv av dette problemet frå sist vinter, som framleis står uløyst. Søærleg er eg oppteken av å finna att dei tre borni til Ole og Ragnhild (nemnde i innlegg #1)....Eg har i mellomtidi funne sonen Lars Olson HILDESTAD i undersøkelseskommisjonen 1804 - som tømmermannslærling i Bergen. Men kvar vart det av han?Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin for ein ny brikke på plass i puslespelet mitt! Kjempebra!Eg vil tru at ogso Gjertrud døydde som barn, men lagnaden til Lars Olson er førebels eit mysterium.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag å henta fram att dette temaet som framleis står delvis uløyst.Eg er særleg nysgjerrig etter å finna lagnaden til Lars Olson, fødd i Bergen 19.12.1783, som i ''undersøkelseskommisjonen'' frå 1804 er kalla ''Hildestad'' og tømmermannslærling (sjå innlegg #10 over).Let det seg gjera å finna han att?Søsteri Gjertrud, fødd i Bergen 8.11.1789, er òg mellom dei som framleis er sakna...Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

Dette er vel Ole Larsson i undersøkelseskommisjonen 1804-1805:LenkeDer står han oppførd med sonen Lars, som går i lære på 'Bradbenken' (Kva no det er)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Kva Bradbenken i Bergen er? Jau det er eit:'kaiområde i Bergen, Hordaland, på østsiden av Vågen nord for Bryggen. Stedet har navn etter et kjølhalingsverft (bradbenk) som ble grunnlagt her 1602 og var i virksomhet til 1878. Ved Festningskaien nord for Bradbenken lå det nederlandske skipet Voorbode med en dynamittlast som eksploderte 20. april 1944 og forårsaket den største enkeltkatastrofe i Norge under den annen verdenskrig, med 158 omkomne, 4800 skadde, og store ødeleggelser på bl.a. Håkonshallen og Rosenkrantztårnet.'- Bradbenken ligg altså mellom Bryggen og Bergenhus festning/Håkonshallen, på austsida av Vågen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin og Terje for nye innlegg om denne huslyden!Det er tydeleg at Lars Olson er skriven to ulike stader i ''Undersøkelseskommisjonen'' frå 1804, og det einaste me vel kan seia sikkert, er at han gjekk i tømmermannslære... Diverre har han nok sidan skrive seg for Lars Olsen, og då vert det mange aktuelle ''kandidatar''. Og det er jo ikkje sikkert han arbeidde som tømmermann...Her kjem ein oppdatert versjon av manuskriptet om denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~Ole Larsson [Kalhagen], f. [Hafslo] kring 1747, gifte seg [Hafslo] 12.1.1781 med Ragnhild Johannesdotter [Veum], døypt [Hafslo] 2.6.1748. Ole og Ragnhild budde nokre år på Klokkargarden i Hafslo, truleg som innerstfolk, men flytte i 1783 til Bergen der Ole i mange år livnærte seg som vektar. Dei budde ulike stader i Bergen, m.a. på Korskirkealmenningen, der Ole d. 5.8.1824. Ragnhild d. visstnok på enkjehuset St. Jørgen i Bergen 25.3.1827. Dei fekk fire born i lag:a. Lars Olson, f. og d. i 1782 i Klokkargarden, Hafslo.b. Lars Olson, f. i Bergen 19.12.1783,¤¤¤¤¤ (lagnad? – ikkje n. 1801, men n. undersøkelseskomm. 1804 – ”Hildestad” – i tømmermannslære)c. Johannes Olson, f. i Bergen 28.7.1786, vart gravlagd i Bergen 31.5.1788.d. Gjertrud Olsen, f. i Bergen 8.11.1789,¤¤¤¤¤ (lagnad? – ikkje n. 1801!)~~~~~~~~~~~~~~So me sit att med spørsmål om lagnadane til Lars og Gjertrud, og det finst ikkje dødsmeldingar etter nokon av foreldri som kan hjelpa oss heller...Eg har søkt etter ein konfirmasjon for Gjertrud mellom 1803 og 1810, men finn ho ikkje, so ho er nok truleg avlidi før 1801!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.