Gå til innhold
Arkivverket

[#62940] Garden KLEPPEN på BUD ?


Gjest Mona Johanne Falch
 Del

Recommended Posts

Gjest Erling O. Hagerup

Takk for det, John! Dette viser at Lars Gule hadde rett - her også. Etter det eg har sett er det ein slik kvalitet på det arbeidet han gjorde at det er synd at ikkje noko av arbeida hans blei offentleggjort.Det er utanfor temaet her – men eg blei no så oppglødd at eg greier ikkje dy meg: Eg hoppa nesten i stolen då eg såg kva du hadde! Dette gjeld mine direkte aner (Peder Danielsen Skarset er min 4xtippoldefar – via dottera Marit, gift på Kalsnes). Tidlegare hadde eg ikkje dokumentasjon for opphavet hans – ut over det eg hadde sett i notatane til Lars Gule. Her får eg dette servert! Det dokumenterer at Eli var gift med ein Daniel og hadde 3 born frå dette ekteskap, at ho seinare var gift med ”Colbent” og hadde 3 born i siste ekteskapet. Takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Marit Olsd. Skarset daud 1787 - 58 år f. ca. 1729 Karen Olsd. Skarset daud 1778 - 67 år. f. ca. 1721Peder Danielsen Skarset daud 1782, 85 år gl. (Eg finn han ikkje i FT1701 under Orten der Daniel 49 år står som brukar, Peder arvar 1/5 part i Orten etter foreldra). Kanskje han er fødd etter 1701 og alderen for høg i kyrkjeboka si registrerin? Gift med Kari Olsdatter.Anders Pedersen Skarset g. m. Marit Olsdatter. Tanken slo meg at desse to Olsdøtrene var søstre, men det var dei neppe - i alle fall ikkje fullsøstre.I eit skifte 6/7 1745 (også avskrift ved Marius Sandvig) etter avdøde Anne Monsdatter Skarset er arvingane dattersonen Daniel Pedersen med verje faderen Peder Danielsen Skarset og dotterdotra Anne Pedersdatter Skarset med same verje. Anne Monsdatter er då vermor til Peder Danielsen, men ikkje til Anders Pedersen.Vert interessant å sjå når bygdebøkene for Sandøy ein eller annan gong kjem ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Etter skifteavskrifter ved Lars Gule var Peder Danielsen gift to gonger - første gong med Marit Ottesdotter, som må vere dotter av Anne Monsdotter (mormor til Daniel og Anne): Skifte 13.11.1734 på Skarset, Marit Ottesd. død, arvingar var Daniel Pedersen og Anne Pedersd., begge umyndige, formyndar 'Kolbendt Johansen Orten'. At Peder Danielsen var verson til Anne Monsdotter, har etter dette sitt grunnlag i hans første ekteskap, og ikkje hans ekteskap nr. 2 med Kari Olsd. Dette går også fram av det faktum at Peder og Kari hadde 3 born fødd i tida 1741-1744 som alle levde i 1745 (i tillegg til Daniel og Anne frå første ekteskap), men utan å vere nemnt på skiftet 6/7-1745.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Då fekk eg forklaringa på det. Då er vel Marit Ottesdotter dotter av Otte Joensen Skarset? Noko som kan forklare korleis Peder Danielsen fekk hand om Skarset.Så står det att å finne ut korleis Anders Pedersen Skarset fekk hand om ein annan part av garden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.