Gå til innhold
Arkivverket

[#49339] Herlog, Herloff, Herlaug. Kor vanleg var dette namnet i Noreg på 1600-talet?


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Når det gjeld synspunkta til Tore Vigerust vedrørande Herlog Hudfat og namnet Herlog Hallvardsson på Austlandet og Sørlandet, så tek eg dei til etterretning. Men så lenge det ikkje ligg føre ein godt grunngjeven artikkel om Herlog, forfedrane hans og etterslekta frå Tore si side, så reknar eg Svein-Erik Ødegaard`s; Under konge og kirke 1000 - 1660, Stangeboka II (2006), som rådande litteratur no, kva vedkjem denne slektkrinsen frå Stange i Hedmark.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

nå har jeg ikke lest Ødegårds bok ennå, men hans identifisering fikk ikke støtte i de senere artiklene som kom om emnet i NST; men jeg tar utfordringen . .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torkild Knudsen

Til Finn i innlegg 9. Hvem var Sjonde Mogensen og hvilke mulige forbindelser til Nordmøre er det du mener?Er det mulig å anslå sånn noenlunde når Eli Tostensdatter Kusse er født?Hva er kjent rundt jordegodset Nils Herlaugsen arva?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Sjaunde Mogensson held til på storgarden Frang i Stange på Hedemarken og var involvert i ein eigedomstvist om garden, - ein tvist han gjekk sigrande ut av. Det er skrive noko om dette i NST både av Svein-Erik Ødegaard og andre, men eg har ikkje eksagte kjelder her og no. Sjaunde hadde m.a sonen Dale Sjaundesson Frang som igjen hadde sonen Guttorm Daleson. Den siste høyrde til i krinsen rundt Olav Engelbrigtsson. Truleg var ei Sigrid Dalesdotter g.m. væpnaren Trond Ivarsson søster til Guttorm. Denne Sjaunde Mogensson er ganske visst identisk med ein Sone Magnusson som sel 9 sp. i Sandvik på Tingvoll til Ivar Trondsson i 1462. Ein må rekna Sandvik, slik som det meste av jordegodset på Nordmøre kring 1300 som ein del av det eg vil kalla Edøygodset, og som eg trur det måtte vera Andres Plytt som opphavleg åtte. Gjennom arv og heimegåver vart godset oppdelt og det som seinare vert kjend som Aspa-godset er ganske sikkert ein del av dette. Ivar Trondson var jo ein av dei som prøvde å samla noko av godset igjen, og Sjaunde Mogensson hadde truleg arva sin part av Sandvik, kanskje helst frå farslekta si, men dette er uvisst. Eg trur Sjaunde kanskje nedstammar frå ei ukjend grein av den eldre Aspaætta. Nokon annan grunn enn arv var det ikkje vera for at Sjaunde skulle eiga gods på Nordmøre.Når det gjeld alderen på Eli Torsteinsdotter Kusse, så kan jo ca 1470-90 vera eit tips, kanskje nærare det første enn det siste. Ho skulle jo ha vaksne søner då ho selde godset sitt på Nordmøre til Torstein Eriksson i 1528.Nils Herlaugsson skulle ha arva ein part av Gulla i følgje A. Todal (1963), Meir interessant er det kanskje at Herlog Gulla eig 20 ml i Løken i Sunndal i 1647, nøyaktig det same som Erik Audunsson på Kvalvåg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Are S. Gustavsen

Denne kanskje?Christiansen, Per Reidar Bjørnerud, (1968–). 'Frang, Vik og Store Re i Stange - brikker i ett og samme genealogiske puslespill?' NST 40 (2005): 91-145.mvh Are

