Gå til innhold
Arkivverket

[#69747] Skifteopplysning frå Meløy(Nordl.) 1819


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Leif Johannessen

Til 18: Mht. Maren Zachariasdatter vil jeg tro at hun er fra Aanes i Rana og datter av Zacharias Jonsen og Maren Andersdatter. Ved dåpen i 1767 er hun innført som Maria, men antakelig identisk med Maren i skifte etter moren i 1799. I 1799 står det at hun er gift, men ikke hvor.Jeg antar den Anders Zachariassen som det er skifte etter på Balsetvatne i Meløy i 1834, er hennes bror.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei :-) Ja ikkje veit eg kven ho er dotter av, men det står iallfall i (avskrift av boka om Per-Andersa?)det eg har fått for mange år sidan(jmfr. (17):'Mye tyder på at Maren Maria Zakariasdtr`s far var Zakarias Pedersen (død 1803)fra Rausandaksla i Rana. Han var gift 3 ganger, og Maren var i tilfelle født i hans 1.ekteskap.Hennes helsøsken var da Haagen, Ole og Pernilla. I sitt 2. ektesk. hadde Z. disse barna: Bereth Peder, Anders, Gabriel, Johanna og Karen.I sitt siste ekteskap hadde han barna Jacob, Maren, Milla og Zacharina.'Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Helge Angell

Eg er samd med Leif (26). I 1801 bur Anders Pedersen og Maren Sakariasdtr i Meløysund. Familien har ein tenestedreng, Anders Sakariassen, 14 år. Kan han vera bror til Maren? Denne Anders finn vi att i innrulleringa 1809 hos Ole Benjaminsen på Enga. Han er 21 år og født i Rana. Finst det aktuelle sysken Maren og Anders, barn av ein Sakarias, i Rana? I skifteregistra finst det berre i den familien Leif viser til ovanfor. Alderen på sonen, Anders, er heilt i samsvar med alderen på den Anders Sakariassen som er tenestedreng hos Anders Pedersen og Maren Sakariasdtr i 1801. Det finst ingen andre Anders Sakariassen i folketellinga 1801 og innrulleringa 1809 i Meløy.Det er også slik at når det gjeld barna til Sakarias Jonsen og Maren Andersdtr, finst alle barna i Rana i folketellinga 1801 unntatt dei to Maren og Anders. Eg synest det viser med ganske stor sjanse at vi har identifisert den rette Maren Sakariasdtr.Dessutan er det lett å vise at vi kan utelukka dotter til Sakarias Pedersen som det var skifte etter i 1803 (jf. førre innlegget). I skiftet etter Sakarias står det at han har ei dotter, Marit (!), som er gift i/på 'Meløen'. Det kan vel tyde på at det er tale om garden og ikkje soknet. Det finst ei Marit Sakariasdtr som er gift og tenestejente på Meløy gard i 1801. Det står ikkje kven ho er gift med. Denne Marit er 44 år. Kan det vera Sakarias Pedersen si dotter? Ved skiftet etter fyrste kona til Sakarias, Berit Hågensdtr, i 1777, er det ei dotter Marit som er 18 år. 24 år seinare, i 1801, bør ho vera om lag 42 år og i alle høve ikkje 30 år som er den oppgitte alderen på kona til Anders Pedersen Meløysundet i 1801. Vi ser at opplysningane i skiftet etter fyrste kona til Sakarias Pedersen, i folketellinga for Meløy 1801 og i skiftet etter Sakarias i 1803 i stor grad samsvarer med kvarandre med det utgangspunktet eg har valt. På dette grunnlaget kan vi avvise Mariann Stokken sin hypotese i det førre innlegget.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne Lise Hovdal

Jeg har Zacharias Pedersen Rausandaksla som en av mine aner, og i sine 3 ekteskap hadde han ingen datter Maren Maria født i 1767 eller ellers. Så han kan iallefall utelukkes som far til henne. Den eneste datteren Maren han hadde levde fra 1791 til 1796.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne Lise Hovdal

I bygdebok for Rana side 450 står det om Maren Zachariasdatter fra Aanes, og det står bare at hun var født i 1767. Hennes far var Sakarias(Zacharias) Jonsa fra Røssvoll født 1739 og død 10.03.1802, og moren var Maren Andersdatter Ånes døpt 02.05.1749. Hvis en er sikker på at dette er riktig Maren, så er det sikkert mulig å komme videre bakover i bygdeboka. Hun kan godt være døpt Maren Maria, selv om det står bare Maren i bygdeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Tusen,tusen takk for hjelp til oppklaring av dette!!Dette var _IKKJE_ min hypotese!Eg har ikkje skifter, ikkje bygdebøker og lite kjennskap til kva krk.bøker eg skal leita i, så hypotesen har eg fått frå ein slektning, som eg antar har skrive av frå boka om Per-Andersa, men eg veit ikkje.Eg er iallfall takksam til dykk som har løyst dette :-)))Men kva dato vart jenta døypt? Eg har Bauer, men eg likar betre Dage, dei har dei latinske namna som prestane brukte. Eg ser at ho er døypt Dom 5, men finn ikkje det i Bauer. Dage programmet er borte etter re-installering av datamaskina her i huset, eg finn det ikkje på Embla.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Det høyrest kjent ut(vask og stryk skjorta i siste liten), men det er jo ditt valg om du vil stryka skjorta kl.01 :-)))Tusen takk skal du ha iallfall :-)Ha ein fiin 17.MAI i nystroken skjorte :-)))Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.