Gå til innhold
Arkivverket

[#62739] Fredrik Balthazar Fraas (1849-1913) - stortingsmann . biografiske opplysningar?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Fredrik Balthazar Jenssn Fraas, fødd i Hafslo i Sogn 23.10.1849, gifte seg i Hafslo 8.6.1875 med Severina Eriksdotter Venjum, fødd i Hafslo 12.11.1853. Dei var først gardbrukarar på Bjørnetun i Hafslo og sidan på Hillestad i Hafslo, og i åri 1892, 1894 og 1896 vert Fredrik oppgjeven vera stortingsmann!Kring 1897 flytte huslyden til Christiania, og i 1900 finn me Fredrik Fraas att som kontrollør for malt- og brennevinstilvirkingi. Frå 1901 til 1909 skal dei ha butt på Omsrud i Ullensaker som gardbrukarar, men siste åri han levde var Fredrik Fraas gardbrukar på Hovind i Austre Aker, og der døydde han 3.9.1913. Enkja Severina døydde visstnok i 1938, uvisst kvar.Fredrik og Severina fekk elleve born, som eg veit lite eller inkje om...* Jens Bugge Fraas, fødd i Hafslo 2.3.1877, døydde 20.10.1922, jurist* Erik Fraas, fødd i Hafslo 13.2.1879, studerte kunst(?)* Ludvig Martin Fraas, fødd i Hafslo 20.11.1880, døydde 1968* Fredrik Fraas, Jr., fødd i Hafslo 5.11.1882, døydde 9.9.1968, gift seg i Austre Aker 25.2.1916 med Martha Iversdotter Lunder, gardbrukardotter frå Manglerud, fødd i Gran 23.7.1889. Skal ha vore gardbrukarar, kan henda på Hovind(?).* Øllegaard Fraas, fødd i Hafslo 20.10.1884, ukjend* Britha Fraas, fødd i Hafslo 15.9.1886, gifte seg i Christiania 28.12.1913 med Birger Johannes Middelfart Johannesson Kvale, fødd på Nes. Skal ha vore gardbrukarar, kan henda på Hovind(?)* Karl Johannes Fraas, fødd i Hafslo 24.6.1888, ukjend* Kari Fraas, fødd i Hafslo 27.5.1890, ukjend* Maria Fraas, fødd i Hafslo 18.2.1892, gifte seg i Austre Aker 27.4.1920 med Amund Thorbjørn Hansson Furulund, fødd i Ullensaker 13.12.1885. Dei skal ha vore gardbrukarar på Furulund i Ullensaker(?)* Severina Fraas, fødd i Hafslo 26.8.1894, ukjend.* Anna Sofie Fraas, fødd i Hafslo 20.7.1896, ukjend.Biografiske opplysningar om denne huslyden er meir enn velkomne, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg hadde gløymt å sjekka ut dødsfalli til to av borni:* Karl Johannes Fraas døydde i Hafslo i 1990 då han fall i ei kjele kokande vatn.* Severina Fraas døydde i Hafslo i 1897Andre kommentarar:* Marta Fraas, kona til Fredrik Jr., døydde 12.2.1973.* Øllegaard Fraas er skrivi Ella Fraas i FT1900!* Kari Fraas, på gravstøtta kalla Kari Frås, døydde 9.3.1875, truleg ugift(?)* Maria Fraas Furulund døydde 30.9.1976, mannen Amund døydde 8.7.1970; dei er gravlagde på Hovin i Ullensaker.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Erik Fraas, h.r.advokat, kontorchef i Hypothekbanken, Oslo, f. 13-2-1879 i Hafslo, sønn av gårdbr. Frederik Baltazar Fraas (1849-1913) og Severine Wenjum. Gift 1913 med Finnie Gjesdahl, f. 29-8-1889, datter av avdelingssjef i Bergen. Student 1903, cand.jur. 1907, advokat 1927, edsv. fullm. 1907, kontorsjef i Boligbanken 1911, siden 1920 kontorsjef i Hypotekbanken. (Hvem er hvem 1930).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for interessante opplysningar som kom, medan eg skreiv innlegget mitt...Seier bygdeboki for Ullensaker noko om bustad og yrke for Amund og Maja, samt for foreldri hans?Kva med born etter Amund og Maja?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Hans Kristian Furulund f. 1847 overtok Søndre Furulund etter sin far i 1874. Han hadde før i noen år bodd på Rud i Nannestad. Foruten søndre Furulund var han eier av en part av Røgler, Bogstad-Ødegården, Li med Kringlermyren, Døhlen teglverk og medeier i Ull. Dampsag & Høvleri. Fra 1897 var han eier av gården Breivoll i Aker, hvorav han fra nu av også bodde. Her anla han en meget betydelig bedrift Alna Teglverk, som han drev til sin død.Omkring 1900 kjøpte han gården Nordre Furulund, som han drev sammen med Søndre Furulund. Hans Furulund var stortingsmann fra 1880-88 og ordfører i Ullensaker fra 1882-87 og 1892-93 og innehadde ellers en rekke komm. hverv. Han var gift med Inger Marie Nygård, f. 1847. De hadde flere barn, hvorav sønnen Amund Furulund, gm Maja Fraas, overtok gården og har den fremdeles (1951). Både Hans og Inger døde 1924.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Fredrik Falck Bugge Frås, f. i Kristiania 16-2-1912, sønn av chefsekretær Jens Bugge Frås og Sigrid Ellinor Jørgensen. Eks. Oslo Handelsgym. 1929, artium ved Grimelands skole 1930. Eks. krigsskolens ned.avd. inf. linje 1931. - Sersj. 1931, fenrik 1932. Rekruttskole ved IR 8 1932. Cand. oec. 1934. Adr. Oslo. (Den norske hærs vernepliktige officerer 1936).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bodil Brøgger

