Gå til innhold
Arkivverket

[#65431] Jans kalender – hurra!


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Oppklarande og ein tanke forvirrande. Eg burde hatt tilgang til reskriptetet, men har det ikkje no. Men me har eit namneproblem og eit datoproblem. Om me held oss til Epiphania Domini, er det då rett at denne dagen alltid var 6. januar fram til 1771, men at den frå då av vart flytta til første søndag etter nyårsdag. Denne dagen vart frå 1917 på norsk kalla Kristi openberringsdag. Du meiner at nemninga Heilag tre kongars dag følgde Epiphania Domini, og var 6. januar fram til 1771 og deretter første søndag etter nyårsdag? Er det også no slik?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Eg trur eigentleg at ein slik kalendar må lagast 'for hand'. Rett nok laga Dionysius &co på 500-talet reknereglar for dei viktiaste hendingane (jf. Bauer si bok) - men i mellomtida har kongar og tenestemenn hatt ei hand med i sakene....Ein av funksjonane ein slik historisk kalendar har, er at brukarane lærer av det. Difor meiner eg det er viktig at det som står der er historisk rett - t.d. at ein tel (sun-)dagar etter trieining, openberring og påske og i fasta og advent - men ikkje sundagar etter jul, pinse (før 1977 i Noreg) eller kva ein elles kan finne på.Det er også eit poeng å presisere at (eller om) det er ein kalendar for Noreg. England, Skottland, Nederland, ulike tyske statar - og i noko mon Danmark - vil ha større eller mindre avvik; for ikkje snakke om Sverike (som er for spesielt interesserte....). Så vert spørsmålet om det vil vere historisk rett å lage ein slik kalendar for Noreg i år 600 - eg hellar vel til å svare nei på det spørsmålet....Eit par av spørsmåla:(20,22) Eg er vel litt for røynd til å svare ja på om wikipedia-artikkelen om Maria bodskapsdag er 100% korrekt... Men i farta oppdagar eg ikkje nokon direkte feil. Nemninga Maria bodskapsdag er iallfall ikkje oppfunne av ein wikipedia-forfattar, korkje frå Volda eller annan stad. Det er den nemninga Den Norske Kyrkja brukar.Den 'katolske' varianten er henta frå ei samtidig kjelde; så det er ikkje opplagt at det var nøyaktig slik tidleg på 1500-talet då Noreg var katolsk.Kristian Vs Norske Lov (2-4-5) [url="http://www.hf.uio.no/PNH/chr5web/chr5_02_04.html>http://www.hf.uio.no/PNH/chr5web/chr5_02_04.html seier at 'Mariæ Bebudelsis Dag, hvilken skal holdis paa Palme-Løverdag, dersom den indfalder paa Palme-Søndag, eller derefter.' Kyrkjeordinansen 1607 (eg har ein fotokopi av ei faksimileutgåve av 1607-utgåva) 'Mariæ Forkyndelsis dag, oc der som den samme falder i Dimmel Uge, eller Seyermere, da skal hand holdis Palme Løffuerdag efter gammel sed.' ('Dimmel Uge' er den stille veka. Men Ordbog over det danske sprog på nett kjem ikkje opp, så eg får ikkje slå opp ordet 'seyermere' - men eg reknar med at innhaldet vert det same som i 1687.) Det finst også ein kyrkjeordinans frå 1528, laga for (den gong hertug) Kristian (seinare kong Kristian III), som byrja med å innførte reformasjonen i hertugdømet Haderslev-Tørning. Versjonen her,

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ivar (28)For det første så siterer eg Heskestad direkte. For det andre så trur eg ikkje noko om kva ephiphania tyder. I følgje den latins/norske ordboka mi (Cappelen 1998) så tyder det; tilsynekomst eller Heilagtrekongersdag (6. januar). Men i følgje Heskestad, så var det først i 1917 at det offisielle norske namnet vart Kristi openberringsdag. Før den tid heitte det Heilag tre kongers dag.Elles, Jan. Etter som eg oppfattar det, så var Epiphania Domini alltid den 6. januar, men kanskje kan det vera rett slik som Ivar skriv at etter 1770 vart ikkje lenger dagen feira som offisiell høgtidsdag (som vi ville ha sagt i dag), anna enn dei åra dagen fall på ein søndag.I følgje Heskestad, så var det ein heilagdag som heitte Heilag tre kongers dag den 6. januar. Om den 6. januar fall på ein sundag, så skulle det, etter 1770 heitte søndag etter nyttår. Men dette var berre når 6. januar fall på ein søndag!Frå den tida eg sjølv var ivrig på å lesa kyrkjebøker, så kom eg over ein god del nemningar på dagar som heller ikkje stod i Heskestad. Om det er noko interesse for det, så kan eg godt leggja inn desse nemningane på denne tråden, slik at dei som undrast kan finna svaret ein stad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

Kikker innom igjen. Kanskje dere finner noe i tema 14604: Maria Bebudelsesdag, Alle Helgens Dag..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Finn (25,29), ok då: 'openberring' er den norske omsetjinga av 'epiphania' i denne samanhengen. Nemninga vart innført iallfall ikkje seinare enn 1687 (Kristian Vs lov 2-4-5) 'Hellig tre Kongers eller Christi Aabenbarelsis Dag'. Dagen vart avskaffa som 'hellig dag' - som dei sa det då - i 1770. Men han eksisterte framleis som ein dag i kalendaren som dei rekna sundagar etter.Det verkar som om reskripta/rundskriva Heskestad viser til freistar å endre språkbruken bort frå 'heilage kongar' - som ikkje finst i Bibelen.I boka til Bauer er det ei 44 sider lang ordliste med ulike nemningar brukt om dagar; og han har ikkje på langt nær med alle. Programmet Dage har med ein del av desse ein del andre. Alle er ikkje like aktuelle, og det vil vere klokt å tenkje over kva ein vil ha med.Det kunne vere ein tanke å markere (t.d. med farge) heilagdagane. Det vert mange dagar med namn som ikkje var helgedagar - og nokre dagar var helgedagar fram til eit visst år, og ikkje seinare (t.d. er jonsok framleis jonsok, men fram til 1770 var jonsok også helgedag).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Hentar frammatt denne tråden....Nokre av oss har observert at dagen i dag, 13, januar, var heilagdag på 1700-talet; med ymse nemningar, ofte på latin, som ”Takkseiingsfesten”, ”festen for Noregs frigjering” m.m.I dag er det på dagen 290 år sidan general Armfeldt kryssa grensa og forlet Noreg og Trøndelag. Han trekte seg ut etter at han hadde fått melding om at Karl XII hadde falle ved Fredrikshald før jul. 2 300 mann låg att i Tydalsfjella, 1 438 døde seinare, flest på grunn av frostskader, 451 var invalidiserte ifl. http://www.kildenett.no/artikler/2007/Armfelt over Tydalsfjella Dette var slutten på Den Store Nordiske Krigen for Noreg sin del.Helgedag 13.januar innført ved forordning 4.mars 1720 - til minne om at dei siste svenske troppane trekte seg ut av Noreg. I 1766 skulle ei dansk prinsesse giftast bort til den svenske arveprinsen. For skams skuld måtte feiringa avskaffas, forordning 17.okt 1788. (Kjelder: Norsk Historisk leksikon og Heskestad sin kalendar)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

nja... mellomrom i internettadresser er noko herk.. bruk siste lenkja i (36), og bytt understrek med mellomrom.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Nei, det gjorde det altså ikke, men fant fram ved å klikke på krig i lenken i innlegg 35 og derfra var vartikkelen grei å finne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.