Gå til innhold
Arkivverket

[#47023] Anders Christenson Nitter frå Hafslo, død etter sjukehusopphald i Bergen 1764?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

I fattigprotokollen for Hafslo i Sogn vert i 1764 nemnd ein:Anders Christenson Nitter som skal ha vore til sjukehus i Bergen for handsaming, men som må vera avliden der, for seinare same året får ''Anders Nitters faderløse børn'' (ikkje namngjevne) støtte av fattigkassa til livsopphald. Sidan vert so nemnde to av borni hans då dei fekk vidare støtte:* Lars Andersson Nitter i 1766 då ogso han fekk betalt for sjukehusopphald og apotekrekning i Bergen.* Martha Andersdotter Nitter i 1768, 1770 og 1771.Eg kan ikkje sjå noko meir til denne greini av Nitter-ætti i Hafslo, og no spekulerer eg på om nokon har vore borti desse namni og kan bidra med fleire opplysningar om dei? Kanskje hamna dei i Bergen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Problemet er løyst! Anders Christenson Nitter var ein ''uekte'' son av gjestgjevar Christen Nitter i Solvorn i Hafslo, fødd i 1711, og han døydde i 1763. Sonen Lars døydde truleg i 1766, medan dotteri Martha, fødd i 1752, gifte seg i Solund i 1795. Nitternamnet vart ikkje nytta andre stader enn i fattiglistene...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.