Gå til innhold
Arkivverket

[#49430] Ole Iversen, f Hafslo 1780, g Slottskyrkja m Else frå Storelvdal - bus. Bergen?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Iversen, døypt i Hafslo 6.12.1780, flytte i 1784 med foreldri sine til Bergen og budde i Bergen både i 1804 og i 1813.Den EINASTE Ole Iversen som høver i Bergen i FT1815 er ein Ole Iversen som med kona Else Iversdotter bur i 24. rode nr. 3 og som får desse borni i Bergen frå 1815:* Gurine, fødd (24-3) 25.9.1815* Iver Johan, fødd (24-3) 27.1.1817* Hans Jochum, fødd (24-3) 11.1.1819* Sirene Ana, fødd (24-3) 23.12.1821* Andreas, fødd (24-3) 31.10.1824* Ole, fødd (7-27) 27.3.1828Truleg er dette dødsfalli til foreldri:Ole Iversen ''bedemand'' døydde i Bergen 5.4.1857, 76 år gamalElse Iversen ''Enke'' døydde i Bergen 8.1.1865, 77 år gamal.Ved dåpen til eldste dotteri i Krosskyrkja i Bergen 1815 står det: ''copulerede i Aggershuus slotskirke'. Eg har bladd i klokkarbøkene for Akershus slottskyrkje, men finn ikkje denne vigsli!Derimot har eg funne ei som KAN vera Else Iversdotter og som godt kan ha ''forvilla'' seg til Christiania...:FT1801 for garden Hovde i Storelvdal (Åmot) i Hedmark syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~2686 Iver Joensen Mand 51 Begge i 1ste ægteskab Huusmand med jord M2687 Siri Halvorsdtr Hans kone 48 Begge i 1ste ægteskab K2688 Halvor Iversen Deres børn 25 Ugivt Skrædder M2689 Else Iverdtr Deres børn 13 K2690 Anne Iverdtr Deres børn 13 K~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Denne Else Iversdotter synest vera den EINASTE i heile landet som høver so nokolunde, og dessutan heitte mori Siri (jmf. Else si dotter Sirene...)!Eg reknar ikkje med å finna nærare identifikasjon av Ole Iversen, MEN eg vonar at kanskje nokon kan hjelpa meg finna:* Vigsli til Ole Iversen og Else Iversdotter i Christiania?* Stadfesting av opphavet til Else Iversdotter frå Storelvdal? Kanskje finst det ei bygdebok som kan oppklara dette?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten! Du held fram med å imponera! Eg tenkte meg ikkje at presten kunne ta so mykje feil av Akershus slottskyrkje...Men noko anna interessant ved denne vigsli; eg gjekk inn på kyrkjeboki for Aker 1810-1819, og der finn eg trulovingi frå 22.12.1814:Ungkarl Ole Iversen og pige Else Iversdatter BAKKEDå har me eit gards- eller plass-namn på Else, men kvar er BAKKE? Kan det vera namn på plassen som Iver Johnson hadde under garden Hovde i Storelvdal?? Else Iversdotter frå Storelvdal var forresten døypt der 24.3.1788...Eg vonar på fleire gode innspel og takkar på ny vyrdsamt for all god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Ogso dette tema er det på tide å henta fram att frå mørkret...Dødsmeldingi til Else Iversen frå 1865 fortel berre at Else vart etterlevd av ''myndige børn'', men eg er ikkje i stabnd til å finna att nokon av dei seks borni som er nemnde i innlegg #1Er det augi mine som nok ein gong sviktar?Eg vil vera svært gild for alle gode tips om lagnadane til dei seks borni.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Intensive søk etter barneflokken nemnd i innlegg #1 tek til å syna resultat. Ole og Else Iversen sine born syner seg no fram slik (NB: berre tre av desse borni levde i 1857 - to av dei var sønene Hans og Ole (jr)):~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~* Gurine Iversen, fødd i Bergen 25.9.1815, ukjend.* Iver Johan Iversen, fødd i Bergen 27.1.1817, vart konfirmert i Nykyrkja i Bergen 1834, elles ukjend.* Hans Jochum Iversen, fødd i Bergen 11.1.1819, døydde som kjøpmann i Drammen 20.3.1872, gifte seg i Drammen 14.8.1853 med Marthe Elisabeth ''Elise'' Thomasdotter Seeberg frå Tønsberg - sjå tema #60347)* Sirene Ana Iversen, fødd i Bergen 23.12.1821, ukjend.* Andreas Iversen, fødd i Bergen 31.10.1824, ukjend.* Ole Iversen, fødd i Bergen 27.3.1828, døydde som kjøpmann i Bergen 12.9.1888, gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 27.3.1856 med Dorothea Pleym Schnelle, fødd i Bergen 29.9.1834, døydde i Bergen 2.1.1920. Fem born.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Tre av borni skal altso vera avlidne før 1857, men eg finn dei i alle fall ikkje i Bergen...?Alle gode tips vert mottekne med opne armar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Gurine ble i allefall konfirmert i Nykirken i 1831 Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1844), Konfirmerte kvinner 1831, side 383 (nr. 11) LenkeGrethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Elin for nye interessante innlegg. Takk til deg Grethe ogso for inlegget under tema #49438 om opphavet til Else.Når det gjeld Gurine Iversdotter som døydde på St. Jørgen, so trur eg ikkje det er ho me leiter etter. ''Vår'' Gurine ville heitt Olsdotter, for faren var Ole Iversen, og alderen er heller ikkje heilt ''rett''.Uansett var det spennande å sjå at Gurine voks opp, for alderskilnaden til Iver Johan var jo ikkje stort meir enn eitt år...!Kvar det kan ha vorte av desse søskeni er altso framleis eit ''mysterium'', men eg vonar framleis...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.