Gå til innhold
Arkivverket

[#48768] Crispinus Thorsen i Bergen (1758-1797) - g.m. Cathrine - opphavi deira? - Breim?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Crispinus Thorsen vart gravlagd i Bergen 6.5.1797, 39 år gamal. Han gifte seg i Bergen 19.2.1786 med:Cathrine Thomasdotter, som vart konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1769(?). Dei fekk fem born i lag:* Thor, fødd DK, Bergen 5.12.1785* Thomas Knudsen, fødd DK, Bergen 8.5.1787* Birte Cathrine, fødd DK, Bergen 17.6.1788* Thomas, fødd DK, Bergen 8.1.1790* Christiana, fødd DK, Bergen 1.2.1794Eg mistenker denne Cathrine Thomasdotter for å vera barnefødd i Hafslo i Sogn kring 1753, men kyrkjeboki er mangelfullt ført på den tidi...Er det nokon som er i stand til å identifisera dette parfolket og opphavi deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jo Rune for nye innlegg. Jau, Crispinus er eit typisk Jølster-namn, men korkje Egil Øvrebø eller Yngve Nedrebø dreg kjensel på denne karen, so truleg er han komen frå ei anna bygd. I Breim finst både Crispinus og Thor...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Eg ser at dei er vigde i Domkirken, men eg kan ikkje finna at det er lyst for dei der. Veit du kor det vart lyst for dei?[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=4529&merk=4529#ovre>Lenke LenkeMellom konfirmerte i Domkirken finn eg Cathrine Thomasdtr, konfirmert 1. okt 1769 av BRUUN. Det står ingen ting meir om henne der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid, Gisle og Grethe for nye interessante innlegg. Etter dette ser huslyden til Crispinus og Cathrine ut til å vera godt illustrert, men det er tydeleg vanskeleg å finna opphavi deira...Det er rimeleg å tru at det er Cathrine Thomasdotter frå konfirmantlista i Domkyrkja 1769, som vart gift med Crispinus Thorsen, men fødde manglar for Domkyrkja i 1750-åri, so det synest nærast umogeleg å prova kven ho var...Men det er von i hangande snøre...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Lars,Er det noko som tyder på at den eventuelt Hafslo-fødde Cathrine Thomasdotter skal verte konfirmert i Bergen? Flytte resten av familien hennar dit, eller kan det vere andre grunnar til at ho skulle ha reist til Bergen?MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for siste innlegg!Jau, foreldri til Cathrine er truleg Thomas Aamundson og Synneva Christensdotter som budde i Hafslo til dei kring 1757 flytte til Bergen og busette seg i Domkyrkjesokni!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for nye spennande innlegg. Dødsfallet hans Thomas visste eg om, men ikkje at Synneva hadde gift seg att! Eg har berre funne at Synneva truleg vart gravlagd frå Domkyrkja 5.8.1776...Elles var det vel Paul Andersen's første kone den Guri Ingebrigtsdotter, som vart gravlagd frå Domkyrkja 14.2.1771, 31 år gamal...Eg veit ikkje kvar i Domkyrkjesokni Thomas og Synneva budde. Hadde me no hatt ekstraskatten frå 1762...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Er foreldrene til Cathrine, gift med Crispinus, identisk med Thomas Øvrebø og Synneva Christensdatter i innlegg 48645?Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!Yes, eg trur Cathrine høyrer til den huslyden, men kan ikkje prova det...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.