Gå til innhold
Arkivverket

[#58401] Hertug Skule Bårdsson, kor mange barn hadde han?


Gjest Leiv Magne Apelseth
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars Løberg

Antageligvis ikke. Likevel fint om du kan stille sammen de opplysningene du har samlet om disse fire også. De har jo ikke en gang samme mor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Det er smått med opplysningar å finna, men her er noko:Hertug Skule Bårdsson, Reinsætta f. 1189 - d. 1240 g.m Ragnhild d.e. 1247Barn:Margreta Skulesdatter d. 1270 g.m kong Håkon Håkonsson d 1263 Opptrer i kjeldene ved ei rekkje høve, f.eks. Codex Frisianus. Etterslekt i kongehuset.Ingrid Skulesdatter d 1232 g. (1227-28) m. Knut Jarl Håkonsson (Galen) d 1261 Opptrer ved to høve i Codex Frisianus (504 og 530) Ingrid døde tidleg, og hadde truleg ikkje etterslekt. Eg har sett forslag om at hustru Ragndid Knutsdatter var ei datter av paret. I testamentet sitt Lenke finnast det kun jordegods på Austlandet, og testamentet vart satt opp i Oslo. Forslaget kan godt drøftast, men truleg var ho ikkje av Skules ætt.Peter Skulesson (Ingebjørgsson) d. 1240 Utanomekteskapeleg son av Skule og Ingebjørg, kona til Andres Skjaldarband. Opptrer ved ein rekkje høve i Codex Frisianus Truleg ingen etterslekt, han var rimeleg ung og var neppe gift då han vart drepen i 1240.Ragnfrid Skulesdatter. d.e. 1247 Opptrer ved to høve i Codex Frisianus, begge gongane saman med mor si Ragnhild. Eine gongen får vi vite at Hertug Skule hadde sendt dei i Elgeseter kloster då Kong Håkon Håkonsson`s menn kom til Nidaros i mai 1240. Neste gang ho blir nemnd er ved kongehyllinga i Bergen i 1247. Etterslekt? Stallaren Olav Ragnfridsson til Stein(e)? Han er ein god kandidat som Skules dotterson, men dette må drøftast nærmare.Mest brukte kjelder: Codex Frisianus. Islandske Annalar. K.Helle, Konge og gode menn 1972. DN. RN. Norges Historie, red. Knut Mykland 1992.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Retting til 3. Hustru Ragndid Knutsdatters testament/proventkjøp vart gjort 'a Tæighum uidr Tunsbærg' og ikkje på ein av dei mange Teigengardane kring Oslo som eg antok i 3.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Are S. Gustavsen

Teie på Nøtterøy (del av Tønsberg kommune) var oslobispen sommerresidens. Hva får deg forresten til å anta at Ragndid Knutsdotter (1298) ikke kan ha vært av hertug Skules ætt?Are

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Mangel på jordegods frå Trøndelag og Møre. Hadde venta meg fruetittel på Skules barnebarn. Hadde og venta å finna ei datterdatter av Skule i Reins kloster. Men som sagt, eg har ikkje gått noko vidare i djupna på dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Leiv Magne Apelseth

Etter å ha lest artikkelen 'Den første abbeden på Utstein og Arnbjørn på Heimnes' av Eldbjørg Haug (Ætt og heim 2006), legg eg også inn Herr Nikolas Munansson på Huseby som ein mogleg datterson av hertug Skule Bårdsson. Eldbjørg Haug syner til artikkelen 'Munan Biskopssøn og Fru Ragnrid Skulesdatter' av Ludvig Daae 1895.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.