Representanter og suppleanter 1892-94, Landkretser:Nordre Bergenhus Amt, Representant(er):4. Gaardbruger Frederik Baltazar Fraas, Det Moderate VenstreNSD PolSys - Data om det politiske system: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Iflg. Gravminner døde Frederik Falck Frås 18-8-1972, Vestre Gravlund og Sigrid Falck Frås f. 27-2-1887, døde 23-9-1959.Fredrik Falck Frås var fondsmegeler og fenrik i Oslo når han ble arrestert 20-8-1943, overført Schildberg (f.nr.1093), overført Luckenwalde (f.nr. 1093), til freden. (Nordmenn i fangenskap).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei igjen Lars!Disse registreringene fra dødsfall i Norge kan kanskje være av interesse. Gjelder samme mann, navnet er Leif Fredrik Fraas Koxvold [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=86&filnamn=DODSFALL&gardpostnr=230716&merk=230716#ovre>Lenke og Lenke. Han er gravlagt på Vestre Gravlund i Oslo Lenke og id like etter Georg B. og Øllegård Koxvold. Kan det Leif F. Fraas Koxvold være sønnen?Så er det en Erik Koxvold

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Bodil og Grethe for mange kjempeflotte innlegg. Her var det spennande opplysningar, opg eg har fyllt mange hòl i manuskriptet mitt, men eg sit att med nokre spørsmål:* Carsten: Veit du om Breivoll (innlegg #6) ligg i Austre eller Vestre Aker?* Bodil: Eg tolkar innleggi dine slik at Fredrik B. Fraas må ha vore stortingsmann i to periodar, frå 1892 til 1900? Høyrest dette logisk ut? I so fall, sidan han framleis i 1898-2000 representerte Sogn og Fjordane, kan han vel neppe vera flytt til Christiania før våren eller sommaren 1900?* Når det gjeld Koxvold, kjem eg attende til den huslyden i eige tema.Det einaste barnet me no ikkje veit noko om i det heile, er Anna Sofie, yngste dotteri, men eg reknar med at kontakt med etterkomarar etter andre greiner vil bidra med naudsynte ''spor''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg gløymte å nemna: Anna Sofie Fraas skal ha vore gift med Asbjørn Skraastad, gardbrukar på Vang i Hedmark. Dei var barnlause. Kanskje finst dei omskrivne i Norske Gardsbruk?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bodil Brøgger

En historiker eller statsviter burde svare på når Fraas satt på Stortinget. Slik jeg skjønner lenkene fra 'NSD PolSys - Data om det politiske system' var han valgt i tre perioder, 1882-94, 1895-87 og 1898-1900. Fraas er ikke representant i neste periode.Såvidt jeg husker var Stortinget ikke samlet kontinuerlig som i våre dager, men hadde mer sporadiske samlinger. Det var færre saker å avgjøre, og representantene kunne ha et annet yrke ved siden av.I de dager var det vel også nødvendig at representanten var bosatt i sitt distrikt når han ble valgt. Men Fraas kan jo ha fått tilknytning til Oslo-området mens han var inne på Stortinget, og fra ca 1897 som du skriver, flyttet familien dit fra Hafslo. Da tok han ikke (kunne ikke ta) gjenvalg i 1900, men fikk stillingen som kontrollør for malt- og brennevinstilvirkingi. Før han kjøpte eller leiet gården Omsrud.Jeg er hverken historiker eller statsviter, men fra annet arbeid visste jeg at på www.stortinget.no er det biografier over alle stortingsrepresentanter etter 1945. Der fant jeg lenken til NSD (Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste) og dets Data om det politiske system: http://www.nsd.uib.no/polsys/ med bl.a. Stortinget - Politikerarkiv. Det var dagens folkeopplysning.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ragnhild for eit spennande og avklarande innlegg. Eg ser at Fredrik Fraas òg sat på Stortinget frå 1903 til 1906, men då må han vel ha sete for Akershus og ikkje for Sogn og Fjordane...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.