Gå til innhold
Arkivverket

[#48135] Ei floke frå Gloppen - Eikenes, (Indre) Henden


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Eg likar å prøve å rydde opp i meir eller mindre openberre feil i bygdeboka vår, og strevar no med følgjande floke - tek gjerne imot hjelp.

Ved manntalet i 1701 finn eg Ole Jonsen på Indre Henden, 13 år gammal. Lenke

I 1710 er der eit skifte på Eikenes der attsitjande enkje, Agnete Andersdtr, har born i alderen 2 til 19 år. Lenke Ho bør dermed vere ein stad i 40-åra, noko som stemmer godt med dødsfallet i 1743, der ho er oppgjeven å vere 78 år Lenke (langt nede lengst ti høgre).

Ei enkje med gard er eit godt gifte, så i 1714 finn vi denne innførsla Lenke Brudgommen er berre kalla Ole Jonsen Henden, men bygdebokforfattaren har gått ut frå at det er han frå manntalet som kjem inn her, og det høyrest rimeleg ut så langt.

Mellom anna er Ole Jonsen Egenes fadder for Jon Jonsen Indre-Henden sitt barn her i 1717 (siste innførsle før november) Lenke

Problemet oppstår i 1718, då Ole Jonsen Indre-Henden har barnet Gjertrud til dåpen, innførsel nr 3 ovanfrå Lenke

Han får også Jon i 1720 Lenke Mikkel i 1721 Lenke ny Gjertrud i 1723 Lenke Ole i 1726 Lenke og seinare også Ingeborg i 1730 og Mari i 1734, utan at noka mor er nemnt. Agnete er i alle fall uaktuell på grunn av alderen, samtidig som vi veit ho lever. Er her fleire Ole Jonsen Henden? Har han skilt seg??

Sit nokon med fasiten her?

Endret av Anette S. Clausen Digitalarkivet
Lenker og deler av teksten var borte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.