Gå til innhold
Arkivverket

[#48183] Knut Paulsen (1755-1810) i Bergen og kona Gjertrud Knutsdotter - huslyden deira?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

For fleire år sidan (tema #15521) fekk eg framifrå hjelp til å identifisera Knut Paulsen frå Hafslo, som vart vektar og dragar i Bergen. No er tidi kommi til å freista finna ut noko meir om huslyden hans:Knut Paulsen, døypt i Gulen 9.5.1755, gifte seg i Nykyrkja i Bergen 16.9.1787 med Gjertrud Knutsdotter, døypt i Nykyrkja i Bergen 25.8.1756. I 1801 er Knut kalla vektar og dagarbeidar, og parfolket budde i 1-185 i Bergen. I 1804 er Knut kalla dragar, og han døydde 1.1.1810 som daglønnar, då busett i 1-60 i Bergen.Kvar vart det so av kona Gjertrud Knutsdotter?Knut og Gjertrud fekk fire born i lag:* Karen Elisabeth Knutsen, f. i Bergen 21.2.1788, ikkje nemnd i 1801.* Knut Knutsen, f. i Bergen 2.11.1790, nemnd i 1801 og i 1804, d. i Bergen 1.11.1808, bustad 1-106 i Bergen.* Marthe Marie Knutsen, f. i Bergen 10.6.1794, gifte seg i Nykyrkja i Bergen 19.7.1818 med ein Lars Michelsen, fødd kring 1792. Dei fekk to born i Bergen, Gjertrud Jacobine i 1817 og Berthe i 1819, og so vert dei borte...!?* Paul Knutsen, f. i Bergen 25.11.1797, nemnd i 1801 og i 1804, lagnad ukjend.Eg føler eg har saumfare kyrkjebøkene og folketeljingane for Bergen, men finn altso ikkje fleire spor etter mori Gjertrud Knutsdotter eller dei tre borni som levde opp.Er det nokon som har gode tips når det gjeld denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.