Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#48555] Anna Lydia Pedersdotter (Hansson), f Noreg 1867, til Wisconsin 1880-kven var ho?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg er på leiting etter denne jenta:Anna Lydia HANSON, fødd i Noreg desember 1867, dotter av Peder og Martha HANSON, skal ha utvandra til Amerika i 1880 og gifte seg i Waushara Co., Wisconsin 8.3.1895 med Carl Johanson RUD frå Høland.Eg har leitt ''på kross og tvers'', men finn ikkje kvar i Noreg denne jenta kan ha opphavet sitt ifrå.Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Arnfrid Mæland

Har du vore gjennom emigrantlistene, eller skal vi leite der?Det eg ser i 1865 er at Lydia var mykje meir brukt i Hordaland, Sogn & Fjordane og Nordland, enn elles i landet, -kanskje ein peikepinn.Ved søk på ektepar Peder Hansson og Marta i 1865 får eg fleire treff.

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for nytt innlegg!På bakgrunn av at mann hennar kom frå Høland og dei fleste pionerane i dette nabolaget kom frå Telemark og Vestfold (i tillegg til Hafslo og Sogndal i Sogn), har eg i hovudsak konsentrert meg om emigrantane over Christiania med namn Lydia, men dei er det ikkje mange av.Eg har òg freista FamilySearch for heile landet, men heller ikkje der finn eg nokon som høver...Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har i kveld fått sjekka ut dødsattesten til Anna Lydia i Wautoma, WI, og den fortel oss at Anna Lydia var fødd 5.12.1867 i Noreg. Foreldri hennar er oppgjevne som PETTER og Martha Hansen.Men hjelper dette oss til å finna det norske opphavet hennar?Eg vonar framleis... og takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk, Jan Peter, for overraskande, men særs velkoment funn. Dette var merkeleg, for eg leitte meg her om dagen igjennom alle aktuelle kandidatar på FamilySearch, men utan å finna noko!No har du løyst so å seia heile problemet; berre eitt spørsmål står att:* Kva tid utvandra Anna Lydia til Amerika? Frå Amerika er oppgjeve 1880, men stemmer det?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.