Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#68262] Mons Olsen på Lyngværet i Sandøy f. 1776. Kvar kom han frå ?


Recommended Posts

Gjest Anne Huse

Mons Olsen er komen til Sandøya før 1801. I militær-rulle frå 1804 er han nemnd å vere frå Sunnmøre. I 1818 gifta han seg og flytta til Lyngværet. Då han døydde i 1843, er han oppgitt å vere fødd i Lom prestegjeld. Eg finn ingen Mons Olsen f. 1776 i Lom, men i Geiranger er ein Mons Olsen døypt i 1776. Foreldra er: Ole Olsen Langeleite og Randi Olsdt.I 1801-tellinga er der ein gard Langledet i Lom. Kan det vere same namnet som Langleite ?Mvh Anne Huse

Gjest Anne Huse

Takk til Reidar for rask reaksjon. I 1801-tellinga er Langledet oppførd som ein gard i Lom sokn i Lom Prestegjeld. Men om eg forstår det rett, så ligg det i noverande Skjåk. Der var i alle høve mykje samkvem mellom Geiranger og desse bygdene. Om denne Ole Olsen frå Langeleite er å finne i Geiranger eller næraste område i 1801, veit eg ikkje. Der er veldig mange Ole Olsen på Sunnmøre. Anne

Gjest Anne Huse

Her er nokre tilleggs-opplysningar om Mons Olsen.I skiftet etter Mons i 1843 er Nils Olsen Selvik nemnd å vere broren. Selvik er eit bruk på garden Brunvoll i Sandøy. Denne Nils er i militær-rulla for 1804 nemnd å vere fødd 1761 på Sørhage i Lom prestegjeld. Anne

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.