Gå til innhold
Arkivverket

[#47846] Iver Iverson og Agatha Olsdotter - vigde Askvoll 1796 - Hyllestad 1801 - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Under tema #47788 har eg teke opp spørsmål kring lagnaden til ein søskenflokk frå Hafslo som forsvinn derifrå kring midten av 1700-talet. Kanskje er kone i dette parfolket som i 1801 var tenarfolk på Foss i Eivindvik (Hyllestad), ein del av huslyden eg leiter etter:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~IVERSEN, Iver 33 tienestemandOLSDATTER, Agathe 32 tienestekoneIVERSDATTER, Kari 6 fælles barnIVERSEN, Iver 2 fælles barn~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~FamilySearch syner at Iver Iverson og Agatha Olsdotter gifte seg i Askvoll 27.11.1796.Kven er denne Agatha Olsdotter? Kan ho vera døypt i Hafslo 10.12.1766?Eg ser av FamilySearch at ei Agatha Olsdotter HERSVIK vart døypt i Askvoll 27.3.1768, medan ei Agatha Olsdotter Axe vart døypt i Askvoll 28.12.1768 - båe er òg ''farlege kandidatar''...Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

God kveld Lars,1) Agate Olsdotter Akse (Hyllestad), dtr av Ole Pederson og Gjertrud Nilsdotter dør som liten ifølge BB for Hyllestad.2) Agate Olsdtr Hersvik sine fld var muligens Ole Ottesson og Barbra Larsdtr. og BB for Solund seier ikkje noko om kvar denne Agate tok vegen. Det står ein parentes etter Agate som seier ”(uvisst)”, men om dei mulige barna til Ole og Barbra står det ”…berre den eine av desse finst att: Jørnille….”Dermed kan du truleg sjå bort frå begge desse alternativa.MEN, under Akse, plassen Aksehaug u. br. 1:3) Agate Olsdotter Systad, d. 1840 g. 1796 m. Ivar Ivarsson f. 1769 Espeland, d. 1833. Dei tente fyrst på Espeland, deretter Foss før dei kom til Akse. Dei fekk 4 i alle fall barn (Kari, Mari, Anders, Ivar). Ivar fekk også ein son Knut i 1808 m. Synnøve Pedersdtr Indre Berge.Under Espeland (Bø sokn, Hyllestad) står det ikkje noko meir om kvar Agate kom frå. Men fld til Ivar, f. 1769, var Ivar Hansson og Marie Ivarsdtr. Første kona til Ivar dø i 1764, Birte Eriksdtr. Ytre Løland.Eg finn ingen passande Agate nemnd under Systad i BB for Hyllestad. MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.