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg kopierer hit noko av eit innlegg eg hadde i debatten om Andres Plytt som seier litt meir om kjelder;'Det eg tenkte på var i første rekke dei 9 sp. som Sone (el. Sjounde) Mogensson (Magnusson) sel til Ivar Trondson i 1462. I NST XXVIII (1982) har Svein-Erik Ødegård ein artikkel kalla; ”Herlog Hudfat, Person, gods og nærmeste etterslekt”.På s. 258 ff. i dette nummeret av tidsskriftet drøftar Ødegård denne Sjounde og faren, Mons el. Mogens, og meiner det kan vera slektsskap mellom Mogens og Ivar Trondson eller kona hans. I B. XL (2005) s. 91 ff. har Per Reidar Christiansen ein artikkel som vert kalla; ”Frang, Vik og Store Re i Stange – brikker i ett og samme genealogiske puslespill?”. Også i denne artikkelen har Sjonde Monsson ein framtredande plass, utan at det vert gjort forsøk på å knyta ættesamband til Aspa-slekta.Eit anna skjøte som berre indirekte vedkjem Aspa-ætta er eit skjøte utstedt i Stange den 6. juni 1435. Her kunngjer tre menn, Jon Hallkjellsson, Sigmund Petersson og Arnfinn Endresson, at Øystein Toresson og kona Sunniva Ivarsdotter hadde seld 5 sp. leige i Åsskard, 2 sp. leige i Bele og 1 sp. leige i Hakstad i Stangvik til ein Amund Ellingsson. Seinare kom dette jordegodset i eiga til den yngre Aspa-ætta. Både plasseringa av godset i Halsafjorden og at det etter kvart kom i eiga til Aspa-ætta, tyder på at dette var gammalt Aspagods. Selgarane frå Stange var truleg av Aspa-ætt på ein eller annan måte.Då eg skreiv dette innlegget i si tid var eg ikkje obs på at også Frang låg i Stange. Eg undrast da om det er fleire stadar det heiter Stange, eller om også skjøtet frå 1435 er utstedt austom Mjøsa? Manglande geografikunnskapar kan vera eit 'handikapp' når ein driv slektsforsking.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torkild Knudsen

Spørsmål i forbindelse med innlegg 31: Er Østen Toresen og Sunnive Iversdatter kjent fra andre kilder i Gudbrandsdalen eller er dette den eneste gangen de er nevnt?Hos hvem og når dukker dette jordegodset opp i den yngre Aspa slekta?Er det noen av personene nevnt i innlegg 31 som er kjent fra andre saker i samme områdene?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Mesteparten av det omtala godset tilhøyrde Sebastian Withe i 1647, medan noko av det tilhøyrde Stangvik kyrkje og litt til Stangvik prestebord. Sebastian hadde jo som kjend Ingeborg Audunsdotter (Aspa) som kone og det er naturleg å tru at jordegodset er kome frå henne. At noko tilhøyrde kyrkja og prestebordet høver jo godt inn i det mønsteret ein kjenner tidlegare i denne slekta. Ein må gå ut frå at det har vore ei deling i middelalderen og at kyrkja og prestebordet har fått sine partar som gåve. Resten tilhøyrde då eit ektepar i Stanger (Stangar), kvar no det kunne vera? Ein kan jo gissa på at Sunniva var søster til den Trond Ivarsson eg held for å vera far til erkebiskop Olav Trondsson m.fl. Ein Sunnulv Ivarsson som også var far til ein biskop (Hamar) held jo også til i desse traktane.Eg veit ikkje meir om desse personane som er nemnd i brevet frå 1435. Men om brevet er frå Stange i Hedmark, så kan jo den eine av vitna, Sigmund Petersson vera far til ein framtredande person i området, Gudbrand Sigmundsson nemnd m.a. kring 1450. Amund (Ogmund) Ellingsson kan vera far til Kjetil Ogmundsson av Nøttestadsætta i Stange. Denne ætta fekk etter kvart ganske tette trådar til Herlog Hudfat og opprøret i 1508. Men heile det siste avsnittet må sjåast på som fri fantasi, førebels utan rot i sikre kjelder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Finn Oldervik

Eg har seinare kome fram fram til at Stange/Stanger/Stangar må vera ei form av det seinare Stangvik, slik at brevet som er sitert bl.a. i innlegg (31), ikkje har noko som helst med Stange på Hedemarken å gjera.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Skorpen

I 1665-mantalet er det 2 Herloff av 9058 menn i Helgeland/Salten, begge i Rana.I 1701 er berre ein av dei att (Herluf) - av 7692 helgelendingar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helge Hålåsæter

Jeg har først nå sett denne tråden. Forstavingen av etternavnet mitt er dialektuttale. Tidligere ble navnet offisielt skrevet Harlougseter. Er det noe av det samme ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Steinar Hansen

