Gjest Karle Gjernes Skrevet Februar 5, 2008 Del Skrevet Februar 5, 2008 I min barndom var det slik at det kom fantfølge som vi sa, på sommarstid. Noen dreiv handel og noen var mistenkt for tjuveri og fjuskhandel. Og dei var ofte store familiar som trong husrom når dei kom til gards sein kveldstid. Eit fantefølge som eg minnest fordi dei overnatta ein gong heime hos oss på Smøla, var Fant-Fredrik følget. Dei var mange born, både vaksne og yngre. Noen var også på min alder, men dei hadde nok ein annan måte å vera på, så eg kom ikkje i kontakt med dei. Men kvar blei det av desse personane som var ungar på 1940-talet. Og kan desse settast inn i den slektsforskninga som er om omreisande. Det er rein nysgjerrighet som gjer at eg legg inn dette. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/142026-56619-taterf%C3%B8lge/ Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts