Gå til innhold
Arkivverket

[#48419] Anders Sørenson Ødegaard (Hafslo) & Dorthe Simonsd Bøe (Vang) - Amerika 1879/80?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har nok ein skikkeleg ''påskenøtt'' til dei som ønskjer å ''bryna seg'' på utvandringsproblem, ein huslyd som eg har leitt etter i årevis...:Anders Sørenson Ødegaard, fødd i Hafslo 9.8.1829, gifte seg 8.5.1870 i Bergen med Dorthe Simonsdotter Bøe, fødd i Vang (Valdres) 29.12.1845. Anders var ei tid handelsmann i Bergen, men utvandra i 1879 til Amerika, og i 1880 følgde kona Dorthe etter. Born i denne huslyden var mellom anna:* Ole Larsson (Bøe), son av Dorthe og ein ungkar Lars Olson Aasen, var fødd i Vang 14.9.1865 og kan ha utvandra, men er førebels heilt ukjend!* Anton Marius Andersson (Ødegaard), fødd i Bergen 30.5.1874, utvandra til Amerika frå Bergen i 1885.* Anne Severine Andersdotter (Ødegaard), f. i Bergen 2.5.1876, utvandra òg til Amerika frå Bergen i 1885.* Marius Andersson (Ødegaard), tvilling, fødd i Bergen 12.5.1879, ikkje nemnd som utvandra!* Ole Andersson (Ødegaard), likeins tvilling og fødd i Bergen 12.5.1879, utvandra til Amerika frå Bergen i 1885.Det synest underleg at ein so stor huslyd skal kunna ''forsvinna'' slik i Amerika utan å setja spor etter seg, men eg har i alle fall ikkje greidd å finna dei att.Eg vil vera overmåte takksam for alle gode tips som kan føra til oppsporing av denne huslyden Amerika!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å trekka fram att dette spørsmålet som står like uløyst i dag som det gjorde for to år sidan, og forsovidt ogso for 15 år sidan, då eg første gongen leitte etter desse folki, men då sjølvsagt med langt færre hjelpemiddel enn dei me har i dag.Eg ville setja stor pris på alle opplysningar som kan føra til at dei vert funne i Amerika! Eller kanskje i Canada?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Sidan eg er heilt ''blank'' på denne huslyden, vil eg gjerne få trekka han fram att ogso i dag. Eg vonar framleis at nokon tek utfordringi...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.