Jeg har ikke kunnskap nok til å motsi din konklusjon i (34), Finn, men jeg minner om at det allerede i Aslak Bolts jordebok var snakk om Stangarwika skipreidho. Så det blir i mitt hode litt søkt å si at 'kortformen' er lik Stangvik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Helge (36)Det høyres for meg rimeleg ut at Harloug er ein variant av Herlaug m.m.Lars Steinar (37)Eg uttrykte meg nok litt klossut i innlegg (34), men eg har vel aldri påstått at nokon kortform skal vera Stangvik slik du skriv. Det eg i alle fall meinte å seia var at Stanger ein gong kunne ha vore ein gard som så i sin tur har vore opphav til det seinare Stangarvik. Eg gjengjev heile brevet for lettere å kunne forklara kva eg meinar:Brevtekst i B 9 s. 250 Nr: 264. Dato: 6 Juni 1435. Stad: Stanger. Ollom monnom þeim sæm þetta bref sea eder høyra sænda Jon Halkilsson Sighmunder Petersson Anfinder Endrizson q. gudhs oc sina kunniktgerande at meer warom a Rødhæfuio manodaghen næst efter Hwitasunnodagh þa er lidhit war fra burdh wars herra Jesu Christi mo cdo xxx quinto saghom oc høyrdhom a handaband þeira er swa eita af einne halfuo Estein Þorersson oc Sunnifua Ifuarsdotter eighen kona hans en af annare halfuo Amunder Ellingxsson. kendis þa for-nempder Esten oc Sunnifua fire oss oc flerom godhom monnom hia-warandhom at þe hafdho sælt Amunde fornemdom v spanna leigho jardhar j Askardh sæm ligger j Stangaruika sokn oc ij spanna leigo j Bæla oc eina spanz leigo j Hakastadom fire xij kyrlogh frialsa oc hei-mola oc allungis akærolausa fire hwarium mane vndan sik oc sinom ærfuingiom oc vnder Amundh Ellingxson ok hans erfuingia æueligha till eigna med allom *þem lutum oc lunendum sæm þer til liggia oc lighat hafua fra forno oc nyo vtan gardz oc innan ængo vndan takno kændis oc þa fornemfd hion Esten oc Sunnifua at þe hafdho vpborit fyrsta pæning oc senaste oc allan þer j millom efter þy j kaup þeira kom. Oc till *sænninda oc meris witnisburd her vm satte ek firenemder Esten Torersson mit jnzcigle med forscripna manna jnzciglom fire þetta breff er giort var j Stangar a sama are sæm før sæghir.' Som vi ser så er soknet kalla Stangaruika også i brevet. Men om dette brevet hadde vore skrive f.eks. i Stange på Hedemarken, så vil eg tru at det hadde vore nemnd av gardane ikkje berre låg i Stangarvik, men også på Nordmøre? I brevet står også: 'meer warom a Rødhæfuio'. Dette må vera eit stadnamn, men eg er ikkje god til å koma med forslag om kva denne staden kan heita i dag. Kanskje andre kan bidra?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Trur nok du har treft blink der Endre. Rygh seier følgjande om dette gardsnamnet;'13. Røv. Udt. rø1ven, Dat. røv (vist rigtigere rø1va), Gen. røvs. -- af Raudhefio AB. 67. a Rødhæfuio DN. IX 250, 1435 Rødøy (øde) OE. 39. Røde 1559. 1590. Røemb 1643. Røeum 1667. Røve 1723.Rauðefja, af Adj. rauðr og efja f., strømløs Bugt eller Gren af en Elv; 1ste Led maa sigte til rødligt Dynd eller Sand i Bunden. Navnet er blevet ualm. sterkt sammendraget og har derpaa faaet den bestemte Artikel i Hankjøn, hvorved det ogsaa i Gen. (og i Dat.?) er gaaet over til Hankjønsord. Jfr. Ldsbl. 240.'Han viser som vi ser også til diplomet som er attgjeve ovanfor. Det kan kanskje tenkjast at Stangar/Stanger vart nytta som namn på heile prestegjeldet ei tid, medan Stangvik mest vart nytta om den delen som låg til Stangvik sokn. Som vi veit høyrde Surnadalen også til Stangvik prestegjeld. Dei som høyrde til hovudsokna vart vel kalla Storstangvikgjelding om ein skal tru Henning Sommero ;-))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Eit lite 'appendiks' til 'Stangar' (Stangvik) Under borgarkrigen i Norge 1188 vart ein Islandsfarar med namnet Stangarfolen borda og plyndra av kuvlungane.-endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helge Hålåsæter

Endre, Nå går jeg etter en sviktende hukommelse: Var det ikke et nedlagt bruk på Averøy som het noe sånt som Halo e.l. (eller Hola ?) - Det siste gir vel mening ?? Godt 2011 til deg Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Hei Helge!Vi har i alle fall eit gardsbruk her i Aure som går under namnet Hålå med tjukk l-lyd. Det offisielle namnet er Espvik og ein eller annan gongen har garden vorte utskild frå Ertvåg. Ei seter som høyrer garden til vert kalla Hålåsetra. Oppe i fjellet der terrenget dannar ei slags krå, heiter det Hålåråa. Det var visst dit om lag garden åtte i 'gamle dagar'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helge Hålåsæter

Artig opplysning. Da er eg ikkje aleine her i verda ! (Her au med tjukk l, som forøvrig ofte vart skriven som rd ved normalisering)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helge Hålåsæter

Da tipptippoldeforeldre av meg giftet seg i 1789/90 (Dec 22 p. Trin) i Christiansund, var ene forloveren Ole Jonsen Halaas. Brura var for kuriositetens skyld kanskje nettopp her frå Otta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Herloff vart så vidt nemnd i denne debatten også Lenke i innlegg (11) og (12). Tidlegare i denne debatten har det vore prøvd å rekkja trådar attende til opprøraren Herlog Hudfat frå Stange på Hedemarken og kona Elin Torsteinsdotter (Kuse), der den siste var aspaættling.Eg har i dag fått eit brev frå Endre Holten der eg blant anna får veta at det skal verta ei oppdatert utgåve av bygdebok for Surnadalen. Dessutan sender Endre meg ei utskift av litt av det som skal stå om garden Gulla. Frå denne utskrifta kan ein sjå at den Herloff som kom til Gulla og som mest truleg vart stamfar til alle dei som seinare vart heitande Herlof el. liknande i Surnadal kom frå Krangnes til Gulla. Han gifta seg i 1622 med enkja etter ein Bjørn på Gulla. Vi får også veta at Herloff er ein Olsson. Frå Endre si utskrift får vi også veta namnet på borna til Herloff. For å ta dei i den rekkjefølga slik det står i utskrifta til Endre, så heitte dei; Eli(n), Marit, Guri, Peder, Nils, Ingrid, Ingeborg og Magnhild. I det heile teke så har det vorte ein fyldig omtale av denne familien på Gulla i motsetnad til det som står i Hyldbakks utgåve. Når ein veit såpass mykje om dei så er det fordi Peder døydde utan livsarvingar og fordi skiftet etter han finst. Eg vil hermed nytta høvet til å takka Endre så mykje for utskrifta (E-postadressa mi er; finn krøllalfa bioreg punkt as, utan ordskille og med @ for krøllalfa og . for punkt.Det nyutgåva kanskje ikkje har fått med seg så langt er at Herloff Gulla eig 20 marklag i storgarden Løken (Leikvin) i Sunndal (Sjå den trykte skattematrikkelen frå 1647). Deler av garden høyrde i sin tid til Kristina Toraldsdotter og 5 sp. vart gjeve til erkestolen i Nidaros av Holte Jonsson, den eine av ektemakane til Kristina. Kristina var som kjend halvsyster til Trond Ivarsson, far til erkebiskop Olav Trondsson, Ivar Trondsson i Aspa og Arne Trondsson på Husby. Den siste av desse er rekna som morfar til Elin Torsteinsdotter (Kusse). Det som er interessant her er at Erik Oudensson Kvalvåg av Aspaætt eig akkurat like mykje som Herlof Gulla i Løken, nemleg 20 marklag. Erik nedstammar frå bror til Arne, Ivar Trondsson. Det kan jo tenkjast at det hadde vore ei deling av ein part av Løken mellom dei to brørne Arne og Ivar og at Herloff no eig parten til Arne og Erik parten til Ivar? Dette gjer ikkje hypotesa om at Herloff Gulla er i slekt med eller nedstammar frå opprøraren Herlog Hudfat frå Stange mindre interessant. Heller ikkje namna på borna til Herloff Gulla svekkar hypotesa, da dei to eldste av kvart kjønn kan ha heitt Eli(n) og Peder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

På Sund i Gildeskål var det i 1610 ein leiglending som heitte Herloff. LenkeDet er vel den første Herloff eg har funne så langt Nord-Noreg tidleg på 1600-talet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.